Norsk namnehistorie på Svalbard begynner med den første norske kartleggings- og utforskingsekspedisjonen i 1906. Ekspedisjonen var finansiert av Prins Albert av Monaco, med kaptein Gunnar Isachsen som leiar. «De Norske Statsunderstøttede Spitsbergen-ekspeditioner» (DNSS) vart etter kvart ei årleg hending, gjennom ein kombinasjon av privat kapital og løyvingar frå Stortinget. Kartleggingsaktiviteten var ei medverkande årsak til at Noreg fekk suverenitet over Svalbard i 1920.

gammelt kart over Svalbard

Svalbardkart frå ca. 1630.

Det eldste stadnamnet vi kjenner til i dei norske polarområda, er Svalbard. Svalbard er nemnt i dei islandske annalane i 1194 og tyder noko slikt som kald kyst eller kald kant. Historikarar har ikkje funne eintydig svar på om namnet verkeleg var mynta på det som vi i dag kallar Svalbard, men mange meiner at vikingane kan ha vore i desse traktene på den tida.

Utover i mellomalderen hadde nordeuropearane ei førestelling om at det låg land nord i havet, at Grønland ikkje var ei øy. Det nordlege havet måtte såleis vera eit innhav med ein havsbotn ein stad nord for Island.

Willem Barentsz med mannskap på to skip var på sin tredje tur nordaustover for å finna sjøvegen til Kina då dei oppdaga først Bjørnøya og så Svalbard i juni 1596.

Historia om korleis Bjørnøya fekk namnet sitt, er skildra i boka «No Man’s Land» av Martin Conway frå 1907. Ein av skipsmannskapet fortel:

– The 12th of June in the morning, wee saw a white beare, which wee rowed after with our boate, thinking to cast a roape about her necke; but when we were neare her, shee  was so great that we durst not doe it.

Vi tek ikkje med heile historia, men framhaldet er i korte trekk sånn: Dei brukte to timar, med fleire slags våpen frå musketerar til hakker og øks før dei til slutt fekk avliva isbjørnen. Skinnet var 12 fot langt, og kjøtet likte dei ikkje … «This island we called the Beare Island.»

fjell i vann

Klovningen har fått mange ulike namn opp gjennom tidene. Foto: O. Ø. Ørvoll / Norsk Polarinstitutt

Dagen etter sigla dei vidare nordover. Dei heldt lengre mot vest enn på tidlegare ferder og dreidde austover då dei møtte iskanten. Etter å ha sigla austover eit stykke på rundt 80 grader nord, møtte dei is og snudde vest-sørvest-over igjen. Dei oppdaga land og søkte ly for isen innanfor Nordvestøyane. Barentsz fortel: «På austsida av fjordopninga var eit berg med ein sprekk, eit veldig godt landemerke.» Han refererer utvilsamt til Klovningen, og området der dei kom inn til land, heiter i dag Barentsgattet.

Barentsz seier: «Landet var for ein stor del oppbrekt, ganske høgt, og bestod berre av fjell og spisse berg; derfor gav vi det namnet Spitsbergen.»

Dei to tremasta jaktene (eller: pinassane) heldt seg langs nordvestkysten av Svalbard fram til slutten av juni. Dei prøvde å sigla gjennom Forlandsundet, men det var for grunt. Dei såg opningane på Isfjorden og Bellsund, men dei gjekk ikkje inn på grunn av all pakkisen. Fjordane blei etter heimkomsten teikna inn på kart som «Groten Inwyck» og «Inwyck».

Nokre få av namna frå denne ekspedisjonen blei ståande framover i den vidare kartleggjinga av Svalbard, og vi finn i dag desse som godkjende

  • Spitsbergen
  • Bear Island – Bjørnøya
  • Vogelhoeck – Fuglehuken
  • Ganzen-Eiland – Gåsholmen
  • Zuidhafen – Sørhamna
hvalrosskoloni

På 1600-talet oppdaga engelskmennene kvalrossen på Bjørnøya. Han viste seg å vera lett å avliva, og gav mykje olje når ein kokte spekket. Etter kvart starta også fleire nasjonar kvalfangst rundt Svalbard. Foto: T. I. Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Det var altså ønsket om å etablera ei ny handelsrute mot aust som førte til oppdaginga av Bjørnøya og Spitsbergen. England og Nederland var europeiske stormakter, begge ville gjerne vera først ute med å finna nye høve til økonomisk ekspansjon. Tidleg på 1600-talet oppdaga engelskmennene kvalrossen på Bjørnøya. Dei erfarte at denne var lett å drepa og gav mykje olje når ein kokte spekket. Etter kvart kom kvalfangsten i gang, og i dei neste hundre åra var mange nasjonar involverte i utnyttinga av ressursane rundt kysten av øyguppa. Stadig fleire område vart oppdaga og namna.

Rundt 1614 kom Jan Mayen med på kart. Stadnamna vi finn frå denne perioden, er knytte til dei kystnære landskapselementa og har ulike typar opphav. Døme på namn (med noverande godkjende namn i parentes)

Posisjonsbeskrivande namn

  • Zuyd Kaap (Sørkapp)
  • Het Noord Ooster Land (Nordaustlandet)

Personnamn

  • Van Muydens haven (Van Muydenbukta)
  • Jan Donker (Donkerholmane)
  • Edges Iland (Edgeøya)
  • Christiansbergen (Spitsbergen)

«Kjenslenamn»

  • Treurenburg Bay (Sorgfjorden)
  • Liefte Bay (Liefdefjorden)
  • Misery Mount (Miseryfjellet)

Namn knytte til religion

  • St. Jans Haven (St. Jonsfjorden)
  • Deyvils Eyland (Djevleøya)
  • Devils Thumb (Djevletommelen)

Landskapsnamn

  • Roode Bay (Raudfjorden)
  • Bel Sound (Bellsund)
  • Steile Hoek (Bratthuken)

Namn knytte til navigasjon

  • Behouden Haven (Trygghamna)
  • Fair Haven (Fair Haven)

Plante- og dyrenamn

  • Salaad berg (Salatberget)
  • Whales Head (Kvalpynten)
  • Horne Sound (Hornsund)

Kartet til Giles og Rep frå 1710.

Rundt år 1700 gjekk kvalfangsten over til å bli pelagisk, og kartet til Giles og Rep frå 1710 markerer slutten på den tidlege fasen med utforsking av den «nye» øygruppa i nord. Det følgde ei stille tid etter kvart som ressursane vart uttømde og fangstnæringa fann seg andre område. Vi hadde ein periode med russisk overvintringsfangst, men pomorane har etterlate seg svært lite skriftleg materiale frå denne tida. Det finst såleis få eller ingen stadnamn i bruk som stammar frå denne perioden. Somme ekspedisjonar hadde rett nok Svalbard som mål, som også gav opphav til nye stadnamn, t.d. Phipps- (1773), Franklin- (1818), og La Recherche-ekspedisjonane (1838 og 1839).

Ekspedisjonstida

Frå 1858 starta det vi kan kalla epoken for dei vitskapelege ekspedisjonane i Svalbard-samanheng. Då begynte for alvor utforskinga av klima, geologi og biologi på øygruppa. Nedanfor har vi lista opp dei fem ekspedisjonsleiarane som truleg innførte flest nye namn på Svalbard i denne perioden (døme i parentes).

  • Adolf Emil Nordenskiöld. Finsk/svensk geolog og mineralog som gav ut fleire kart basert på ekspedisjonar mellom 1858 og 1873. (Gipshuken, Gåsøyene, Lilliehöökfjorden, Dicksonfjorden, Ekmanfjorden, Agardhbukta, Bohemanneset, Heerodden)
  • August Heinrich Peterman, tysk kartograf og geograf. Gav ut to kart og var den første som etablerte og publiserte reglar for namnsetjing. (Kapp Payer, Kapp Weyprecht, Kraussbukta)
  • Sir William Martin Conway, fjellklatrar og utforskar. Var den første til å gje ut kart over innlandet på Svalbard. Var ein sterk talsmann for å gje prioritet til dei eldste stadnamna og for å gruppera namn med innbyrdes samanheng i same området. (Kronebreen, Diademet, Exilfjellet, Kongsvegen)
  • Gerhard De Geer, svensk geolog og topograf. Gav ut kart mellom 1910 og 1923, for det meste over dei sentrale, nordlege og nordaustlege delane av Spitsbergen. Det var han som først delte områda inn i land. Motstandar av å omsetja hovudleddet i namn mellom ulike språk. (Oscar II Land, Dickson Land, Nordenskiöld Land, Paxfjellet, Operafjellet, Lagerlöfhøgda, Bjørnsonfjellet, Valhallfonna, Jämtlandryggen)
  • Gunnar Isachsen, norsk offiser og topograf. Leiar av dei første norske kartleggjings- og utforskingsekspedisjonane frå 1906, gav ut kart over nordlege delen av Spitsbergen i 1915. (Sverrefjellet, Halvdanpiggen, Vekkerøfjellet, Løvenskioldfonna)

Då Noreg fekk suvereniteten over Svalbard, fanst det namnemateriale fra 300 års historie og på 14 ulike språk. Så kan vi kanskje lura på kvifor ikkje Noreg berre kasta alle dei gamle stadnamna og starta med blanke ark når vi hadde fått råderetten over Svalbard? Det har vore ein uskriven regel frå langt tilbake, og i alle verdsdelar, at den som først oppdagar eit ukjent landområde, har førsteretten til å setja namn på dette. Av respekt for dei som hadde reist rundt i desse traktene gjennom hundreåra, måtte altså alt tilgjengeleg namnemateriale innheastes og gjennomgåast for å finne dei eldste formene. I mange tilfelle var namn på ulike kart feil omsett, flytta, fleire objekt hadde fått same namnet, osv. I forordet til «The Placenames of Svalbard» frå 1942, er utfordringa oppsummert sånn:

«Vi hadde ingen modell å jobbe etter. For ikke noe annet land i verden har vært virksomhetsområde for så mange nasjoner, og ingen andre land som har blitt så ofte besøkt og utnyttet har forblitt et ingenmannsland gjennom en så lang periode som Svalbard. Derfor har det ikke vært noen formell myndighet som har tatt vare på stedsnavnene, og de har vokst vilt i mer enn tre århundrer.»

NSIU brukte ti år på å gå gjennom materialet og fem år til på å arbeida fram eit norsk namneverk «frå kaos». Om lag 10 000 stadnamn var til behandling, og ein måtte ta stilling til korleis alle dei utvalde namna skulle tilpassast norsk språkdrakt. Det blei bestemt at NSIU skulle bruka nynorske namn på karta sine. Her er eksempel på ulike former for omsetjing av utanlandske namn:

  • Kongsfjorden (bl.a. Koninks bay, Kings Bay). Her har ein valt å omsetja heile namnet til norsk fordi forstavinga alt var oversett til fleire språk.
  • Woodfjorden (Wood Bay). Her var forstavinga ikkje tidlegare omsett men brukt uendra på alle språk, og såleis heller ikkje omsett til norsk.
  • Billefjorden (Klaas Billen-Bay). Døme på personnamn kor ein har behalde etternamnet for å forkorta stadnamnet. Når det gjelder personnamn er elles hovudregelen at personnamnet (etternamnet) står uendra medan det beskrivande etterleddet er omsett til norsk.
  • Astrupneset (Cape Astrup). Den vanlegaste måten å omsetja namn med Cap eller Cape er til dei norske etterledda odde eller nes.
  • Kapp Oetker (Cape Oetker). Somme namn har behalde «kapp-leddet» i front, ev. i etterleddet, som Sørkapp (Zuyd Kaap).
  • Fuglehuken (Vogel hoek). Det vanlege nederlandske ordet for nes/kapp er i nokre tilfelle behalde som den norske forma huk.
  • Thank God Bay. Enkelte namn er uendra fordi dei meir eller mindre ville mista innhaldet sitt ved omsetjing til norsk.

Arbeidet med namneverket resulterte altså i utgjevinga av «The Place-names of Svalbard» i 1942. Boka inneheld ca. 3300 godkjende navn og 6500 ikkje-godkjende. Denne blei følgt opp av eit supplement i 1958 med 1300 namn til, inklusiv ein god del nye namn som NSIU hadde vedteke på område som ikkje tidlegare var namnsette. I 1960 kom «The Place-names of Jan Mayen» ut med 450 godkjende og omtrent like mange ikkje-godkjende.

Svalbard-namnet er svært gammalt. Men det vart ikkje innført som namn på øygruppa før i 1925. Før det var Spitsbergen namnet både på den største øya og på øygruppa. Mellom 1925 og 1969 var Vest-Spitsbergen det offisielle namnet på den største øya, og etter 1969 har vi hatt den namnsetjinga vi kjenner i dag.