Islabben til polarinstituttet vart redninga.

 

KUTTAR IS Forskar Benjamin Lange viste elevane korleis han arbeider med iskjernar i laboratoriumet. Smittevernhensyn, i desse koronatidar, vart halde undervegs i laboratoriet. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

I vekesvis har elevane Noah Valio-Engebø, Sindre Sørbye og Snorre Bergland venta på snø. Ikkje i første omgang for å boltra seg i skibakkane, men for å løysa ei viktig skuleoppgåve om eksos i snø.

KALDE FAKTA Forskar Benjamin Lange og elevane Noah Valio-Engebø, Sindre Sørbye og Snorre Bergland i Torgny Vinjes is- og klimalaboratorium. I laboratoriet blir is og snøprøvar frå både Arktis og Antarktis opparbeidd og analysert. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Berga skuleprosjektet 

Då snøen lét vente på seg i ein så langt uvanleg snøfattig Tromsø-vinter, så det mørkt ut for heile skuleprosjektet. Om få veker skulla resultata leggast fram under skuledelen til konferansen Arctic Frontiers Men i ein by med fleire forskarar som til dagleg jobbar med både snø og is, var det ikkje vanskeleg å finna nødløysingar. 

– Polarinstituttet inviterte oss til å bli med i islaboratoriet, fortel skuleelevane som alle tre går i andre klasse på Forskerlinja ved Kongsbakken vidaregåande skule i Tromsø.

Og inne i det ganske nyåpnede Torgny Vinjes is- og klimalaboratorium i Framsenteret fekk elevane vera med havisforskar Benjamin Lange å arbeida med iskjernar frå havisen i Arktis, og som blir brukt i klimastudiar.

– I islaboratoriet blir is og snøprøvar frå både Arktis og Antarktis opparbeidd og analysert til ulike formål, forklarer Lange.

REGISTRERTE PRØVANE Elev Sindre Sørbye får veileding av forskaren i arbeidet med å registrera iskjerneprøvane. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Iskjernar frå Polhavet  

Temperaturen i laboratoriet blir tilpassa ulike analysar, men typisk arbeidstemperatur er cirka 15 – 20 kuldegrader. Elevane vart kledde med varme klede når dei sette i gang å arbeida i kulda. 

Iskjernane stammar frå havisen i Kongsfjorden ved Ny-Ålesund på Svalbard og Framstredet, havområdet mellom Svalbard og Grønland. 

Då elevane endra oppgåva frå å handla om studiar av lokal snø til å dreia seg om langvegsfarande havis, syntes dei det var greitt, og relevant. Snø syg til seg partiklar, som eksos. Men is har liknande eigenskapar, is kan òg samla opp luftforureining.

– Det er lærarrikt å vera her å sjå korleis forskarane jobbar og høyra dei fortelja kvifor dei gjer dei ulike tinga, fortel elevane.

KLIMAARKIV I iskjerne frå havis kan ein finna informasjon som temperatur, saltholdighet, kjemiske eigenskapar og gassammensetningar, isalgar og mikroplastikk. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Dykkar i isens historie 

Benjamin Lange instruerte elevane korleis dei skulle kutta iskjernane, for deretter å registrera og sortera dei i posar. Seinare skal iskjernane undersøkast nærare i våtlabben, der forskarar arbeider med smelta prøvar frå is og snø, førebu eksperiment og dokumentera analysar knytt til ulike klima- og miljøstudiar.

– Vi skal ta nokon saltholdighetsmålinger av isen, fortel Lange.

Kva kan saltholdighet fortelja om is?

– Saltholdigheten fortel om historikken til isen. Eittårsis, som er is som ikkje har gjennomgått ein sommarperiode, har ein høgare saltholdighet. Isen frå Kongsfjorden som elevane jobbar med er eittårsis. I Framstredet finst det derimot både eittårsis og eldre fleirårsis. Fleirårsis har drevet rundt i Polhavet og «overlevd» minst ein sommar av smelting. Når isen delvis smeltar så blir salta i isen fjerna med smeltevatn, og isen får ein mykje lågare saltholdighet. Når det igjen blir danna is på botnen av fleirårsisen har desse laga høgare saltholdighet, og dermed kan ulike lag i isen fortelja noko om oppveksten av isen.

FRAMSTREDET Ein av iskjernane som elevane arbeidde med er henta i Framstredet, havområdet mellom Svalbard og Grønland. I Framstredet har polarinstituttet målt havistykkelse året rundt sidan 1997. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt 

Gjer innsyn i klimaprosessar 

Frå ein typisk iskjerne frå havis kan ein finna informasjon som temperatur, saltholdighet, kjemiske eigenskapar og gassammensetningar, isalgar og mikroplastikk.

Norsk Polarinstitutt gjer jevnlige målingar av havisen i ulike område i Arktis. I Framstredet har polarinstituttet målt havistykkelse året rundt sidan 1997. Samtidig har ein hatt årlege tokt hit der ein har studert isprøvar frå området. Kombinasjonen av historiske data frå 1990-talet fram til no, altså nesten 30 år med havisdata, utgjer ein unik tidsserie, og kan fortelja om korleis havisen utviklar seg i Polhavet.

Kunnskap om havisen frå Svalbard-traktene er viktige for å få innsyn i dei klimatiske prosessane som føregår i området.

I lys av den globale oppvarminga aukar temperaturen dobbelt så fort i Arktis som i resten av verda. Havisen blir mindre i areal og tynnare, som neste runde har konsekvensar for ei rekke isavhenging artar, alt frå ørsmå isalgar i havet til isbjørn og sjøfuglar.

LEVEOMRÅDE UNDER PRESS Ein storkobbeunge på isen. I løpet av det siste ti-året har det i enkelte år vore total mangel på sjøis i nokon av fjordane på vestsida av Spitsbergen i kasteperiodane, og storkobbane har brukt is som har kalva av frå breane som fødsels- og die-plattform. Men dette må likevel vurderast som ein kortsiktig løysing, sidan breane på Svalbard generelt blir mindre som følgje av global oppvarming. Foto: Kit M. Kovacs & Christian Lydersen / Norsk Polarinstitutt 

Smelta for klimaforskinga ? 

Dei tre skuleelevane synest at dei så langt har lært mykje av å arbeida med ein klimaforskar. Fristar det å sjølv bli klimaforskar ein gong i framtida ?

– Det veit vi ikkje heilt enno, svarer gutane. 

Dei er glad for at dei fekk berga skuleoppgåva til presentasjonen under konferansen som er rett rundt hjørnet.

– Tusen takk til polarinstituttet som tok i mot oss, og viser oss korleis og kvifor dei jobbar med iskjernar, seier Snorre Bergland.

KOMMANDE KLIMAFORSKARAR? Snorre Bergland (t.v.), Sindre Sørbye og Noah Valio-Engebø likte godt å arbeidde i is og klimalaboratoriumet, men dei er enno usikre på valg av yrkesretning i framtida. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Til info: Norsk Polarinstitutt er seniorpartnar i Arctic Frontiers.