Er klimaet det største miljøproblemet menneske skapar?, spør klimaforskar Kim Holmén.

 

Det første fredagsforedraget i haust i regi av polarinstituttet tek temperaturen på den sydande sommaren vi har lagt bak oss.

Varmerekordar

I Tromsø, der regnhyre og sommarlue ikkje er vanleg følgje på sommarstid, har folk bada i uvanleg varme. Heile 27 sommardagar med temperaturar over 20 grader bidrog til historisk varmerekord i Ishavsbyen.

På Svalbard tikka ny varmerekord inn og folk kunne byta ut ull og fleece med T-skjorte, fleire dagar på rad. For første gong blei det målt over polarklima på dei arktiske stasjonane, det vil sei middeltemperatur på 10 grader eller meir.

I sør sveitta dei òg. Sør-Europa, USA og Asia vart råka av temperaturar på over 40 grader. Og heilt sør på kloden, i Antarktis, blei det meldt om urovekkjande lite havis, midt i den antarktiske vinteren. I tillegg rapporterast det om varmare verdshav over heile kloden.

Kim Holmén på Svalbard. Foto: Helle Goldman / Norsk Polarinstitutt

Talar for dei tause

Dei varme temperaturane kan nytast i nuet av mange, men det kjem og med ein alvorleg bismak.

Hetebølgjer, styrtregn, jordras, flaumar og skogbrannar vart realitetane i mange land denne sommaren, også i Noreg. Her på berget fekk me flaum og jordskred tett på oss i sluttspurten av fellesferien då ekstremvêret Hans kom, med ditto store natur- og materielle øydeleggingar.

Nokre av dei som merkar endringane har ikkje eiga stemme. Havis smeltar, isbre krympar og permafrost tinar, det skapar vanskar for artslivet. Dyr og fuglar er ikkje tilpassa dei milde temperaturane som med auka intensitet skyl over den nordlege halvkula, anten det er sommar eller vinter.  Isbjørnen, sjølve symbolet på det islagde Arktis, trekkar mot land for å finna føde blant fuglar og egg, når det blir vanskeleg å få tak i favorttføden sel.

Isbjørn ved Storholmen på Svalbard. I bakgrunnen er skipet Quark Expedition. Foto: Christelle Guesnon / Norsk Polarinstitutt 

Sår i landskapet

I det arktiske terrenget ser ein sår i landskapet som flaum- og jordskred og utglidingar, og auka vassamlingar på tundraen.

Er såra reelle?  Og om så, er det for seint å lækja dei?

Fagansvarleg Kim Holmén Holmén blir rekna som ein av dei mest erfarne ressursane i landet på klimakunnskap, han har drive med klimaforsking i meir enn 40 år og fortel at han ofte høyrer argument som «men det har vore varmt om sommaren før».
No gir han perspektivet sitt på det siste årets vêrutvikling, både lokalt og globalt. Han følgjer opp med refleksjonar over korleis merksemd rundt klimaforsking blir brukt til å setja spørsmålsteikn ved godt etablert kunnskap.
Til slutt delar han sine tankar om klimaet er det største miljøproblemet som menneske skaper.

Fredagsforedrag 25. august kl. 1130-1200: Har sommaren vore «unaturleg»? Av klimaforskar/fagansvarleg Kim Holmén, Norsk Polarinstitutt

Stad: Auditoriet, Framsenteret
Arrangør: Norsk Polarinstitutt