Den første av åtte planlagde automatiske vêrstasjonar vart nyleg monterte på Svalbard.

sd

Montering av verstasjon i haust. Foto: Ketil Isaksen /Meteorologisk institutt

Vêrstasjonen vart sett opp på Janssonhaugen og i Reindalspasset. Dei resterande stasjonane skal opp ulike stader på Svalbard dei neste åra . Stasjonane skal dekka geografiske område som i dag ikkje inngår i det allereie eksisterande nettverk med overvaking av arter på landjorda på Svalbard. Totalt er det no 19 automatiske vêrstasjonar spreidd langs kysten og fjordane av øygruppa.

Det er forskarar og teknikarar frå Meteorologisk institutt og Norsk Polarinstitutt, i regi av Klimaøkologisk observasjonssystem for arktisk tundra (COAT), som har sett opp og skal drifta vêrstasjonane.

Sender data direkte frå tundraen 

Vêrstasjonane sender data direkte til Meteorologisk institutt som omarbeider informasjonen. Data frå desse stasjonane vil ligga mellom anna på yr.no slik at alle får tilgang til sanntidsdata frå tundraen på Svalbard. Det betyr at temperatur, vindretning og vindstyrke går direkte ut på nett.

I praksis betyr det at alle som ferdast i felt kan sjå kva for vêrforhold som er på staden, som er nyttig informasjon for fastbuande, reiselivsnæringa og beredskapsarbeidet på Svalbard, seier ingeniør Stein Tore Pedersen frå Norsk Polarinstitutt.

Merking av svalbardrein i samband med ovevaking i regi av COAT. Foto: Åshild Ønvik Pedersen / Norsk Polarinstitutt 

Tar pulsen på klimaendringane

Overvaking av Svalbards natur og dyreliv er høgst aktuell. Dei globale klimaendringane går for seg med full styrke og opplevast spesielt sterkt i Arktis, noko som FN klimapanel (IPCC) stadfesta i haust i spesialrapportet om hav og is. Den klare konklusjonen her var at klimaendringane går raskare enn ein har trudd tidlegare og at polarområdene er ekstra utsette. Noka plante- og dyrearter har auka i mengde og utbreiing, medan arter som treng snø og kulde har endra åtferd, vorte færre og står i fare for utryddelse.

Vintrane har dei siste åra vorte mildare og våtare på Svalbard, og  det er mange spørsmål knytte til konsekvensane endringane får for naturmiljøet. Betre overvaking av tundralivet, inklusiv verktøy som vêrstasjonar, vil styrka kunnskapsnivået om dyr og plantar i den grøne delen av Arktis, meiner reinsdyrforskar Åshild Ønvik Pedersen frå Norsk Polarinstitutt.

Vêrstasjonene vil vera nyttige verktøy for forskarar i arbeidet med å forstå og føreseia konsekvensar som klimaendringar har på arktiske økosystem. Gjennom data frå stasjonane får vi betre høykvalitetsmålinger av lufttemperatur, vind, nedbør, fukt og snø der dyr og plantar lever på Svalbard.