Sist oppdatert: 27 januar 2018

Bouvetøya er ei norsk vulkanøy i Sørishavet og reknas som den mest isolerte øya i verda. Om lag 89 % av øya er dekt av is. Bouvetøya er det territoriet i sør vi har mest kunnskap om, og er og ein del av norsk territorium som ikkje er omstridt. Øya har status som naturreservat.

Bouvetøya ligg på 54°25′S, 3°20′A, 2500 kilometer sørvest for Sør-Afrika, 1600 kilometer frå Gough Island og 1700 km nord for kysten av Dronning Maud Land. Øya er ikkje ein del av Antarktis, som er definert som området sør for 60 °S.

Øya har eit areal på berre 49 kvadratkilometer (ca. 10 km lang og 7,5 km bred) og er nesten heilt dekt av is. Bratte klipper på alle sider av øya gjer det ekstremt vanskeleg å gå i land. Olavstoppen er med sine 780 meter over havet det høgste punktet på øya.

Naturreservat

I 1971 ble øya eit naturreservat som i Norge er den strengaste forma for områdevern. Naturreservat blir oppretta på basis av reine naturfaglege tilhøve, og omfattar i hovudsak områder med urørt eller tilnærma urørt natur eller utgjer ein spesiell naturtype og som har særskilt vitskapelig eller pedagogisk betyding eller som skilar seg ut ved sin eigenart.

Opprettinga av Bouvetøya som naturreservat skjedde i ein periode med omfattande etablering av verneområder, heimla i den nyleg fastsette naturvernloven (1970). Også på Svalbard ble det i same periode oppretta fleire verneområder, deriblant to store naturreservat. Med disse etableringane tidleg på 70-tallet vart Noreg det landet med størst avstand mellom sitt sørlegaste og nordlegaste naturreservat.

Naturreservatstatusen på Bouvetøya inneberer at dyrelivet blir freda heile året. Landskapet er òg freda mot tekniske inngrep som vegbygging, oppføring av bygningar og anlegg og anna verksemd som medfører inngrep i terrenget. Det er òg fastsett eige ferdselsregulering for Nyrøysa-området, der CCAMLR-overvakinga finn stad. I dette området vil ein unngå direkte menneskeleg påverknad for å få best mulig overvakingsresultat.

Det er trulig ei rekke årsaker som bidro til etableringa av Bouvetøya som naturreservat. Først og fremst skuldast det nok at denne einsame flekken i havet er ein unik stad med svært særeigen natur. Bouvetøya er toppen av ein vulkan som stikk opp på sørenden av den midt-atlantiske ryggen. 93 prosent av øya er dekka av is. Øya har avgrensa vegetasjon men likevel eit rikt dyreliv. Store koloniar med antarktispelssel og elefantsel pregar øya. Minst tolv fuglearter hekkar på øya, mellom anna dei to pingvinartane ringpingvin og gulltopp-pingvin.

Ein anna viktig grunn var at Bouvetøya er eit norsk landområde utan busetnad med lite muligheit for oppsyn og kontroll. Ved å definera det som eit verneområde fekk øya ein status som sett klare avgrensingar på utnytting og bruk av området, og som dermed krev avgrensa tilsyn. Ein slik status blir også i stor grad akseptert og respektert og avgrensar dermed behovet for tilstedeværelse og kontroll.

Havområda rundt øya

Det er ei aukt interesse og eit potensial for kommersiell utnytting av fiske- og krillressursane i dette området. Dette gjer havområda rundt øya aukt fokus. Norge har bidratt i prosessane kring FNs kontinentalsokkelkommisjon med dokumentasjon for utstrekkinga av kontinentalsokkelen kringt Bouvetøya, eit havområde som dekker 540.000 kvadratkilometer. Ein klar jurisdiksjon i havområda kring Bouvetøya kan gje betre moglegheit til å regulere eventuelt aukt næringsverksemd, også med tanke på å ivareta dei grunnleggande økosystemtenestene.

Forsking og overvaking

Dette havområdet er eit viktig matfat for sel, pingvin og anna sjøfugl som oppheld seg på Bouvetøya og nærliggande områder, og det er viktig å sikre at anna aktivitet ikkje slår beina under systemet. Det er gjort relativt få vitskapelege undersøkingar i havområdene rundt øya og vi har fortsatt for lite kunnskap om korleis området bør forvaltas best mogleg.

Siden midten av 1990-årene har Norsk Polarinstitutt forska og overvakt sel, pingvinar og andre fuglearter på Bouvetøya som ledd i eit internasjonalt program for overvaking av økosystemet under konvensjonen for bevaring av marine levende ressursar i Antarktis (CCAMLR). Denne overvakinga er eit svært viktig bidrag for å forstå økosystemet denne øya er ein del av. Det må enda vurderas nøyare kva verdiar som fins i områda på og rundt øya og identifisere områder som kan vere kritiske for å ivareta økosystemet. Deretter blir det nødvendig å vurdere om det er behov for noko beskyttelsestiltak ut over naturreservatstatusen.

Uansett kva fremtida bringar er Bouvetøya eit av Norges mest unike naturreservat.

Klima

Bouvetøya har eit maritimt antarktisk klima. Vestlige vindar dominerer ved Bouvetøya, men vindstyrken er ikkje spesielt høg. Gjennomsnittstemperaturen ved havnivået ligg rundt -1 °C, med eit månadsgjennomsnitt på kring 1 °C i januar og -3 °C i september. Øya er vanlegvis innhylla i skyer eller tjukk tåke. Ved eit lukketreff opplevde ein norsk ekspedisjon i 1985 heilt skyfrie tilhøve så lenge at dei fekk fotografert heile øya med sikte på seinare kartproduksjon.

Dyreliv og vegetasjon

Vegetasjon

Mose og lav dominerer den beskjedne vegetasjonen på Bouvetøya, sopp og algar finst også.

Dyreliv

Dyrelivet på øya er dominert av sel, pingvinar og andre sjøfugl som hekkar i koloniar. Det finst store koloniar med antarktispelssel på øya, og ein del elefantsel. Minst tolv fuglearter hekker på øya, deriblant de to pingvinartene ringpingvin og gulltopp-pingvin.

Fangst av pelssel vart forbode på Bouvetøya i 1929, og i 1935 vart alle selartane i området erklært freda. Bouvetøya og havområda kring øya fekk status som naturreservat i 1972, noko som sikra fullt vern av det rike og særmerkte plante- og dyrelivet på øya.

tre seler

Ein av pelsselfamiliane på Bouvetøya. Foto: Martin Biuw / Norsk Polarinstitutt

Pelsselkolonien i overvakingsområdet i Nyrøysa auka frå 7 900 individ til heile 65 000 individ mellom 1990 og 1997. Etter dette synes bestanden å ha stabilisert seg, truleg på grunn av mangel på høvelege areal.

I same periode var det ein monaleg nedgang i bestandane i pingvinkoloniane. Spesielt ringpingvinen er utsett. I 1990 blei det registrert høvesvis 2700 og 5900 ring- og gulltopp-pingvin. I 1997 var dei redusert til 422 og 4700. Også her synest det å være mindre endringar etter 2000.

Endringane i pingvinbestandane heng truleg saman med den store auken i pelsselbestanden; selen har teke over territorium frå pingvinane. Det blir fleire pelssel i heile Antarktis, og bestanden ser ut til å ha kome seg etter at det blei slutt på fangst av arten.

Fleire av dei raudlista artane som inngår i ACAP-avtalen (Agreement on the Conservation of Albatrosses and Petrels) finst rundt Bouvetøya. Berre éin av dei, kjempestormfugl (Macronectes geganteus), er registrert hekkande på øya.

Historie

Bouvetøya ble oppdaga allereie i 1739 av den franske oppdagingsreisande Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier som trudde at øya var ein del av Terra Australis Incognita (det ukjente landet i sør),  noko som blei motbevist av James Cook i 1773. I hundreåra etter den første oppdaginga blei øya kun sporadisk observert. Ingen gjorde formelt krav på øya før den første Norvegia-ekspedisjonen, under kaptein Harald Horntvedts leiing, gjekk i land og annekterte øya 1. desember 1927. Bouvetøya fekk status som biland i januar 1928. Til liks med både Dronning Maud Land og Peter I Øy i Antarktis blei Bouvetøya annektert av omsyn til kvalfangsten.

Geologi

Bouvetøya er ei vulkanøy, ca. 10 km lang og 7,5 km bred, og med ein 2 × 3 km stor kaldera (vulkansk krater) i den nordvestlege delen av øya. Høgste punkt er Olavtoppen med 780 moh. Det meste av øya, ca. 89 %, er dekka av is.

Blotninger av fast fjell finst langs kysten og i fjellveggene rett over brenningssona. I nord og vest er dei blottlagde veggene opp til 500 m høye. Det er her det meste av brenningserosjonen går føre seg grunna dei permanente vestlege vindane. Det òg er grunnen for den asymmetriske forma til vulkanøya; vulkankjegla er berre bevart i syd og øst.

Vulkanøya ligg på den sørlegaste delen av den midtatlantiske ryggen og er lokalisert like aust for Bouvet-treriftspunktet (triple junction) – eit punkt der tre oseaniske riftsystemer møtest. Øya utgjer toppen av ein undersjøisk vulkan. Dei eldste undersjøiske bergartane er omlag 4,5–5 millionar år gamal, medan dei eldste bergartene over havnivå er datert til omkring 1,4 million år gamle.

Bouvetøya har ein todelt stratigrafi. Den eldste og nedre formasjonen består hovudsakeleg av ulike typar pyroklastiske bergartar som mest sannsynleg er danna som submarin hyaloklastitt. Den yngste og øvre formasjonen består av lava, samt mindre mengder vulkanoklastiske avsetninger. Dei vulkanske bergartane har i hovudsak basaltisk samansetting, dei yngste lavastraumane har rhyolittisk samansetting. Kapp Valdivia består av ein yngre rhyolittisk lava dome.

I dag er den vulkanske aktiviteten avgrensa til fumaroler som opptrer mange stadar på nord- og nordvestkysten som ligg nærmest kalderaen. Det finst ingen historiske forteljingar om vulkanutbrott. Nyrøysa, ei kystslette nordvest på øya, blei til mellom åra 1955–1958. Bergartane som dannar Nyrøysa er 0,4–0,5 millionar år gamle, og ein antar at plattforma er danna som eit resultat av ras. Det finst historiske observasjonar av andre øyer i nærleiken av Bouvetøya, som Lindsay- og Thompsonøya. Den siste antas å være øydelagt av en vulkansk eksplosjon i 1895.

kart over Bouvetøya

Bouvetøya i Sørishavet.
Kart: Norsk Polarinstitutt

  • 1739

     

    Bouvetøya oppdaga

  • 1928

     

    Norsk anneksjon

  • 1930

     

    Status som norsk biland

  • 1935

     

    Alle selartane freda

  • 1971

     

    Status som naturreservat