Eit nytt forskingsprogram skal gi svar på korleis havressursane i nord kan utnyttast på ein berekraftig måte. Forskingsskipet Kronprins Haakon speler ein nøkkelrolle i jakt på svara.

PROSJEKTLEIAR Havforskar og prosjektleiar for SUDARCO, Paul Dodd, på dekk til FF Kronprins Haakon under toktet til Polhavet i 2022. Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud  / Norsk Polarinstitutt

SUDARCO heiter prosjektet som skal gi svara. Det er eit av fem forskingsprogram i regi av Framsenteret, det blir leidd av Norsk Polarinstitutt og skal vare fram til 2026.

Les meir om SUDARCO

Prosjektleiar er havforskar Paul Dodd frå Norsk Polarinstitutt. Ei rekkje forskarar frå polarinstituttet og samarbeidande institusjonar er involverte i SUDARCO. Prosjektet er finansiert med midlar frå Klima- og miljødepartementet.

Meir spesifikt er formålet med prosjektet å produsera og formidla kunnskap om endringsmønster av havisutbreiinga i Polhavet, og framme forvaltningsråd for noverande og framtidig menneskeleg aktivitet i område.

Forskingsskipet Kronprins Haakon spelar ein sentral rolle i prosjektet.

To tokt i 2023

Sommaren 2022 deltok nokre av forskarane som er knytt til prosjektet på tokt i Polhavet med skipet «Kronprins Haakon». Då blei fleire instumentriggar sett ut i havet, desse skal samla ulike havdata. Riggane skal hentast opp igjen i 2024.

I år skal SUDARCO-forskarar delta på to tokt; i juni til Nansen-bassenget der hovudfokus blir forsking på økosystem og i august til Amundsen-bassenget der ei rekkje fysiske havprøvar skal takast. Begge desse tokta skal leiast av polarinstituttet.

Resultata frå SUDARCO-forskinga vil bli formidla til relevante offentlege og private instansar, og skal gjenbrukast i andre prosjekt og/eller undervisning framover. Det er venta av dei første forskingsartiklane blir publisert frå neste år. Men allereie har SUDARCO bidrege i ein vitskaplege publisert artikkel.

Seinare i år skal det tilsetjast ein post doc som får som hovudoppgåve å arbeida med SUDARCO.

I april i år blir det arrangert ein SUDARCO-workshop på Framsenteret som blir koordinert av UiT Noregs arktiske universitet, Norsk institutt for vannforsking, Havforskingsinstituttet og Akvaplan-Niva.