Fjelljoen er den minste og slankaste av joane. Han har ei grasiøs og lett flukt som kan minne om ei terne. Fjelljoen har ei cirkumpolar utbreiing i arktiske og subarktiske område og finst mellom anna i dei nordlege delane av Skandinavia.

Innhold

Artsbeskrivelse

Fjelljoen er den minste og slankaste av joane. Han har ei grasiøs og lett flukt som kan minne om ei terne.

Fjelljoen er umiskjenneleg i sommardrakt på grunn av dei ekstremt lange midtre stjertfjørene. Drakta hos fjelljoen varierer mindre enn hos tjuvjoen – ho liknar den lyse varianten av tjuvjo, men brystbandet manglar, og hetta er svartare. Undersida er mørk, men brystet er lyst.

Lytt

Utbredelse

Fjelljoen har ei cirkumpolar utbreiing i arktiske og subarktiske område og finst mellom anna i dei nordlege delane av Skandinavia. Han er ein trekkfugl som passerer kysten av Noreg og andre delar av Vest-Europa på veg til vinterkvartera i dei sørlege delane av Atlanterhavet.

Forvaltning og overvåkning

På Svalbard blir det observert fjelljo kvart år, men det er berre nokre få av han på tundraen langs kysten. Han er ein fåtalig hekkefugl, og bestanden er truleg på 25–50 par. Fuglane blir òg regelmessig observerte i havområda rundt øygruppa, truleg under trekket frå hekkeområda på Aust-Grønland og russisk Arktis.

At fjelljoen ikkje er vanleg på Svalbard, skriv seg truleg frå mangelen på smågnagarar (bortsett frå austmarkmus). På Aust-Grønland, som har om lag det same klimaet som Svalbard, er arten nemleg talrik, for her finst det lemen.