I Antarktis er våre seks overvintrarar på Trollstasjonen godt inne i mørketida. Vi sende Alexander Sola ut for å fanga sørlyset som blafrar over den svarte polarhimmelen.

Fargespillet som opptrer over Antarktis på den sørlege halvkula kallast sørlys. Foto: Alexander Sola / Norsk Polarinstitutt

Medan vi her lengst mot nord no har sommar og lyse dagar som netter, er det motset lengst sør på kloden. Der er det mørketid no.

Men sjølv om sola er fråverande på den bekksvarte polarhimmelen lyser den tidvis opp når sørlyset viser seg fram.

Under årets overvintring har det vore mykje overskya vêr, og dessverre ikkje så mykje sørlys-aktivitet på himmelen, fortel stasjonslegen Thomas Dretvik på Troll.

Førre veike var vêret veldig fint med temperaturar nede mot minus 43 og stjerneklart. Men denne veka har vi hatt snø frå natt til måndag til i dag, og det er meldt snø dei neste dagane. Vi har minus 30, så det er skikkeleg vinterstemning her no.

Snart gjensyn med sola

Om ikkje lenge går det mot lysare dagar òg på Troll, då er den mørkaste delen av vinteren passert og sola dukkar opp igjen over horisonten. På sjølvaste Olsokdagen den 29. juli skal sola kunna sjåast frå stasjonen.

Vi gleder oss til sola kjem tilbake, men dette er ikkje så ille det heller, seier legen, og viser til sørlyset som tidvis blafrar i polarmørket i sør.

Sørlys er forresten polarlyset på den sørlege halvkula, det same fenomenet som nordlyset er her nord.  Polarlys finnast både dag og natt, men er mest vanlege på kvelden og natta når himmelen er mørk, og ser ut som blå, grøne eller raude bølgjer dansande på himmelen. Nordlys (aurora borealis) er den eine typen av polarlys, og finst berre rundt den nordlege polen, som her i Noreg, spesielt nord i landet. Sørlys (aurora australis) er den andre typen, og finst over Antarktis og havområda rundt, altså på den sørlege polen. Nokon gonger kan sørlyset òg observerast frå New Zealand.

Eigentleg kan sørlyset skje heile tida, men det blir først tydeleg synleg når det blir mørkt ute, som det er no i Antarktis. Foto: Alexander Sola / Norsk Polarinstitutt 

Studerer sørlyset 

Eigentleg kan sørlyset skje heile tida, men det blir først tydeleg synleg når det blir mørkt ute, som det er no i Antarktis. Så frå mars månad og til sola kjem tilbake, kan overvintringsteamet sjå det spektakulære lyset på himmelen, om vêret tilseier det.

På Troll blir sørlyset òg studert med vitskaplege instrument som er installerte på Sofietoppen ved stasjonen. Det er Fysisk Institutt ved Universitetet i Oslo som er ansvarleg for observatoriet.

Elektrikar Alexander Sola har fanga bilde av sørlyset som vi deler med dykk her.

Her kan du lesa meir om Troll og om dei seks overvintrarane som passar på stasjonen gjennom den lange antarktiske vinteren.