Programleiaren for Svalbard skiftar beite på polarinstituttet.  

NY FORSKINGSDIREKTØR Harald Steen. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Harald  Steen har vore tilsett som programleiar for Svalbard ved Norsk Polarinstitutt sidan 1. januar 2019.  Før den tid har han hatt fleire stillingar ved instituttet, han starta som forskar i biologi på nittitalet, og har undervegs arbeidet som både assisterande forskingsdirektør og leiar av ICE-senteret.

Frå forskar til leiar 

– Eg er svært fornøgd med at Harald blir ein del av leiargruppa. Han har lang og relevant erfaring frå forsking i polarområdene og ikkje minst har han jobba lenge ved instituttet og kjenner oss godt frå fleire sider. Eg veit òg at han har eit sterkt engasjement for samarbeid internt og med miljøar utanfor instituttet, seier direktør Ole Arve Misund.

Harald Steen er utdanna biolog frå Universitetet i Oslo, og tok doktorgrad i 1995 om smågnagarar. Som leiar av forskingsavdelinga skal han arbeide med instituttets breie forskingsfelt både i Arktis og i Antarktis, det ser den nyslåtte forskingsdirektøren fram til.  

Eg gler meg til å ta fatt på oppgåvane som ventar meg, og gjennom dei vere med på å bringe instituttet vidare, vi gjer mykje god forsking allereie og det skal vi forsetje å dyrke framover, seier Harald Steen.

Forskingsavdelinga ved Norsk Polarinstitutt har i dag cirka 70 tilsette, medan det totalt arbeidar omlag 180 personar ved instituttet.