- Dyra som lever i havet kan bli sjuke, og i verste fall døy av plasten, åtvarar plastforskar Stine Charlotte Benjaminsen.

 

PLAGA AV PLAST  Sjøfuglen havhest er ein av fuglane i Arktis som forskarane finn mykje plast i. På Fritt Fram! på Polaria skal plastforskar Stine Charlotte Benjaminsen ha med seg denne utstoppede havhestfamilien, når ho fortel om plast i havet og korleis det skadar dyra som lever der. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt  

Laurdag 2. oktober skal Benjaminsen fortelja om plastproblemet i havet, når ho stiller på stand under Forskningsdagenes torg på Polaria, Fritt Fram!, i Tromsø. Med seg har ho polarrekruttane Malin Kvaal Bergland og Øyvor Gjerde, som begge har vore med forskarar på jakt etter plast i havet og langs strender på Svalbard.

Besøkande på Fritt Fram! får vi høyra kva både forskaren og ungdommane tenker om plastproblemet, og kva dei meiner bør gjerast for at mindre plast hamnar i naturen. Benjaminsen skal òg halda eit foredrag om plast i kinosalen til Polaria.

POLARREKRUTTANE Polarrekruttane Øyvor Gjerde (t.v.) og Malin Kvaal Bergland kjem til Forskingsdagane og torget på Polaria. Dette billede er frå i sommar då dei var på Svalbard for å læra meir om plast i havet. Foto: Helle Goldman / Norsk Polarinstitutt 

Men kva er eigentleg plast?

– Plast er eit menneskeskapt materiale som er laga av råolje og så blanda med ulike kjemikalium for at vi skal få forskjellig typar plast. Plast kan vera hjelpsomt og praktisk, men om det kjem på avvegar blir det problematisk, fortel Benjaminsen.

Kvart einaste år hamnar mange millionar tonn plast i havet, og dit kjem det på ulike vis. 

– Nokre menneske kastar plasten rett i havet, men plast kan òg hamna i havet om vi skyl det ned i do eller om søppelfyllingane ikkje passar godt på plastsøppelet. Elvar og vind førar plasten ned til havet og når plasten har hamna i havet så kan den reisa langt og laga mykje trøbbel. 

Så kva skjer med plasten når den kjem til havet?

– I havet blir plasten broten ned til mindre og mindre bitar, og mykje blir heilt umogleg å få plukka opp. For dyra i havet så kan plasten føra til at dei set seg fast eller at dei et den. Dyra kan bli sjuke, eller i verste fall døy av plasten, svarar Benjaminsen.

Plastforsøpling har med åra vorte eit kjent problem, både i andre land og her i Noreg, men det er framleis mange ting vi manglar svar på.   

– Vi veit endå ikkje kvar farleg plasten er for dyr og menneske, eller kva som eigentleg skjer med plasten når den hamnar i havet eller når nokon et den, så her må det forskast meir!

På polarinstituttet sin stand delar vi ut eit heilt nytt eventyr frå Polhavet, av havforskar Sigrid Lind, som i sommar var på tokt med eit skip til havet utanfor Svalbard, med seg hadde ho kosebamsane Max, Diamanta og Ibjørn, dei tre sistnemnde opplevde stor dramatikk på havisen.

Til Forskningstorget kjem òg forskarar frå Akvaplan-niva, Havforskingsinstituttet og Norsk institutt for naturforsking.

Velkommen!