Isbjørnhyllene i Norsk Polarinstitutts bibliotek fyller ein meter og inneheld heile spekteret frå doktoravhandlingar til barnebøker.

Eit par av bøkene er skrivne av Thor Larsen (1939-   ), gudfaren i norsk isbjørnforsking. Alt i 1972 kom hans første formidlingsbok ut: «Isbjørnliv». Her fortel han om forskinga, boka munnar ut i ein sterk appell om vern av polarområda generelt og isbjørnen spesielt. Og alt året etter bar arbeidet frukter: Den første internasjonale avtalen om freding av isbjørn vart underskriven i Oslo i november 1973.

Seinare utga Thor bl.a. praktbøker om isbjørn, som også vart omsette til andre språk. «Espen i isen» kom i 1981, den fortel om då lille Espen får vera med far Thor til isbjørnland (Kongsøya) på forskingsferd.

Thor Larsen var Norsk Polarinstitutts første isbjørnforskar. Her frå overvintring på fangststasjon på Edgeøya på Svalbard i 1968-69. Foto: Thor S. Larsen / Norsk Polarinstitutt

Når ein først kjem på «skothald» av isbjørnen, kan det bli fantastiske bilde. Eit godt døme er «Polar dance: born of the north wind» frå 1997 med foto av Thomas D. Mangelsen. Omslaget i seg sjølv er mest verd prisen på boka.

Ei bok som både er full av flotte bilde og solid fagkunnskap, er «Polar bears: the natural history of a threatened species» frå 2011. Den er skriven av isbjørnforskaren Ian Stirling. Vi kan også anbefala ei bok av Richard Ellis frå 2010, «On thin ice: the changing world of the polar bear”. Han har eit heilt kapittel om isbjørn i dyrehagar og sirkus.

Vi vil svært gjerne trekka fram Ottar-heftet «Isbjørn: kongen av Arktis» frå 2015, redigert av Jon Aars og Dag Vongraven, begge frå Norsk Polarinstitutt. Svært interessante artiklar om nær sagt alle aspekt ved isbjørnen og forholdet mellom menneske og isbjørn.

Spennande lesestoff er også mursteinen frå 2014 «Uten nåde: isbjørn og mennesker på Svalbard» av Birger Amundsen, tidlegare redaktør i Svalbardposten. Han har bl.a. grundig gjennomgang av isbjørnfangsten frå 1946 til 1973, og han fortel om dei tilfella der menneske har blitt drepne av isbjørn.

I 2014 kom også fortellinga om isbjørnane i Churchill, ein landsby på vestkysten av Hudson Bay. Dette er kanskje den tettstaden som har isbjørnen tettast inn på livet i verda. Den fascinerande boka av Edward Struzik heiter «Arctic icons: how the town of Churchill learned to love its polar bears”.

Det finst altså isbjørnbøker for barn også, ikkje minst:

– “Isbjørnen” av Kirsti Blom og Kit M. Kovacs frå 2007.
– «Isbjørn: en ishavsberetning for barn og voksne» av Harald Sverdrup, 1976.

Sverdrups bok frå 1976 er ei perle som vi vil anbefala varmt. Utgangspunktet for boka er at den folkekjære diktaren i yngre år var forskingsassistent på ei lita hytte midt i isbjørnland.

Vi avslutter med «Grønlands hvide bjørne» av Erik W. Born, 2008. Born er den som har forska mest på isbjørnstammen i Grønland.

Bøkene kan lånes i Norsk Polarinstitutts bibliotek på Framsenteret. Velkommen! 

Biblioteket til Norsk Polarinstitutt. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt