I år lagar Norsk Polarinstitutt nye kart over nokre område på Nordaustlandet på Svalbard. Vi treng forslag til namn som kan eigna seg, har du nokre forslag?

Namnekomiteen består av Ivar Stokkeland (f.v.), Anne Urset, Per Kyrre Reymert, Oddveig Ørvoll (leiar) og Winfried Dallmann. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Svalbard består av storslagen natur, nakne fjell, fjordar og isbrear, for å nemne noko av mangfaldet.

Dei fleste områda har namn, men nokre har det ikkje. No kan du vera med å gje namn til namnlause stader på Nordaustlandet! 

Nordaustlandet er Svalbards nest største øy, med eit areal på 14 467 km². Øya ligg nordaust for Spitsbergen, og er sterkt innskoren av fjordar på vest- og nordsida, der det er eit breitt belte av bart land med opptil 600 meter høge fjellrygger. På vestkysten finst òg breie strandflater.

Det er område i og ved Repøyane, Leighbreen, Foynøya og Duvefjorden vi no treng namn til. Sjå bilde av kart frå desse områda lenger ned i saka.

Vi ønsker forslag til namn frå området rundt Leighbreen. Foto: Anders Skoglund / Norsk Polarinstitutt

Beskrivande namn  

Kvart år gir Norsk Polarinstitutt ut nye kart på Svalbard. Nokre av karta vi skal laga framover frå Nordaustlandet inneheld få stadnamn. Polarinstituttet ønskjer difor forslag til nye namn til desse områda.

– Namna bør vere relativt korte, lette å uttala og gjerne beskrivande. Dei må passa inn i området, og ikkje vere i bruk på andre objekt i naboområda, seier kartograf og leiar av namnekomiteen, Oddveig Øien Ørvoll, frå Norsk Polarinstitutt.

Det er namnekomiteen ved Polarinstituttet som er det offisielle organet som vedtar stadnamn i dei norske polarområdane i Arktis og Antarktis. Komiteen vedtar namn basert på forslag både frå interne forslagsstillarar ved instituttet og eksterne personar, og andre gonger, som no, går instituttet offentleg ut og etterlyser namneforslag.

Interessert i Svalbard 

I fjor kunngjorde Polarinstituttet ein liknande namneinvitasjon. Den gongen ønskte vi namn frå områda i Nordenskiöldbukta, Rijpfjorden, Sjuøyane, Woodfjorden, Krossfjorden og Magdalenafjorden på Svalbard. Over 300 namneforslag kom inn, og til slutt enda komiteen på cirka 90 nye stadnamn, som Grønstrømpeneset, Måsegget og Eventyrstranda.

Men no er det Nordaustlandet som treng namn.

Nordaustlandet er ikkje eit spesielt namnefattig område av Svalbard, men nokre stader har likevel vorte navnløse, og det vil vi endra på, så vi håper på mange forslag, seier Øien Ørvoll.

Ho håper at dette engasjera dei som har tilknyting til Svalbard – eller berre er opptatt av Svalbard – til å komme med forslag.

– Nokon har reist rundt Nordaustlandet som cruiseturistar, nokon har «reist» via bilde som ligg i TopoSvalbard. Dersom nokon sit med gode idear til namn, eller vil bidra, så vil vi gjerne høyra frå dei.

Bruk fantasien 

Hovudregelen er at stadnamna skal skrivast på nynorsk. Det skal leggjast vekt på at namna er korte, velklingande og høvelege til objektet. Det skal òg takast med i vurderinga dei stadnamna som alt er gjevne i nærområdet. Og nye stadnamn skal helst vere skildrande for det miljøet dei beskriv. Oppkalling av personar skjer berre i heilt spesielle tilfelle, og då må dei ha ein spesiell relevans til staden. Dei namna som allereie finst på Svalbard er ofte oppkalla etter likskap i naturen og hendingar, i tillegg til personar.

– Stadnamn er gjerne laga ut frå noko i området. Til dømes kan dei likna på noko i naturen. Utover det er det berre å bruke fantasien.

Har du forslag til namn på Nordaustlandet som er korte, velklingande, og gjerne beskrivande? Send forslag innan 1. august til postmottak@npolar.no og merk med emnet «Namneforslag».

Søk i polare stadnamn

I dag finst det fleire tusen stadnamn på Svalbard og i Dronning Maud Land i Antarktis, og alle desse namna er søkbare i databasen for polare stadnamn. Gjer eit søk! 

 

Kjelder: snl.no/Nordaustlandet og www.npolar.no