I seks månader drifta skipet med isen nord for Svalbard, medan forskarar og teknikarar jobba på spreng med eitt mål for auge: Undersøkja effektane av klimaendringane i Polhavet.

Innfrysinga av forskingsskipet Lance blei kalla for N-ICE2015-ekspedisjonen, og er rekna som ein av dei største ekspedisjonane som Norsk Polarinstitutt nokosinne har gjennomført.

Boka om ekspedisjonen, Going with the floe, blei gitt ut i bokform i 2022, og er no tilgjengeleg i digitalfil (PDF), gratis for alle interesserte.

 

Spesialrådgivar Gunn Sissel Jaklin (t.v.) og forskingsdirektør Harald Steen er to av fire forfattarar av boka Going with the floe, som fortel historia om den seks månader lange ekspedisjonen i Polhavet. Steen var N-ICE2015-leiar, og deltok sjølv på ekspedisjonen. Dei andre to forfattarane er havisforskarane Mats Granskog og Sebastian Gerland. Alle fire arbeidar ved polarinstituttet. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Forskarar frå mange land og fagfelt deltok på ekspedisjonen, i tillegg til eit omfattande logistikkapparat knytt til tryggleik, drift, støtte og ingeniørarbeid. Store mengder forskingsdata vart samla inn, som så langt har resultert i over 70 fagfellevurderte artiklar og fleire titals datasett.

Målet med N-ICE2015 var å samle data som skulle bringe ny kunnskap om den krympande havisen, undersøkja kva som forårsakar smeltinga og korleis det påverkar vêr, klima og artane som lever tett på havisen.

Eit av teikna på dei store endringane som finn stad i delar av Arktis er auken av snø på havis. Nesten ein halv meter snø på isen vart eit vanleg syn under store delar av den seks månader lange ekspedisjonen med forskingsskipet Lance.

No i ettertid veit me at det var store mengder fuktig luft som vart transportert frå lengre sør som la seg som snø på havisen. Dette viser at observasjonar som er gjorde til dømes på pakkisen lengre vest i Polhavet ikkje alltid er representativt for kva som skjer i andre delar av Arktis. Me manglar ganske enkelt gode observasjonar i Atlanterhavs-sektoren, sa ekspedisjonsleiar og no forskingsdirektør, Harald Steen, då boka vart lansert.