Forskingsstasjonen Troll
Troll er Noregs forskingsstasjon i Antarktis. Det er ein meteorologisk stasjon, ein strålingsstasjon for måling av blant annet UV-stråling, og er ein feltstasjon for glasiologiske, biologiske og fysiske feltprogram. Troll er i drift heile året.
Troll er lokalisert om lag 235 km frå kysten, i Jutulsessen i Dronning Maud Land – eit område som er sentralt for norske forskingsinteresser i Antarktis. Med koordinatane 72° 01´ S, 2° 32´ Ø er forskingsstasjonen Troll plassert på barmark i nunatakområdet Jutulsessen, fullstendig omringa av den mektige antarktiske iskappen 1270 meter over havet. Dette er i motsetning til de fleste andre forskingsstasjonane i Antarktis, som oftast er plassert på snø.
Opphavleg ble Trollstasjonen satt opp av den norske Antarktis-ekspedisjonen av 1989/90, og var med sine 100 kvadratmeter og lette konstruksjon som ein liten sommarstad å regne. Dette gjorde at forskarar bare kunne opphalde seg i området i sørsommaren frå november til februar. Ei anna utfordring med å drive forsking frå Troll har vore transport av folk og utstyr inn til forskingsstasjonen. Opp til 2005 har all transport skjedd først med båt frå Sør-Afrika til iskanten i Antarktis og deretter har folk og utstyr vorte frakta med beltevogner gjennom ein strabasiøs og tidkrevjande rute 235–280 km innover isen, over bresprekker opp ei stigning på totalt nesten 1300 meter før ein endelig kjem fram til stasjonen Troll.
I juni 2003 vedtok Miljøverndepartementet ved minister Børge Brende at Trollstasjonen skulle byggjast ut og vere bemanna heile året. Heilårsstasjonen blei opna i februar 2005 av H.M. Dronning Sonja. Stasjonen kan huse åtte personar i den antarktiske vinteren, og mange fleire om sommaren. I dag er transport til og frå Troll blitt forenkla av flystripa Troll Airfield som vert opna i forbindelse med utvidinga i 2005.
Miljø i fokus
For å oppretthalde verdien av Antarktis som referanseområde og indikator for planetens miljøtilstand er det viktig å sørgje for at aktiviteten i området påverkar miljøet i minst mulig grad. Den opphavlige forskingsstasjonen Troll ble bygd før Antarktistraktatens miljøprotokoll av 1991, men fokus på miljø har nå blitt integrert i all aktivitet. Dette fokuset har blitt styrka og meir formalisert ved utvidinga til heilårsdrift. Eit av miljøtiltaka er å avgrense arealbruken, slik at utviklinga av stasjonen skjer innanfor eit avgrensa område.
Eit anna miljøtiltak er å senke energiforbruket, blant anna slik at ekstra varme ikkje sleppes ut i miljøet, men brukast til å smelte snø og is til drikkevatn og sentralvarmesystemet. Vidare er sjølve stasjonsmodulane energieffektivt konstruert. Minking av avfall er eit anna miljøtiltak, dette nyttas ved innkjøpsplanlegging og gjenbruk. Avfallet sorterast og komprimerast før det fraktast ut av Antarktis. Drivstoff oppbevarast og behandlast på en slik måte at muligheitene for sjølv de minste veskesøl er minimalisert. Det er utstyr og beredskapsplanar for å handtere eventuelle utslipp skulle dei likevel skje. I tillegg til alle disse forhandsreglane gjennomfører instituttet ei grundig overvaking og registreringsarbeid for å fjølge opp målsetjinga om at forskingsstasjonen Troll skal være ein miljømessig pionerstasjon i Antarktis.
Oppgraderinga i 2005
Hovudarbeidet med oppføringa av den nye stasjonen ble avslutta februar 2005 etter eit par hektiske byggemånader. Den ferdige stasjonen er resultat av ein grundig og godt planlagt byggeoperasjon under harde forhold. Arbeidet vart gjennomført av Statsbygg og ved opninga i februar var stasjonen såpass klar at ein kunne satse på å gjennomføre den første overvintringa i den antarktiske vinteren.
Stasjonen er satt saman av modulbyggesett som ble sendt med båt frå Cape Town til iskanten. Totalt 35 standardcontainere og 115 tonn stålfundament, til saman 350 tonn som ble trekt med beltevogner over bresprekker og is inn til stasjonen. Stasjonen skal tåle temperaturer ned til -60 °C og vindhastigheter opp til 60 meter i sekundet.
Det nye bygget er på omtrent 300 kvadratmeter, og dette arealet kommer i tillegg til den gamle stasjonens 100 kvadratmeter, som nå fungerer som lager og lokale for sommerovernatting. Det nye bygget har åtte soverom, trimrom, badstue, et stort kjøkken, kommunikasjonssentral og kontorplasser til rådighet for overvintrerne. Vidare er det satt opp fleire separate bygningar som huser laboratorium, proviantlagre, aggregatanlegg og garasje, i tillegg til ei sikringsbu med rom for åtte personer som er oppført i trygg avstand til basen i tilfelle brann eller andre uhell.
12. februar 2005 blei den oppgraderte forskingsstasjonen Troll offisielt opna av dronning Sonja. Ho kom med Herkules-fly frå Sør-Afrika. Tilstade under opninga av stasjonen var omtrent 60 personar, blant anna dåværende direktør i Norsk Polarinstitutt Olav Orheim, dagens direktør Jan-Gunnar Winther, representantar for den sørafrikanske regjeringa, Stortinget og Utanriksdepartementet, samt den svenske miljøvernministeren Lena Sommerstad.
I februar 2005 byrja de 24 som hadde sette saman stasjonen seg heimover og overlèt avslutning aav byggjearbeidet til dei sju som kom for å overvintre vinteren 2005.
Troll Airfield
For å lette tilkomsten til forskingsstasjonen bygde Norsk Polarinstitutt samtidig med utvidinga av sjølve bygningsmassen ein 3000 meter lang flystripe. Flystripa, som liggjer på blåisen eit par kilometer frå forskingsstasjonen Troll, har fått namnet Troll Airfield. For å få ein jamn flystripe måtte sprekker fyllest med vann, sandlommer fjernes, ujamnskapar og snø skrapes bort. Banen må regelmessig vedlikehaldes med isskraper og snøfresarar, men den dominerande vindretninga frå øst hjelper til med å halde banen snøfritt det meste av året.
Flystripa er sertifisert for flytrafikk av norske myndigheiter, og vil være i drift i den antarktiske sumarsesongen mellom oktober til februar. Personell frå forskingsstasjonen ivaretek sikkerheit og drift av rullebanen. Rullebanen er ein del av Dronning Maud Land Air Network Project, som er et samarbeidsprosjekt mellom elleve nasjonar med aktivitet i Dronning Maud Land. Rullebanen er reservert vitskaplig aktivitet og vil ikkje kunne brukast av kommersielle operatørar. Ferdigstillingen av Troll Airfield betyr at ein nå kan frakte folk og utstyr til og frå forskingsstasjonen raskare, rimeligare og med mindre risiko.
Heilårsdrift
Oppgradering av forskingsstasjonen Troll til heilårsbase og opprettinga av Troll Airfield har gjort Antarktis tilgjengelig på en helt annen måte enn før for norske forskarar og deira internasjonale samarbeidspartnarar. Forskarane kan opphalde seg i område lenger og trekke fleire forskingsdagar ut av den tida ein ekspedisjon er i felt. Utvidingane som har vorte gjennomførde på Troll i 2005 muliggjer ein sterkare deltaking i fleire internasjonale overvakingsprogram og det vil gi Noreg muligheit til økt oppsyn med den sterkt aukande turismen i Dronning Maud Land. Heilårsdrifta gjer aukte muligheitar for oss og våre samarbeidspartnarar til forskingsinnsats innan klimaforsking, glasiologi, studiar av drivhusgassar, luftkvalitet, miljøgifter, UV stråling, meteorologi og ornitologi.
Noreg vil vere tilstade i Antarktis i mykje større grad og med dette styrkes muligheitene for forsking, miljøovervaking og oppsyn med den aukande turismen i Dronning Maud Land. I ein større samanheng vil samspillet av disse faktorane gi Noreg som nasjon aukt autoritet i det politiske arbetet med Antarktis-traktaten og i forvaltninga av miljøet i Dronning Maud Land spesielt og Antarktis generelt.
