Lundefugl, lunde eller sjøpapegøye – kjært barn har som kjent mange namn. Denne fuglen har utvilsamt fått namn etter den karakteristiske utsjånaden; det store og fargerike nebbet.

 

SJØPAPEGØYE Ein lundefugl «seglar» på bølgjene blå i Kongsfjorden på Svalbard. I bakgrunnen ser vi fjellet Mitra, oppkalla etter ein ”Mitre”, eit katolsk hodeplagg. Foto: Helge T. Markussen / Norsk Polarinstitutt 

Førre veke knipsa Helge T. Markussen bilde av ein lundefugl i Kongsfjorden, på nordvestkysten av Svalbard. Markussen er stadleg leiar for Norsk Polarinstitutt ved Ny-Ålesund Forskingstasjon, og held til delar av sommaren på jobb her på 79 grader nord. Han bruker mykje tid utandørs i nærområde, ofte med fotoapparatet i umiddelbar nærleik. Og ikkje sjeldan byr naturen rundt på flotte motiv, som lunden som seglar i bølgjene i fjorden.

Markussen fortel at dei har hatt mykje fint vêr i det siste med rundt 12 grader, lite vind og mykje sol. No på sommartid er det eit yrande fugleliv i området, men alkefuglen lunde er ikkje arten han ser mest til. 

PRAKTFUGL Lundefuglar i all sin prakt. Foto: Geir Wing Gabrielsen / Norsk Polarinstitutt 

Utilgjengeleg og fåtalig

Etter alke, er lunden den minst talrike av alkefuglane på Svalbard. Hekkebestanden av lunde på Svalbard er truleg på ca 10 000 par, men det finst inga detaljert kartlegging og bestandsutviklinga er derfor ikkje kjent. På grunn av at dei er få og hekkar vanskeleg tilgjengeleg, er det utført få studiar av lunde på øygruppa.

Dei fleste lundekoloniane på Svalbard held til i bratte klippevegger der dei hekkar saman med andre sjøfuglar, som havhest, krykkje, og polarlomvi. Nokon av dei største lundekoloniane finst på Sjuøyane, som er den nordlegaste øygruppa på Svalbard.

Raudlista  

Det er likevel ikkje noko som tyder på at lundebestanden på Svalbard har gått tilbake, som derimot er tilfelle for hekkebestanden av lunde langs kysten av Nordland og Troms. I dag står lunden på  Nasjonal Raudliste for truga artar, og blir rekna som sårbar. Nedgangen kjem truleg av samanbrotet i bestanden av sild, som ikkje er like viktig for lundane på Svalbard, som har små stimfisk, krepsdyr, blekksprut og børstemarkar som hovudføde. 

FOTOSKY? Ein lunde gøymer hovudet under vingen. Foto: Geir Wing Gabrielsen / Norsk Polarinstitutt 

Ny forsking: Lunde og alke har ulik strategi

Men det blir gjort noko forsking konkret på lunde, og ikkje minst på naturmiljøet som den lever i. Forskarar har mellom anna undersøkt korleis lunde og alke responderer på endra miljøforhold i Nordsjøen utanfor hekkesesongen. Resultata vart publiserte i Movement Ecology hausten 2019, sjøfuglforskar Hallvard Strøm frå Norsk Polarinstitutt er medforfatter av artikkelen.

Det er store variasjonar i det marine miljøet mellom år, men sjøfuglar er mobile og kan potensielt velja å flytta på seg dersom næringstilgangen skulle bli dårleg. Alternativt må dei endra diett. Slike val reflekterer balansen mellom nytte og risiko knytt til ressursinntak, energikostnader og fysiologiske krav. Alke og lunde er to artar som ofte lever side om side, og begge jaktar næringsrik mat som stimfisk, brisling og sild. I studien viser forskarane at lunde og alke nyttar ulike strategiar for næringssøk når det blir mangel på favorittføde i overvintringsområdene: Lunden nytta i stor grad det same overvintringsområdet sjølv om miljø- og matforholda varierte og dei åt maten som var der, medan alken valde å trekka sør i Nordsjøen for å halda oppe den normale dietten.

ALKE OG LUNDE Forsking viser at alke (t.v.) og lunde nyttar ulike strategiar for næringssøk når det blir mangel på favorittføde i overvintringsområdene. Foto: Tore Nordstad / Norsk Polarinstitutt 

Ein stille fugl

Lundefuglen legg berre eitt egg, truleg i slutten av mai eller byrjinga av juni. Voksenoverlevelsen er høg hos lunden, og høgaste kjente alder for ein fugl merka i Noreg er 41 år.

Lundefuglen har forresten ein eigen festival! Lundefestivalen på Røst i Lofoten ligg like ved den største hekkeplassen for lundefugl i Noreg. I gamle dagar var det å sanka egg frå fuglane ein måte å overleva på, men også ein tradisjon.

Lunden lagar ikkje mykje lydar, men noko er det, du kan lytte korleis det lyder på vår artside om fuglen.