Sammendrag av krav og føresegner for aktivitet i Antarktis

For å verne miljøet og bevare villmarkskarakteren og dei estetiske verdiane til Antarktis skal alle aktivitetar og alt besøk skje i samsvar med føresegnene i forskrift om miljøvern og sikkerhet i Antarktis (Antarktisforskrifta). Aktivitetar må òg gjennomførast i tråd med Antarktistraktaten (1959), den tilhøyrande protokollen om miljøvern (1991) og vedtak som landa under Antarktistraktaten har gjort. Antarktisforskrifta er kort og grei. Nedanfor oppsummerer vi kva krav som blir stilte til dei som planlegg ein aktivitet i Antarktis.

Krav om melding om planlagd aktivitet

Alle som planlegg aktivitet i Antarktis, må så tidleg som mogleg sende melding til Norsk Polarinstitutt, seinast eitt år før oppstart.

Alle meldingar – både meldingar som gjeld forskingsaktivitet, og meldingar som gjeld private aktivitetar – skal innehalde følgjande:

  • Informasjon om kven som er ansvarleg for aktiviteten, kvar og når han er planlagd å skje, kva som er formålet, osv.
  • Vurdering av moglege miljøeffektar (sjå eige avsnitt nedanfor)
  • Beskriving av kva forholdsreglar ein må ta for å avgrense eventuell skadeleg verknad av aktiviteten
  • Beredskapsplanar og ‑ordningar for å vareta tryggleik for liv og helse, for søk og redning, for medisinsk behandling og for evakuering
  • Forsikring eller annan garanti som dekkjer utgifter i samband med søk, redningsaksjon eller sjuketransport

For meir omfattande aktivitetar som involverer fartøy, køyretøy, transport eller lagring av drivstoff o.a., eller som på andre måtar kan føre til akutt forureining, gjeld visse tilleggskrav som pålegg den ansvarlege å ha:

  • nødvendig utstyr og kompetanse og beredskapsplanar for å kunne handtere akutt forureining i Antarktis
  • forsikring eller annan garanti for det økonomiske ansvaret ein kan bli pålagd dersom aktiviteten har ført til akutt forureining

Utforming av meldinga

Vi rår dei som planlegg aktivitet i eller besøk til Antarktis, til å kontakte Norsk Polarinstitutt for å få nærmare rettleiing om meldeplikta.

Skjemaet til Norsk Polarinstitutt kan brukast til å sende inn melding, uansett kva type aktivitet det er snakk om. Dersom skjemaet blir for lite til å beskrive ekspedisjonen, kan det brukast som rettleiing for innhaldet i meldinga.

Skjema for melding av aktivitet i Antarktis:

Bokmål: ODT PDF

Nynorsk: ODT PDF

For aktivitetar som ikkje passar til å meldast inn med skjemaet, må ein lage ei eiga melding og ei konsekvensvurdering. I slike tilfelle bør dei ansvarlege kontakte Norsk Polarinstitutt på førehand for å få nærmare rettleiing.

Det er ikkje krav om melding for:

  • å delta i ekspedisjon som er organisert ut frå eit anna land, og som har fått nødvendige løyve frå dette landet
  • å delta i organisert cruise eller anna arrangement der turoperatøren melder inn aktiviteten på vegner av deltakarane og opptrer som aktivitetsansvarleg

Deltakaren er ansvarleg for å sjekke at dei nødvendige løyva for aktiviteten ligg føre, og for å sjekke at han/ho er dekt av desse løyva.

Krav om miljøkonsekvensvurdering

Alle meldingar må innehalde ei foreløpig vurdering av konsekvensane for miljøet (foreløpig konsekvensvurdering) for å sikre at aktiviteten blir planlagd og gjennomført med minst mogleg påverknad på miljøet i Antarktis.

  • Ved mindre omfattande aktivitetar som ski-, klatre- og segleekspedisjonar må ein normalt berre fylle ut meldingsskjemaet for å oppfylle krava om foreløpig konsekvensvurdering.
  • Større/tyngre aktivitetar krev ei meir utfyllande foreløpig konsekvensvurdering. I slike tilfelle kan Norsk Polarinstitutt rettleie.
  • Aktivitetar som kan gi meir enn svært liten eller kortvarig verknad på miljøet, krev ei meir fullstendig vurdering (fullstendig konsekvensvurdering).

Ta kontakt med Polarinstituttet dersom du ønskjer utfyllande informasjon.

Krav om beredskapsplanar og forsikring for betre tryggleik for liv og helse

Den som planlegg aktivitet i eller besøk til Antarktis, må kunne dokumentere at det finst gode nok beredskapsplanar og ‑ordningar. Planane må dekkje desse områda:

  • Helse og tryggleik. Planane bør basere seg på ein risikoanalyse av moglege scenario.
  • Søk og redning (SAR), inkludert evakuering ut av Antarktis. SAR-planen må beskrivast i detalj i aktivitetsmeldinga.
  • Medisinsk behandling og evakuering, inkludert evakuering ut av Antarktis. Planane bør basere seg på ein risikoanalyse av moglege scenario.

Dersom slike planar på nokon måte krev støtte frå andre, skal det visast fram signerte avtalar om det.

Når det gjeld aktivitet på sjøen (frå skip/båt), er det ikkje nok å basere seg på annan tilfeldig trafikk i området. Alle fartøy må følgje International Maritime Organization (IMO) sine retningslinjer for beredskap for fartøy som er langt frå offisielle søk- og redningssenter. (Lenkje inn her)

Forsikring

Den som er ansvarleg for aktiviteten, må sørgje for å ha god nok forsikring eller stille likeverdig garanti for alle typar utgifter som andre får i samband med søk, redningsaksjonar eller sjuketransportar som må gjennomførast i tilknyting til aktiviteten. Norsk Polarinstitutt fastset forsikringssummen ut frå informasjon og detaljar om den enkelte aktiviteten.

Ved aktivitetar som berre går for seg i sjø, seier avtalar og regelverk som gjeld til havs (lov om sjøfarten § 135 og konvensjon om ettersøking og redning til sjøs) at alle skip har plikt til å yte nødvendig hjelp til den som er i havsnød eller er trua av fare til sjøs, og at det derfor ikkje er normalt å skrive ut søk- og redningsforsikring for sjøbasert aktivitet.

Forsikringa som krevst for søk, redning og sjuketransport, skal i desse tilfella dekkje utgifter til søk og redning som blir sett i verk i samband med opphald/aktivitet på land, og eventuelle utgifter som andre blir påført i samband med sjuketransport som kan utløysast både under seglturar og ved landbasert aktivitet.

Norsk Polarinstitutt har utarbeidd ein eigen rettleiar knytt til forsikringsplikta for søk, redning og sjuketransport. Denne rår vi alle til å bruke når aktiviteten skal planleggjast.

Skjema for forsikring i Antarktis:

Bokmål: PDF ODT

Nynorsk: PDF ODT

Den internasjonale turoperatørorganisasjonen i Antarktis (IAATO) har medlemsorganisasjonar som kan gi private ekspedisjonar råd og hjelp med tanke på beredskap, utstyr o.a.

For sjøbasert aktivitet

Landa under Antarktistraktaten har saman utarbeidd ei sjekkliste for dei som planlegg ekspedisjonar med fritidsfartøy. Denne sjekklista finn du her: http://ats.aq/documents/ATCM35/ww/atcm35_ww005_e.pdf

Her kan du òg finne nyttig informasjon frå private reiseoperatørar:

For ekspedisjonar på land

Erfaring og utstyr

Dei som planlegg aktivitet i eller besøk til Antarktis, må òg kunne dokumentere følgjande, gjerne som del av meldinga:

  • Deltakarane skal kunne vise til god nok erfaring med operasjonar i polare område (eller tilsvarande). Erfaringa må vere relevant for den aktuelle aktiviteten og kan t.d. vere
    • overlevingskurs for kalde/fjerne område
    • flyging
    • segling
    • bruk av andre framkomstmiddel over tilsvarande avstandar
  • Alt utstyr, inklusive klede, kommunikasjonsutstyr, navigasjonsutstyr, førstehjelpsutstyr og logistikkutstyr, skal vere i god stand. Ekspedisjonen skal ha nok reservedelar. Utstyret må fungere effektivt under forhold som i Antarktis.
  • Alle deltakarane skal kunne bruke utstyret.
  • Alle deltakarane skal vere medisinsk, fysisk og psykisk i stand til å gjennomføre aktiviteten i Antarktis.
  • Minst éin deltakar må kunne avansert førstehjelp. Så lenge aktiviteten varer, skal det alltid vere nok førstehjelpsutstyr tilgjengeleg.

Krav om beredskapsplanar og forsikring for akutt forureining

Dersom aktiviteten som blir planlagd, er av eit slikt omfang eller ein slik art at han, dersom det oppstår ei ulykke, kan føre til stor og skadeleg innverknad på miljøet i Antarktis (akutt forureining), må ein ha nødvendig utstyr, kompetanse og beredskapsplanar for å handtere det. I tillegg må ein ha forsikring som dekkjer kostnadene i samband med tiltak ved akutt forureining.

Beredskapsplanane skal leggjast ved meldinga og skal mellom anna innehalde:

  • rutinar for varsling av akutt forureining
  • rutinar for å vurdere omfanget av akutt forureining og planar for mottiltak
  • oversikt over tilgjengelege ressursar og korleis desse kan mobiliserast
  • rutinar for dokumentasjon og opplæring


I mange tilfelle har den aktivitetsansvarlege, til dømes ein cruiseoperatør, beredskapsplanar allereie. Då er det nok å leggje fram dei eksisterande planane og dokumenta.

Den aktivitetsansvarlige må ha forsikring, eller så må han stille ein annan garanti for det erstatningsansvaret ein kan dra på seg dersom aktiviteten har forårsaka akutt forureining og det ikkje blei sett inn tiltak for å motverke forureininga.

Kapittel 7 i forskrifta regulerer ansvar ved akutt forureining og krev ei tiltaksplikt for å motverke akutt miljøskade når dette, eller fare for dette, har oppstått i samanheng med aktiviteten. Dersom det ikkje blir sett inn tiltak, vil ein kunne bli økonomisk ansvarleg.

Forsikringsdekninga/erstatningsbeløpet har eit øvre tak som er nedfelt i forskrifta § 31, og som varierer etter kva kategori aktiviteten høyrer til.

Mange operatørar har alt ei ansvarsforsikring knytt til verksemda si som tilfredsstiller dette forsikringskravet. Særleg gjeld det skipsbaserte operatørar. Då er det nok å vise fram dokumentasjon på eksisterande forsikringsordningar.

Vi tilrår å ta kontakt med Norsk Polarinstitutt for å få meir rettleiing dersom aktiviteten er av ein slik art at han kan medføre akutt forureining. 

Verneområde og retningslinjer for spesifikke stader

Reisande til Antarktis pliktar å gjere seg kjende med spesielt verneverdige område, kulturminne eller historiske stader og følgje reglane som gjeld for det enkelte området.

Dersom ein skal gå inn i eller engasjere seg i aktivitet innanfor spesielle verneområde (Antarctic Specially Protected Areas – ASPA), må ein ha særskilt løyve frå Norsk Polarinstitutt. Løyvet vil innehalde vilkåra for opphaldet. Innehavaren av løyet pliktar å alltid ha med seg ein kopi av løyvet under opphaldet i verneområdet.

Den som skal inn i eit spesielt forvaltingsområde (Antarctic Specially Managed Areas – ASMA), må rette seg etter dei vedtekne reglane for området. Desse finst i eigne forvaltingsplanar, som Norsk Polarinstitutt kan skaffe.

Det er forbode å skade, fjerne eller øydeleggje historiske stader og kulturminne (Historic Sites and Monuments – HSM) som er registrerte i samsvar med Antarktistraktaten.

Partane til Antarktistraktaten har vedteke eit sett med retningslinjer for besøk til utvalde lokalitetar i Antarktis. Den som planlegg å besøkje ein slik lokalitet, må stadfeste at han er kjend med retningslinjene for lokaliteten, og at han vil respektere dei.

Brot på Antarktisforskrifta kan straffast med bøter, fengsel i inntil eitt år eller begge delar. Norsk Polarinstitutt som utøvande miljømyndigheit i Antarktis melder alle regelbrot vi blir gjorde kjende med.

Gjeldande oversikter over områder og stader:

Avfall

Antarktisforskrifta krev at alle fraktar avfall ut av Antarktis etter at aktiviteten er avslutta. Det er totalforbod mot å etterlate avfall i Antarktis.

Norsk Polarinstitutt kan likevel gi dispensasjon dersom det dreier seg om svært små mengder avfall med avgrensa miljøpåverknad, til dømes kloakkavfall på mindre skiekspedisjonar. Det krev særskilt løyve.

Ein kan brenne avfall dersom ein gjer det i ein spesielt tilpassa forbrenningsomn utan miljøskadelege utslepp, men det må dokumenterast særskilt. Dersom avfall skal lagrast og hentast seinare, stiller det særleg strenge krav til oppbevaringa, slik at kvart utslepp eller kvar spreiing til miljøet blir hindra.

For avfall frå fritidsfartøy og skip gjeld forskrift 30. mai 2012 nr. 488 om miljømessig sikkerhet for skip og flyttbare innretninger.

Vern av flora og fauna

Floraen og faunaen i Antarktis er svært sårbar og er derfor freda. Det vil seie at det er forbode å samle inn eller på annan måte forårsake skadeleg påverknad på plantar og dyr.

Skadeleg påverknad på plantar og dyr kan mellom anna omfatte:

  • helikopter eller andre luftfartøy som flyg eller landar på ein måte som forstyrrar konsentrasjonar av fugl og sel
  • bruk av køyretøy eller skip, inkludert luftputefartøy og mindre båtar, på ein slik måte at det forstyrrar konsentrasjonar av fugl og sel
  • bruk av sprengstoff eller våpen på ein slik måte at det forstyrrar fugl og sel
  • bevisst forstyrring av hekkande eller fjørfellande fuglar eller konsentrasjonar av fugl og sel som følgje av personar som ferdast til fots
  • vesentleg skade på konsentrasjonar av naturleg førekommande landplantar som følgje av landing med luftfartøy, køyring med køyretøy eller trakking, eller på annan måte
  • all verksemd som resulterer i ei vesentleg skadeleg endring av habitata til alle artar eller bestandar av naturleg førekommande sjøpattedyr, fuglar, plantar eller virvellause dyr

Det blir opna for innsamling og fangst til forskingsformål, men då må ein søkje Polarinstituttet om særskilt løyve.

Vidare forbyr forskrifta innførsel av plante- og dyreartar. Det omfattar òg hundar.

Sluttrapport

Eit av vilkåra for å drive aktivitet i Antarktis er at det blir levert ein sluttrapport. Det er nedfelt i Antarktisforskrifta. Sluttrapporten skal bidra til at Norsk Polarinstitutt får kunnskap om eventuelle avvik eller hendingar og erfaringar frå dei ulike ekspedisjonane. Sluttrapporten er òg med på å bidra til at Noreg gjer pliktene sine etter Antarktistraktaten ved å halde oversikt over aktiviteten som blir gjennomført i Antarktis.

Det finst eit eige skjema for sluttrapportering:

Bokmål: PDF ODT

Nynorsk: PDF ODT