Korleis vil klimaendringane påverka innlandsisen i Antarktis og kva skjer med dei marine økosystema når Sørishavet blir stadig varmare?  

KOMBINERER VARETRANSPORT OG FORSKING Skipet Malik Artica på veg sørover med forsyningar til den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land, for første gong òg lasta med forskarar som arbeidde i Sørishavet på veg nord og sør. Foto: Christian Harbor Hansen 

Det er høgst aktuelle spørsmål som opptek forskarane i ekspedisjonen Troll Transekt 20/21.

Dei er no på veg heim frå isbremkanten av Fimbulisen ved Prinsesse Astrid Kyst i Dronning Maud Land. Der har dei hente inn og setja ut målebøyer langs kanten av kontinentalsokkelen, der havdjupet brått går ned frå eit par hundre til 4000 meter.

Langs kontinentalsokkelen foregår det prosessar som er viktige for å forstå korleis varme havstraumar brer seg, og som igjen avgjer kor mykje isbremmane rundt det antarktiske kontinentet smeltar. 

 

FORSKING PÅ FASTISEN Forskargruppa vel framme i Antarktis, her er dei i arbeid på fastisen Rektangelbukta i Dronning Maud Land. Foto: Julius Lauber / Norsk Polarinstitutt

Hav, snø og is i endring

Klodens hav, is- og snødekke har forandra seg dramatisk dei siste tiåra. I framtida vil isbrear smelta meir, havet vil halda fram med å stiga, økosystem vil endrast og verdifulle artar gå tapt, om klimaendringane fortset med same styrke som dei siste tiåra. Det slo FNs klimapanel fast då dei i 2019 la fram ein spesialrapport om hav og is.

RIKT DYRELIV  Forsking viser indikasjonar på at global oppvarming, i tillegg til havforsuring, kan få konsekvensar for dei marine økosystema i Sørishavet. Foto: Rudi Caeyers / Norsk Polarinstitutt 

I Antarktis finst den største ismassen i verda, omlag 90 prosent av jordas ferskvassis og cirka 70 prosent av det totale ferskvatnet på jorda er her. Det er enorme mengder is som potensielt kan smelta ytterlegare.

I dei siste tiåra er det registrert betydeleg oppvarming i delar av Antarktis. I same periode har det globale havnivået auka. 

ISEN SMELTAR  Langs kontinentalsokkelen foregår det prosessar som er viktige for å forstå korleis varme havstraumar brer seg, og som igjen avgjer kor mykje isbremmane rundt det antarktiske kontinentet smeltar. Foto: Julius Lauber / Norsk Polarinstitutt  

Intensiverer forskinga

I Dronning Maud Land er forskinga på ismassar og økosystem intensivert dei siste åra i takt med klimaendringane, mellom anna gjennom Antarktis-programmet til Norsk Polarinstitutt. 

Forskarane på Troll Transekt er ansvaret sitt bevisst.

Endringar i naturen i Antarktis og Sørishavet påverkar menneske over heile verda. Når iskappen smeltar får det konsekvensar for det globale havnivået, og i neste runde store konsekvensar for millionar av menneske som bur i lågtliggande strøk. Det finst òg eit rikt økosystem her, og vi vil skaffa meir kunnskap om det slik at vi kan bidra med å forvalta naturen i sør så godt som mogleg framover, seier ekspedisjonsleiar og havforskar Tore Hattermann frå polarinstituttet.

FORSKA UNDERVEGS Då «Malik Artica» passerte sørspissen av Sør-Afrika starta dei med ulike undersøkingar i Sørishavet, i transektet mellom fastlandet og kysten av Dronning Maud Land i Antarktis. Foto: Tore Hattermann / Norsk Polarinstitutt 

Lite utforska havområde

Hattermann er på tokt saman med tre kollegaer frå polarinstituttet og ein forskar frå Universitetet i Bergen. Saman skal dei gjennomføra omfattande observasjonar frå forsyningsskipet «Malik Artica», som har frakta mat og utstyr til den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land.

Forskargruppa mønstra på skipet allereie tidleg i desember då det forlét Aalborg i Danmark, retning Antarktis. Då skipet passerte sørspissen av Sør-Afrika starta dei med ulike undersøkingar i Sørishavet, i transektet mellom fastlandet og kysten av Dronning Maud Land i Antarktis.

Sørishavet er havet som omgir Antarktis, og eit av verdas minst utforska hav.  ­

MINI-UBÅT Den selvgående måleroboten Seaglideren trålar vassmassane. Her blir den sett ut i havet. Foto: Vår Dundas / Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret

Økosystem under lupen

Då skipet nærma seg havisen, viste dyrelivet seg fram føre auga.

Sørishavet er kjent for eit rikt økosystem. Fleire titals fuglearter, som pingvinar, petrellar og sørjo, lever i tilknyting til det marine økosystemet, likt med kval, sel, fisk og krepsdyr, for å nemna noko av mangfaldet.

KRILL Sortering av krill under forskingstokt til Sørishavet i 2019. Foto: Rudi Caeyers / Norsk Polarinstitutt  

Planktonet krill er viktig mat for mange av artane, frå fisk til sjøpattedyr og sjøfuglar.

Det er knytt ei rekke spørsmål til i kva grad artslivet i Sørishavet er påverka av dei pågåande globale klimaendringane. Forsking viser allereie indikasjonar på at global oppvarming, i tillegg til havforsuring, kan få konsekvensar for dei marine økosystema.

– Troll Transekt skal samla kunnskap om det marine økosystemet i Sørishavet samtidig som vi skal prøve å forstå korleis klimaet i framtida påverkar smeltinga av innlandsisen i Antarktis, seier Tore Hattermann.

FRAMME VED ISKANTEN  Vel fremme ved iskanten vart Malik Arctica møtt av tilsette ved Troll forskingsstasjon, klare for å hjelpa til med lossig av forsyningar. Foto: Julius Lauber / Norsk Polarinstitutt 

Kombinerer forsking og frakt av gods

Dette er første gong at forsking blir kombinert med skipstransport av varer til Troll. For medan «Malik Arctica» har bana seg veg sørover, først i ope hav, deretter manøvrert seg mellom havis og isfjell, og fram til skipet «klappa til kai» ved isbremmen, har forskarane gjort ei rekke undersøkingar, mellom anna har dei tatt vassprøvar og bora iskjernar i havis.

Vel framme ved brekanten vart mat og utstyr lossa av skipet, for å fraktast med beltevogner til Troll, som ligg på fjellformasjonen Jutulsessen, 235 km frå kysten.

FORSKERGRUPPA Forskarteamet frå Norge samla på dekk undervegs, med Seaglideren, før dei nådde dei kaldare temperaturane i Sørishavet og isbremmen i Antarktis. Frå venstre Senioringeniør Kristen Fossan (Norsk Polarinstitutt), forsker Julius Lauber (Norsk Polarinstitutt), forsker og toktleiar Tore Hattermann (Norsk Polarinstitutt), forsker Sebastien Moreau (Norsk Polarinstitutt) og forsker Vår Dundas (Universitetet i Bergen/Bjerknessenteret). Foto: Martin Bitsch Baarts 

Mini-ubåtar

Eit viktig verktøy under toktet er «mini-ubåten» Seaglider, som er eit dykkande fartøy som blir sendt rundt i havet og tar målingar frå overflata og ned til 1000 meter djup.

Seaglider skaffar informasjon om saltinnhald, temperaturar, klorofyll og oksygen i havet, og er gull verd for å få vita meir om primærproduksjonen i havet, mellom anna blomstringar av planteplankton, som er grunnlaget for det marine økosystemet. Seaglider blir fjernstyrt frå Universitetet i Bergen, og vil vera i havet fram til mars i år når han blir opp plukka av den tyske båten «Polarstern».

Undervegs skal forskarteamet og henta opp to riggar, som har samla inn verdifull havdata, sidan dei vart sett ut då forskingsskipet «Kronprins Haakon» var på tokt i Sørishavet i 2019.

LOSSING Isoverflata når opp til den 9. etasjen på skipet. Foto: Vår Dundas / Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret

Starten på ein ny tidsserie?  

«Malik Artica» er no på veg nordover, og forskargruppa held fram undersøkingane i havet, gjennom transektet og heilt fram til Sør-Afrika. Deretter setter dei kursen vidare til Noreg.

Men dei kjem høgst sannsynleg tilbake. Planen er at Troll Transekt skal vera eit regelmessig forskingstokt til kysten av Dronning Maud Land, i følgje med forsyningsskipet. 

– Kanskje kan arbeidet vårt i Sørishavet bli starten på ein viktig tidsserie frå Antarktis, seier marinbiolog Sebastien Moreau frå polarinstituttet.

VIDARE FORSKING Planen er at Troll Transekt skal vera eit regelmessig forskingstokt til kysten av Dronning Maud Land, i følgje med forsyningsskipet. Foto: Christian Harbor Hansen 

Relevante lenker:  

https://www.npolar.no/nyhet/nedgang-antarktispetreller/

https://www.npolar.no/nyhet/hvor-ender-algene/

https://www.npolar.no/nyhet/lytter-til-isen-med-avansert-radarteknologi/