Antarktistraktaten

Antarktistraktaten, ein eineståande og uvanleg internasjonal avtale, trådde i kraft 23. juni 1961 og legg dei juridiske rammene for aktivitet i området sør for 60 °S. Traktaten legg rammene for forvaltinga av eit kontinent ingen nasjon eig, men som eit stort antal nasjonar har aktive interesser i.

Samarbeidet innafor rammene av traktaten har vore vellukka. Det har skjerma Antarktis frå endringer i ein periode då det internasjonale politiske klimaet til tider har vore ustabilt, det har bana vegen for eit eineståande internasjonalt vitskapeleg samarbeid, og det har lagt grunnlaget for eit globalt samarbeid for å verje eit sårbart miljø.

Suverenitetsspørsmål og føresetnader

Kart over Antarktis

Kart: Norsk Polarinstitutt

Ved slutten av 2. verdskrig var det sju statar som gjorde suverenitetskrav gjeldande i Antarktis: Argentina, Australia, Chile, Frankrike, New Zealand, Noreg og Storbritannia.

Idéen om ei internasjonal løysing på suverenitetsspørsmålet i Antarktis vart sett fram ved fleire høve etter krigen, men fekk lita støtte. Korkje forslaga om å etablere eit fellesstyrt område eller å setje området under FN-styre fekk gjennomslag. Det åpenbare potensialet for konfliktar som låg i dei ulike (til dels motstridande) suverenitetskrava gjorde det imidlertid naudsynt å få avklart dette spørsmålet.

Vitskap og samarbeid

Etter andre verdskrig ble det større fokus på vitskapelig aktivitet og den internasjonale komiteen for forsking i Antarktis – Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) – blei etablert. Det vellukka internasjonale forskingssamarbeidet i Antarktis førte til fullføringa av Antarktistraktaten i 1959.

Då traktaten ble forhandla sto ikkje miljøvern på dagsordenen for de 12 signatarmaktene som utarbeidet traktaten. Etter kvart har miljø blitt et stadig viktigare tema i det internasjonale samarbeid.

Hovudpunkta i traktaten

Traktaten trådde i kraft 23. juni 1961, og legg dei juridiske rammene for aktivitet i området sør for 60 °S. Hovudpunkta i traktaten er som følger (romertall viser til korresponderande artiklar i traktat-teksten):

  • Antarktis kan berre verte utnytta til fredlege føremål. All militær aktivitet er forbode, sjølv om bruken av militært personell eller utstyr for vitskapelege undersøkinger eller anna fredleg aktivitet er tillate (I)
  • Fridomen til å drive forskingsaktivitet i Antarktis er eit grunnprinsipp i traktaten (II)
  • Internasjonalt samarbeid om vitskapelege undersøkinger skal fremjast gjennom utveksling av planar om framtidige forskingsprogram, utveksling av vitskapeleg personell og utveksling av vitskapelege observasjonar og resultat (III)
  • Så lenge traktaten gjeld vert alle territorielle krav sette til sides, og ingen nye krav eller krav om utviding av eksisterande krav kan verte fremde. Korkje traktaten sjølv eller aktivitet i den perioden traktaten gjeld skal gje grunnlag for nye territorielle krav, støtte eller svekke noverande krav eller gje grunnlag for krav om suverenitet (IV)
  • Kjernefysiske detonasjonar eller lagring av radioaktivt avfall er forbode i Antarktis (V)
  • Alle stasjonar og alt utstyr kan verte inspisert av observatørar utpeikte av ein eller fleire traktatunderskrivarar (VII)

Jamfør artikkel XII åpnar Antarktistraktaten for at det vert gjennomført ein konferanse for å evaluere traktaten. Ein slik konferanse kan verte gjennomført etter ynskje frå ein eller fleire signaturstatar så snart traktaten har vore i funksjon i 30 år (dvs. etter 23. juni 1991). Alle statar som måtte ynskje det (med andre ord ikkje berre signaturstatar) kan delta på denne konferansen. Per i dag er det ingen nasjonar som har uttrykt ynskje om å få arrangert ein slik konferanse, og det er heller ingen som har indikert noke ynskje om å trekkje seg frå traktaten.

Traktatpartar

Einkvar nasjon som er medlem av dei Sameinte Nasjonane (FN) kan tiltre Antarktistraktaten. Traktaten skil mellom konsultative og ikkje-konsultative partar. Ikkje-konsultative partar kan få status som konsultative dersom dei etter å ha slutta seg til traktaten demonstrerer si interesse for Antarktis ved å utføre omfattande vitskapeleg aktivitet der.

Differensieringa vart innført for å sikre at avgjerder som kan ha vidtrekkande implikasjonar for framtida til kontinentet vert teke av nasjonar som har ein interesse for og direkte kunnskap om Antarktis. I praksis har skilnaden lite å seie ettersom alle avgjerder er samrøystes. Dette sikrer at eitkvart velfundert forslag vert nøye vurdert.

Traktaten har pr. 2016 29 konsultative partar og 24 ikkje-konsultative partar.