Full mobilisering frå fugleriket då reven ville fakke ein gåsunge.

Ny-Ålesund ved Kongsfjorden, eit eldorado for forskarar som vil tett på det polare dyrelivet. Foto: Helge Tore Markussen / Norsk Polarinstitutt

Kongsfjorden på Spitsbergens vestkyst er eit av dei frodigaste områda på Svalbard. 

Allereie ved innseilinga til Ny-Ålesund, ligg fuglefjella som perler på ei snor. Her levar krykkje, havhest, polarlomvi og lunde i tusental, side om side.

Også tjuvjo, rødnebbterne og fjæreplytt er vanlege syn i fjorden.

På dei flate holmane midtfjords hekkar ærfugl og gjess, og tett på dei er polarmåka og fjellreven – på jakt etter egg og fugleungar frå dei bakkehekkande fuglane.

Innimellom kjem ein isbjørn eller fleire inn i fjorden, også dei for å forsyna seg av fuglereira på holmane. 

I sjøen finst det ringsel og storkobbe, og på tundraen beitar reinsdyra. 

Til dette dyreriket kjem forskarar frå mange land kvar sommar for å studera naturen  i og rundt fjorden.

Fristande bytte i sikte

..men ikkje heilt enkelt å gå til aksjon

..når motstanden er så stor, frå bakken

Drama mellom husveggane 

Men du treng ikkje dra langt for å ta del i dyrelivet. Det held å beskue det frå stovevindauget, som var tilfelle for stadleg leiar Helge Tore Markussen ved Ny-Ålesund forskingsstasjon, då han nyleg observerte den lokale reven på raid mellom husa etter mat blant kvitkinngjessane.

Reven er ein driven jeger, og har tidlegare tatt fem kvitkinnungar i eit angrep, og ved fleire høve sikra seg vaksen gås som måltid. Den skal òg ha ein nokså stor ungeflokk å fø, lenger inne i fjorden.

…og frå lufta.

Fugleungane er ekstra lett byte i tida før dei blir flygedyktige, men denne gongen møtte reven motstand, frå fuglriket.

–    Kvitkinngjessane gjekk i «krigsvern» rundt gåsungane, samtidig som éin stod fram med kraftige vengeslag for å verna dei.

Dreg tilbake til hiet.

Og om ikkje bakkemotstand var nok, så vart reven òg utsett for luftangrep.

–  Ternene har reir i området, og dei gjekk til angrep på reven frå lufta, fortel Markussen.

Resultatet vart at reven pilte av gårde, med halen mellom beina.

..fortar meg litt. Alle foto: Helge Tore Markussen / Norsk Polarinstitutt