Det høgste fjellet på Dei britiske øyane ligg i Skottland, er 1344 meter høgt, og heiter Ben Nevis. Ben, opphaveleg eit gælisk namn, Beinn Nibheis. Kvifor har vi så eit fjell på Svalbard med same namn? Jo, det var sjølvsagt ein skotte som såg det 922 meter høge fjellet i Raudfjorden, klatra opp på toppen av det, og fekk truleg assosiasjonar til fjellet i heimlandet.

Ben Nevis er opphaveleg eit gælisk namn, Beinn Nibheis. Det skotsk-gæliske språket er gamalt, ei blanding av norrønt og gamal engelsk, og høyrer til den keltiske språkgruppa. I dag er det gæliske språket stort sett berre i bruk på Hebridane og enkelte stader nord i Skottland.

Fleire naturrelaterte ord frå gælisk har gått inn i det moderne engelske språket, og eksempel på slike er loch, som betyr innsjø (som Loch Ness), crag som betyr fjellknaus, og altså ben, som betyr fjell.

Kva Nevis/Nibheis betyr er ein ikkje heilt sikker på. Ei forklaring er vondsinna eller giftig, ei anna er samansetning av orda skyer og toppen av hovudskalle. Ben Nevis kallast gjerne for «fjellet med hovudet i skyene».

fjell

Ben Nevis i Skottland.

William Speirs Bruce

Kvifor har vi så eit fjell på Svalbard med same namn? Jo, det var sjølvsagt ein skotte som såg det 922 meter høge fjellet i Raudfjorden, klatra opp på toppen av det, og fekk truleg assosiasjonar til fjellet i heimlandet.

Mann med skjegg, slips og dress

William Speirs Bruce

William Speirs Bruce heitte mannen, han var oseanograf og polarforskar, og deltok på Prins Albert av Monaco sin oseanografiske ekspedisjon til Svalbard i 1899.

Bruce sin interesse for polarområda blei vekt då han som 25-åring fekk bli med på ein kvalfangstekspedisjon til Antarktis. Fire år seinare, i 1896, var han ein av deltakarane på den såkalla Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen til Frans Josefs land, og han var ein av dei som var saman med Jackson då ekspedisjonen møtte Fritjof Nansen og Hjalmar Johansen på Kapp Flora, etter at dei to nordmennene hadde overvintra på øygruppa.

Bruce deltok på alle ekspedisjonane som Albert av Monaco organiserte til Svalbard. I 1906, same år som Gunnar Isachsen hadde sin kartleggingsekspedisjon i samarbeid med fyrsten, hadde Bruce ei tilsvarande utforsking på Prins Karls Forland. Bruce fann kol på øya, og danna saman med sine kollegaer eit selskap med namnet The Scottish Spitsbergen Syndicate Ltd. (forkorta SSS). Selskapet okkuperte fleire store landområde, mellom anna på Prins Karls Forland og nord for Isfjorden på Spitsbergen. Inne i Billefjorden etablerte SSS seg med fleire bygningar og boreutstyr, men det blei ikkje drive kolutvinning her.

Staden fekk namnet Brucebyen. William Bruce var sjølv i Brucebyen i 1920, med skrantande helse, og han døyde året etter. Den norske staten overtok alle eigedommane til SSS i 1952.

Stadsnam frå den skotske etableringa på øygruppa

Det finst mange stadnamn på Svalbard som stammar frå den skotske etableringa på øygruppa tidleg på 1900-talet.

Eksempel på slike, i tillegg til Ben Nevis, er Brucebreen, Phantomodden, Petuniabukta, Jessiefjellet, Scotiafjellet, Campbellryggen, Mathiesondalen.

gammelt tog og skinnespor

Brucebyen. Foto: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt