Troll – Noregs forskingsstasjon i Antarktis
Troll er Noregs forskingsstasjon i Antarktis. Det blir gjort meteorologiske observasjoner, målinger (UV-stråling) og glasiologisk og biologisk forskning. Stasjonen er i drift heile året.

Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt
Troll er lokalisert om lag 235 km frå kysten, i Jutulsessen i Dronning Maud Land – eit område som er sentralt for norske forskingsinteresser i Antarktis.
Troll er i drift heile året og kan huse åtte personar i den antarktiske vinteren, og mange fleire om sommaren.
Informasjon for dei som planlegger aktivitet på/omkring Troll
Stasjonen skal klare temperaturar ned til -60 °C og vindhastigheter opp til 60 meter i sekundet.
Stasjonsbygninga er på omtrent 300 kvadratmeter og har åtte soverom, trimrom, badstue, et stort kjøkken, kommunikasjonssentral og kontorplassar til rådighet for overvintrerne. Vidare er det satt opp fleire separate bygningar som huser laboratorium, proviantlagre, aggregatanlegg og garasje, i tillegg til ei sikringsbu med rom for åtte personar som er oppført i trygg avstand til basen i tilfelle brann eller andre uhell. Den gamle stasjonen på 100 kvadratmeter fungerar som lager og lokale for sommerovernatting.

Den norske stasjonen Troll sett frå Nonshøgda. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt
Flystripa Troll Airfield

Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt
Transport til og frå Troll blir gjort på den 3000 meter lange flystripa Troll Airfield som liggjer på blåisen eit par kilometer frå forskingsstasjonen. Flystripa er i drift i den antarktiske sumarsesongen (oktober–februar). Rullebanen er reservert vitskapleg aktivitet og kan ikkje brukast av kommersielle operatørar.
Personell frå forskingsstasjonen ivaretek sikkerheit og drift av rullebanen som er del av Dronning Maud Land Air Network Project – eit samarbeidsprosjekt mellom elleve nasjonar med aktivitet i Dronning Maud Land.
Miljø i fokus
Den opphavlige forskingsstasjonen Troll ble bygd før Antarktistraktatens miljøprotokoll av 1991, men fokus på miljø har nå blitt integrert i all aktivitet.
Nokre av miljøtiltaka er
- Avgrensing av arealbruken slik at utviklinga av stasjonen skjer innanfor eit avgrensa område.
- Senking av energiforbruket, blant anna slik at ekstra varme ikkje sleppes ut i miljøet, men brukast til å smelte snø og is til drikkevatn og sentralvarmesystemet.
- Energieffektiv konstruksjon av stasjonsmodulane.
- God innkjøpsplanlegging og gjenbruk gjer mindre avfall.
- Avfallet sorterast og komprimerast før det fraktast ut av Antarktis
- Drivstoff oppbevarast og behandlast på en slik måte at muligheitene for sjølv de minste veskesøl er minimalisert. Det er utstyr og beredskapsplanar for å handtere eventuelle utslipp skulle dei likevel skje.
I tillegg til alle disse forhandsreglane gjennomfører instituttet ei grundig overvaking og registreringsarbeid for å følgje opp målsetjinga om at forskingsstasjonen Troll skal være ein miljømessig pionerstasjon i Antarktis.
Oppgraderinga i 2005

Trollstasjonen blei større etter ombygginga i 2005 og har no eit mannskap som held stasjonen i drift heile året. Foto: Arne O. Bergdal / Norsk Polarinstitutt

Den første landinga med Herkules på Troll Airfield 11. februar 2005. Flystripa gir Noreg og dei andre samarbeidslanda betre moglegheiter for å transportere forsyningar og personell tel og frå forskingsstasjonane i nærleiken. Foto: Arne O. Bergdal / Norsk Polarinstitutt
I juni 2003 vedtok Miljøverndepartementet ved minister Børge Brende at Trollstasjonen skulle byggjast ut og vere bemanna heile året. For å lette tilkomsten til forskingsstasjonen bygde Norsk Polarinstitutt samtidig med utvidinga av sjølve bygningsmassa ei 3000 meter lang flystripe Troll Airfield. Etter ferdigstillinga av Troll Airfield kan ein no frakte folk og utstyr til og frå forskingsstasjonen raskare, rimeligare og med mindre risiko.
Stasjonen er satt saman av modulbyggesett som vart sende med båt frå Cape Town til iskanten. Totalt 35 standardcontainere og 115 tonn stålfundament, til saman 350 tonn som vert trekte med beltevagnar over bresprekker og is inn til stasjonen.
12. februar 2005 blei den oppgraderte forskingsstasjonen Troll offisielt opna av dronning Sonja som kom med Herkules-fly frå Sør-Afrika. Tilstade under opninga av stasjonen var omtrent 60 personar, mellom anna dåværende direktør i Norsk Polarinstitutt Olav Orheim, dagens direktør Jan-Gunnar Winther, representantar for den sørafrikanske regjeringa, Stortinget og Utanriksdepartementet, samt den svenske miljøvernministeren Lena Sommerstad.