Regjeringa foreslår å løyve 23,8 millionar kroner til nytt nødaggregat til Trollstasjonen i Antarktis i revidert nasjonalbudsjett 2020. Regjeringa foreslår òg 18 millionar meir i tilskot til Kings Bay.

Aggregatet vil ha kapasitet til å forsyne hovudbygningen med lys og varme, og alle dei andre tekniske installasjonane på stasjonen med tilstrekkelig straum, i ein nødsituasjon.

Noreg sin heilårlege forskingsstasjon Troll er den sentrale plattforma for norsk forsking i Antarktis.

– Forskingsstasjonen Troll legg til rette for norsk nærvær og forsking i Antarktis og er eit viktig element i norsk Antarktispolitikk. Det er difor av overordna nasjonal tyding å oppretthalde Troll som eit trygt, effektivt og driftsikkert grunnlag for norsk kartlegging, overvaking og forsking i dette området, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Trollstasjonen leverer i tillegg straum og tenester til nasjonale og internasjonale institusjonar som har anlegg på Trollstasjonen. Det er EUs satellittnavigasjon Galileo, NILUs luftmålstasjon, UiOs observatorium og KSAT-satellittantenner som leser ned nær-sanntids-data som blir brukt til vermeldingstenester i Europa og USA og i forvaltning av, og forsking på, klima, miljø og hav.

Regjeringas forslag om å løyva 23,4 millionar kroner til Troll vil sikra helårsdrift av stasjonen i åra som kjem. Aggregatet kan forsyna Troll med straum i tilfelle nødsituasjon, og er nødvendig for trygg overvintring og sikker drift, seier direktør ved Norsk Polarinstitutt, Ole Arve Misund.

– Dette viser at regjeringa vektlegg viktigheita av Troll både politisk, og som utgangspunkt for kartlegging, overvaking og forsking i Antarktis, påpeikar direktøren. 

Ny-Ålesund, Svalbard. Foto: Helge Tore Markussen / Norsk Polarinstitutt

Auka tilskot til Kings Bay

Regjeringa foreslår òg 18 millionar meir i tilskot til Kings Bay i revidert nasjonalbudsjett.
Det er Polarinstituttet som har vertskapsrolla for forskingsstasjonen, medan Kings Bay står for drifta. Koronaepidemien har ført til færre forskarar i Ny-Ålesund og dermed store inntektstap for driftsselskapet.

– Det er gledeleg at regjeringa aukar tilskotet til Kings Bay i ei tid då selskapet taper betydelege inntekter, seier  Misund.

Tilskotet er med på å bidra til at hjula blir i gang haldne, påpeikar Misund.

Dette tilskotet er gode nyheiter òg for Polarinstituttets fordi det gjer det mogleg for oss å ha nokolunde normal drift i Ny-Ålesund i 2002, avsluttar direktøren.