I arbeide med nytt kart over den norske vulkanøya viste det seg at Jan Mayen har krympa i høgda.

Kart

HAR KRYMPA Jan Mayen sitt største fjell, Beerenberg, er for det meste dekt av snø og is. No har fjellet vorte fem meter lågare sidan 1990, då det sist vart laga kart over øya. Foto: Johan Hustadnes / Norsk Polarinstitutt 

Jan Mayen ligg på grensa mellom Norskehavet og Grønlandshavet, og er den nordlegaste vulkanen i verda over havnivå, og Noregs einaste aktive vulkan. 

Det er stadig fare for utbrot og jordskjelv på Jan Mayen. Sist øya vart råka av vulkanutbrot var i 1985, då det største fjellet, vulkanen Beerenberg, «vakna til live» og utvida terrenget: Lavaen frå utbrotet tilførte øya 0,25 km2 nytt land.

Vulkanen bak Beerenberg i utbrudd 20.09.1970. Røyksøylen er 5000 m høy og fjelltoppen 2277 m

1970 Vulkanen bak Beerenberg i utbrot 20.09.1970. Røyksøyla er 5000 meter høg og fjelltoppen var 2277 meter. Foto: Berntsen 

Det største kjende vulkanutbrotet skjedde derimot langs ein 5 km lang sone ved nordaustspissen av Jan Mayen i 1970. Lavaproduksjonen varte i over tre veker. Omtrent 0,5 km3 lava vart produserte, og over 4 km2 nytt land vart danna. Over halvparten av den nye landoverflata blei  erodert bort av sjøen i løpet av få år.

TO NYE KARTBLAD To nye topografiske kart over Jan Mayen er no publisert, over tretti år sidan førre gong. Dei nye karta er i målestokk 1:50 000, og viser Nord-Jan og Sør-Jan.Senioringeniør Anne Urset og kartograf Roger Hagerup visar fram dei to nye kartblada over Jan Mayen. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

TO NYE KARTBLAD To nye topografiske kart over Jan Mayen er no publisert, over tretti år sidan førre gong. Senioringeniør Anne Urset og kartograf Roger Hagerup visar her fram karta. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Nye kart blei laga 

I 1990 vart det laga eit nytt kart over Jan Mayen, som innlemma dei nye landområda. Dette var ein trykt versjon over heile øya, gitt ut av Norsk Polarinstitutt i samarbeid med Statens kartverk.

– Store delar av kartet var konstruert av polarinstituttet frå flybilete teke i 1949 og 1954. Etter fleire vulkanutbrot på 70-talet vart delar av Nord-Jan fotografert på nytt i 1975, og dei gamle kartdata reviderte, opplysar kartograf Roger Hagerup ved Norsk Polarinstitutt.

Sidan den gongen har det ikkje vore laga fleire kart over Jan Mayen.

Kart

Fem meter lågare 

No var det behov for nye kart. Ytterlegare endringar i terrenget hadde skjedd sidan 1990, fortel Hagerup.

Det er Norsk Polarinstitutt som er ansvarleg for å produsere kart over dei norske polarområda, inklusiv Jan Mayen. 

Me oppdaga at Beerenberg hadde vorte fem meter lågare sidan 1990.

 Høyden på Beerenberg, som for det meste er dekt av snø og is, er no 2272 meter. Sist fjellet blei målt, i 1990, var det 2277 meter.

Krevjande vêr og terreng

To nye topografiske kart over Jan Mayen er no publisert, over tretti år sidan førre gong. Dei nye karta er i målestokk 1:50 000, og viser Nord-Jan og Sør-Jan.

Det ligg mykje arbeid bak å laga kart frå Jan Mayen.

Plasseringa og vêrforhold gjer øya til eit svært vanskeleg objekt å flyfotografera. Øya er og ofte inntulla i tett tåke. 

Men ny teknologi lettar litt på arbeide.

– Dagens teknologi med stereobilete frå satellittar gjer det einklare å få tak i skyfrie bilete frå øya, men det skal ein god porsjon flaks til for å få skyfrie bilete i den augneblinken satellitten passerar over øya, fortel senioringeniør Anne Urset ved Norsk Polarinstitutt.

Terrengmodell drapert over satellittbilde frå WorldView-2© 2016 Maxar Technologies

SATELLITTBILDE Terrengmodell drapert over satellittbilde frå WorldView-2 © 2016 Maxar Technologies

Høgteknologisk

For nokre år sidan fekk polarinstituttet tak i eit sett med nesten skyfrie bilete frå WorldView 2-satellitten.

Bileta var i sort/kvitt, med ein bakkeoppløysing på 50 cm pr pixel, og vart nytta i utviklinga av dei nye Jan Mayen-karta. I produksjonen vart avansert utstyr teke i bruk.

Vi nytta fotogrammetrisk kartkonstruksjon i datamaskin med 3D-skjerm. Slik blir topografiske element som kystkontur, bekker, vatn, veg, bygningar og andre tekniske element som er synleg i bileta, registrerte med koordinatar og høgdeverdiar, seier Urset.

Det blei og datagenerert ein modell av terrenget, som manuelt blir korrigert av ein kartkonstruktør. Frå modellen vart det så genererte høgdekurver.

–Kartdata blir til slutt kartografisk omarbeidde for å tilpassast papirformatet, det blir lagt på rammeinformasjon med koordinatar, teiknforklaring, informasjon om koordinatsystem og magnetisk misvising med meire, forklarar Roger Hagerup.

Nye stadnamn 

Då det vart teke flybileta på 1950-talet var områda heilt sør på Jan Mayen dekt av skyer, og difor var eit område verken kartlagt eller namngitt. Til dei nye karta trongst det stadnamn på desse plassane.

Noverande og tidlegare tilsetja på stasjonen i Olonkinbyen på Jan Mayen vart kontakta for å gi innspel og hjelpa til med uoffisielle namn på hytter som også er tekne med på karta.

Til slutt vart tre nye stadnamn frå dette området vedteke: Sørkappfjellet, Raudtoppen og Mosesletta. Namna er vedtekne av namnekomiteen for polare stadnamn.

Baksida av begge dei nye kartblada viser eit bilete av heile øya frå Sentinel-satellitten, stadnamnregister og faktainformasjon om Jan Mayen.

Landskapet er dominert av svart lavafjell og knallgrøn mose. 

FUGLELIV Landskapet på Jan Mayen er dominert av svart lavafjell og knallgrøn mose. Her er steinvender fotografert ved sjøen. Foto: Kjell Tore Hansen 

Kjent sidan vikingtida

Trass i avgrensa storleik og isolert plassering har Jan Mayen sannsynlegvis vore kjent sidan vikingtida. Øya har ei rekkje kulturminne frå alle epokar i historien, spesielt knytta til kvalfangsten på 1600-talet.

Den menneskelege aktiviteten på Jan Mayen er i stor grad knytt til meteorologiske observasjonar og drift og vedlikehald av installasjonar til forsking og navigasjon.

Norsk Polarinstitutt er regelmessig på feltarbeid på Jan Mayen om sommaren og dei siste åra har sjøfuglforsking vore vekta.