I 2019 produserte Norsk Polarinstitutt ei mengde nye kartdata for Svalbard som no er omskapt til kart.

Nordvest på Spitsbergen vart det kartlagt og konstruert i områda frå Magdalenefjorden og sørover til Krossfjorden, og vidare austover til Liefdefjorden og Woodfjorden.

– Resultatet av dette er nye utgåver av kartblada A5 Magdalenefjorden, A6 Krossfjorden og B5 Woodfjorden, område som vart fotograferte i perioden 2009 til 2011, opplyser kartograf Roger Willy Hagerup ved kartseksjonen til Norsk Polarinstitutt. 

Magdalenafjorden

På Nordaustlandet vart dei nordre områda av denne store øya nykartlagt.

– Her er det kartblada E1 Sjuøyane, E2 Nordenskiöldbukta og E3 Rijpfjorden som er heilt ferske. Flyfotoa som er brukte er frå år 2010 og 2011.

Rijpfjorden

Det er verd å merka seg at alle desse karta i S100-serien òg har fått ein del nye stadnamn, her er nokon av dei:

A5: Stortingsbreane

A6: Laksebu

B5: Lavatoppen

E1: Isflaksletta

E2: Smørbukkvatnet

E3: Strandbukta

Vidare er oversiktskart Svalbard 1:1 000 000 og Turistkartet i same målestokk oppdatert og nyutgitt.

Norsk Polarinstitutt er Noregs hovudprodusent av topografiske og geologiske kart i norske polarområder og er hovudansvarleg for den topografiske kartlegginga av Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda og territorialkrav i Antarktis. Vi publiserer både digitale og trykte kart. Les meir om karta våre