– Brit Hofseth bør få ei gate kalla opp etter seg i Tromsø, seier varaordførar Sigrid Bjørnhaug Hammer.

VIL HEIDRA POLARKVINNER  Varaordførar Sigrid Bjørnhaug Hammer (SV) var på besøk i polarbiblioteket i dag for å gjera seg betre kjent med kvinnene i polararkivet. Ein av desse er geologen Brit Hofseth, som er gravlagt i Tromsø. I fjor blei grava hennar verna, og no ønskjer varaordføraren at ei gate skal kallast opp etter polarforskaren som døydde berre 24 år gammal. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

I dag tok varaordføraren i Tromsø turen innom biblioteket ved Norsk Polarinstitutt for å høyra meir om dei få kvinnene i arkivet, dei som for mange er ukjende, men som likevel har sett spor i polarhistoria.

I gulna konvoluttar finst det forteljingar om desse kvinnene, i form av notat og skriftar, bilete, avisutklipp. Ei papirmappe for kvar kvinne. Dei siste åra har ein etter ein av dei teke steget ut i offentlegheita.

KLAR FOR GRØNLAND Brit Hofseth på brua ombord på Polarbjørn saman med den svenske glasiologen Hans W. Ahlmann (t.v.), ein ekspedisjonsdeltakar (ukjent namn) og Nils Johan Rud, sistnemnde er forfattaren av romanen Drivende grensar. Foto: Arneberg / Norsk Polarinstitutt

Gravlagt i Tromsø

Ei av desse kvinnene er geologen og finnmarkingen Brit Hofseth. Ho døydde brått berre 24 år gammal i 1941, under ein forskingsekspedisjon i Troms.

Hofseth skal ha segna om på skipsdekket. Rett før ho døde var ho sprudlande og glad, vart det fortalt, og ho viste ingen teikn til smerter. Dødsfallet kom brått på, og omstenda førte til at ho blei gravlagd ved Tromsø gravlund. Landet var i krig, foreldra og søster budde sørpå. Det kan ha vore praktiske grunnar til at ho vart stedd til kvile i Tromsø, langt frå sin næraste familie.

BRITS MAPPE Biletarkivar Ann Kristin Balto (t.v.) og tidsskriftredaktør Helle Goldman, begge frå polarinstituttet, ser på innhaldet i Brit Hofseth si mappe i polararkivet, saman med Sigrid Bjørnhaug Hammer. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

– Kunne ha vorte ein kvinnepioner i polarforsking

Brit Hofseth rakk sjølv aldri å skaffa eigen familie, og med åra døydde også foreldra og søster hennar. Ho vart heller aldri tante.

Gravminnet, ein naturstein av raud granitt, med den sparsame teksten: Geolog Brit Hofseth (1917-1941), stod ustelt i mange år på gravlunden, inntil steinen blei «oppdaga» av ein polar eldsjel i Tromsø.

Då byrja ballen å rulla. Stadig fleire vart merksam på den ustelte grava, og at den tilhøyrde polarforskaren Hofseth. Litteraturviter Anka Ryall innlemma eit kapittel om geologen i boka si Polare kvinner som kom ut i 2022.

– Viss Brit ikkje hadde gått ut av tida så ung, kunne ho ha vorte ein kvinnepioner i norsk polarforsking. Som geologistudent ved Universitetet i Oslo var ho einaste kvinne på kolet sitt. Ho braut med datidas normative kvinnelighet og var openbert sjølvstendig, ambisiøs, eigenrådig og eventyrlysten, sa Ryall i samband med bokutgivinga.

Det vart skrivne artiklar om Hofseth i nasjonale og lokale avisar og blad, og snakka om henne på radio og i foredrag.  I 2022 vart gravsteinen hennar verna av Tromsø kommune, og i dag er gravminnet stelt og godt vareteke.

NEKROLOG I Brit-mappa i polararkivet er utklipp av dødsannonsen, nekrologar frå aviser, nokre avisnotisar og artiklar, og dessutan boka «Drivende grensar» og minneheftet som vart skrive av Brits kollegaer etter hennar død. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Til teateret

Etter kvart som Hofseth vart meir kjende utanfor polararkivet, vart også polarinstituttet kontakta av engasjerte som ville høyra meir om geologen, mellom anna Hålogaland teater. Og slik enda Brit Hofseth som ein av figurane i suksess-framsyninga «Takk for alt», som gjekk føre seg i haustmørket i 2021 0g 2022 mellom gravsteinane på gravlunden.

Bjørnhaug Hammar såg sjølv teaterframsyninga, og blei begeistra.

– Eg synest Brit verkar sterk. Og så er det trist, ho døydde så ung, og vart urettferdig behandla etter sin død, seier ho.

VERNA Anne Resvoll-Holmsen besøkte grava til Brit Hofseth for første gong i haust. Til dagleg bur ho i Oslo. Mora til Brit blei gift med Annes onkel, Gunnar Holmsen, etter at Brit døde. I 2022 blei gravsteinen verna av Tromsø kommune. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Ville stoppe boka

Bjørnhaug Hammer siktar til boka «Drivende grensar», som vart skrive etter ein forskingsekspedisjon til Aust-Grønland som Hofseth deltok på, som einaste kvinnelege forskar. Ekspedisjonen var i regi Noregs Svalbard- og Ishavsundersøkelser (NSIU), forløparen til Norsk Polarinstitutt. Hofseth var med for å gjera geologiske undersøkingar på Claveringøya. Ombord i skipet som frakta deltakarane var også forfattaren av boka, journalist Nils Johan Rud.

Rud førte i penna ein heftig kjærleiksroman basert på turen, der fleire i reisefølgjet kunne kjennast igjen, blant dei Brit Hofseth.

NÆRVERANDE Bileta av Brit Hofseth formidlar ein intenst nærverande, vital og leiken ung kvinne. Her med hotellstyrar Laura Borgen på Nordpolhotellet i Ny-Ålesund på Svalbard der Hofseth hadde sommarjobb i 1937. Foto: Norsk Polarinstitutt

I boka blir Hofseth omtalt som botanikaren Norunn, men i romanen er denne skikkelsen meir oppteke av å forføra mannlege ekspedisjonsdeltakarar enn å forska. Forskinga blir vigd lite merksemd. Forfattaren byr også på ei rekkje intime og seksualiserte skildringar av Norunn saman med hennar «utvalde».

Romanen blir gitt ut hausten etter Brits død, men boka møter motbør. Fleire av Hofseths støttespelarar prøver å stoppa utgivinga, utan hell.

I eit minneskrift frå kollegaer blir Hofseth hylla av dei mannlege kollegaene sine, blant dei den kjende svenske glasiologen Hans W. Ahlmann som var med på ekspedisjonen til Grønland. Hofseth blir fremja som ein kvinneleg pioner i geologien, ein talentfull ung forskar, ein kjær venn, til og med som eit førebilete. Minneskriftet kan ha hatt som formål å retta opp igjen Hofseths gode namn og rykte etter det som kollegaene nok meinte var Ruds infame karaktermord.

TIL INSPIRASJON Som gave frå polarinstituttet fekk varaordførar Sigrid Bjørnhaug Hammer med seg relevant litteratur, «Polare kvinner», av Anka Ryall. Eit kapittel av boka er spesielt viet Brit Hofseth. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

I mindretal

I ishavsbyen Tromsø er fleire gater oppkalla etter menn, i tillegg til at statuar og minnesteinar heidrar menn som på ulike vis har markert seg i byens historie. Kvinnene er i mindretal.

Av dei rundt 400 gatene i kommunen, er berre seks av dei er oppkalla etter kvinner, medan langt fleire har mannsnamn.

Bjørnhaug Hammer meiner at tida er overmoden for at kvinner kan få vise veg, bokstaveleg talt.

– Eg skal gjera mitt for at me skal få ei gate kalla opp etter Brit Hofseth.

MAPPEARKIVET I gulna konvoluttar finst det forteljingar om folk som har bemerka seg i polarområda, dei fleste menn, og nokre få kvinner.  Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt