Polare stadnamn

Norsk Polarinstitutt er det offisielle organet for vedtak om stadnamn i norske polarområde. Nærmare bestemt Svalbard (inkludert Bjørnøya) og Jan Mayen med nære havområde, og likeins i sør: Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy med nære havområde.

Det er namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt som vedtek stadnamn. Alle norske stadnamn i Arktis og Antarktis er samla i ein åpen database.

Finn stadnamn

eller gå til stadnamn-tjenesten

 

Om stadnamna i dei norske polarområda

Norsk Polarinstitutt lanserte i 2011 ein åpen nett-tjeneste for alle norske stadnamn i Arktis og Antarktis.

Stadnamna i dei norske polarområda har nynorsk språkdrakt. Det heiter til dømes «Skuggefjellet», og skrivemåten skal vera slik også i bokmålstekstar. Nærmare opplysningar om namnehistoria på Svalbard finst i boka «The Place Names of Svalbard» frå 2003 (Norsk Polarinstitutts rapportserie, nr. 122).

Antarktistraktaten slår fast at ingen nasjonar eig Antarktis, men mange land deltek i det vitskaplege samarbeidet i Antarktis. Dette samarbeidet omfattar også namnesaker med komiteen Standing Committee on Antarctic Geographic Information. Stadnamna i Dronning Maud Land / Antarktis er derfor både nasjonale og internasjonale. For eksempel: Når British Antarctic Survey trykker kart som omfattar Dronning Maud Land (altså «norsk sektor»), skriv dei «Kronprins Olav Kyst» og «Maudheimvidda». Same praksisen er avtalt mellom fleire av dei aktuelle nasjonale organa: Stadnamna vert ikkje oversette.

Namnekomiteen

Namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt består av:

Komiteen har to til fire møte per år, etter behov.

Komiteen kan kontaktast på eller på telefon 77 75 05 00.