…ho er ein effektiv jeger, så ingen småfuglar treng å føla seg trygge, seier fuglforskar.

LITEN, MEN KJAPP På kamerarullen dukkar dette og fleire liknande bilde av nykommaren opp. Den vesle dvergfalken, som er på storleik med ein trost, er kjent for å vera ein lynrask jeger og ekspert til å fanga både små og store fuglar i lufta. Foto: Viltkamera frå Norsk Polarinstitutt

På Svalbards tundra har forskarar plassert ut viltkamera som skal overvaka vegetasjonen og gi innsyn i korleis beitedyra bruker landskapet.

Denne våren vart 19 kamera sett ut ulike stader i Adventdalen ved Longyearbyen. Når forskarane etter end sesong, litt utpå hausten, går gjennom bildematerialet, dukkar det som forventa opp både fuglar og dyr som høyrer heime i Svalbards natur.

FALKEBLIKK Dvergfalken hekkar nok ikkje på Svalbard, trur fuglforskar. Foto: Viltkamera frå Norsk Polarinstitutt

Femte observasjon 

Men innimellom kan bilda by på overraskingar, som i år då masterstudent Anna Caroline Grimsby gjekk gjennom materialet.

Stor var auga då ein dvergfalk, i all sin prakt, pryda fleire av bilda. For dvergfalk er ingen vanleg fugl på Svalbard, i motsetning til på det norske fastlandet der det blir anslått at omkring 2000-6000 par lever spreitt frå kyst til snaufjell.

I følgje den lokale sjeldenhetskomiteen for fuglar er dvergfalken som vart festa til filmen i sommar, det femte funnet av arten på Svalbard, opplyser fuglforskar Hallvard Strøm ved Norsk Polarinstitutt.

– Spennande at arten er observert så langt nord, men det kan nok vera at dvergfalken faktisk er her oftare enn vi trur, dei er både små og raske, og det krev eit trena auge å oppdaga dei, seier han.

MYKJE Å VELJA BLANT På Svalbard yrer det av fuglar i ulike storleikar. Fugleforskar Hallvard Strøm trur dvergfalken livnærer seg på mindre fuglar, som snøspurv, fjæreplytt og alkekonge, medan ho er på Svalbard. På dette bildet er Strøm på feltarbeid på Bjørnøya. Foto: Morten Ekker / Miljødirektoratet

Livsfarleg nykommar

Og sjølv om den vesle fuglen ikkje er større enn ein trost, og tilsynelatande kan sjå uskuldig ut, utgjer den ein livsfare. For dei små fuglane. Dvergfalken blir kjenneteikna med å vera lynrask til å fanga fuglar i lufta, både dei som er mindre og større enn dei sjølv, til dømes heilo og rugde.

På Svalbard må dvergfalken derimot endra kosten.

– Eg vil tru dvergfalken òg der livnærer seg på små fuglar, og det er jo mange av dei på Svalbard, som snøspurv, fjæreplytt og alkekonge, seier Strøm og legg til:

– Dvergfalken er ein effektiv jeger, så ingen småfuglar skal føla seg trygge!

MOGLEG FØDE Fjæreplytten er ein av fugleartene som dvergfalken mogleg siktar seg inn på som føde under opphaldet på Svalbard. Foto: Bjørn Frantzen / NIBIO

Trua av miljøgifter

Men sjølv om dvergfalken er ein frykta jeger i lufta, blir dei òg trua frå ytre hald. Dvergfalken heldt tidlegare på å bli utrydda i Norge fordi folk tok i bruk miljøgifter i landbruket, særleg giftstoffet DDT. Det førte til at eggskallene vart for tynne, og fuglane sleit med å klekka ut ungar. Heldigvis er fleire av dei farlegaste stoffa no forbode, men faren er ikkje over. Nye giftstoff dukkar stadig opp og truar dyrelivet på ulike vis.

Dvergfalken er ikkje den einaste nye arten som har oppsøkt Svalbard dei siste åra. Det har over år mellom anna vore observert nye fuglearter på øyriket, mogleg i takt med varmare klima, som havsule, som du kan lesa om i denne saka i forskning.no

OVERVAKER VEGETASJONEN Viltkamera overvaker vegetasjonen for å gi innsyn i korleis beitedyra bruker landskapet, her er vegetasjonsforskar Virve Ravolainen (til høgre) og forskar Isabell Eischeid på feltarbeid på Svalbard. Foto: Lawrence Hislop / Norsk Polarinstitutt 

Over alle haugar

Men tilbake til dvergfalken på Svalbard. Dvergfalken har ei nordleg utbreiing, ho hekkar frå Island og dei britiske øyane i vest austover gjennom Skandinavia og Baltikum, og gjennom Asia til Nord-Amerika, men ho er altså ein sjeldan art så langt nord som Svalbard.

Så korleis skal det gå med dvergfalken på Svalbard? Fuglen er kjent for å ikkje bruka tid på å bygga eigne reir, og dei finn helst ly i gamle kråkereir. På Svalbard er det verken tre eller kråkereir.

– Førebels er ho berre ein særs sjeldan gjest, og nokon hekking har eg ikkje tru på, seier Strøm. 

Og fuglen er for alt vi veit allereie floge vidare til andre og betre jaktmarknader. 

Masterstudent Anna Caroline Grimsby hjelpte for høvet Norsk Polarinstitutts vegetasjonsøkolog Virve Ravolaien med å automatisert ein tellemetode for reinsdyr, gjess og ryper då ho gjekk gjennom bilda frå viltkamera. Vegetasjonsovervakinga på Svalbard er i regi av både Norsk Polarinstitutt og COAT (Klimaøkologisk Observatorium for Arktisk Tundra). COAT skal dokumentera effektar av klimaendringar på arktiske tundrasystem, og på Svalbard rettar dei seg mot studiar og overvaking av fjellrev, svalbardrype, svalbardrein, gjess og mose-tundra vegetasjon.