I dag på Kvinnedagen den 8. mars nyttar vi høvet å fortelja om Liv Arnesen.

I 1994 skapte Arnesen internasjonale overskrifter ved å bli den første kvinna i verda som gjekk åleine, utan støtte eller forsyningar, til Sørpolen.

Ferda starta frå Hecules Inlet ved sørenden av Weddellhavet den 5. november. Etter 50 dagar nådde ho Sørpolen, på sjølvaste julaftan! Då hadde ho tilbakelagt 1200 km på ski. Ho gjekk ikkje på ski tilbake, men vart floge ut av kontinentet.

I åra etter krysset ho Grønlandsisen som første kvinne utan støtte og ho klatra nordsida av Mount Everest til 1900 meter før toppen før ho snudde, for å nemna noko.

Men det skulle bli fleire krevjande turar for Arnesen i Antarktis. I 2000-01 var Arnesen og amerikanske Ann Bancroft dei første kvinnene til å kryssa Antarktis på ski. Den turen tok 94 dagar og var 2747 km lang.

Kvinne og mann holder foredrag i et bibliotek

Kunnskapsbasen polarhistorie.no vart offisielt opna på Tromsø bibliotek 7.mai 2008. Statssekretær Halvard Ingebrigtsen (KLD), prosjektleiar Stian Bones og polfarer Liv Arnesen stod for den offisielle opninga.  Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Interessa for polarområdene har Liv Arnesen hatt sidan ho som barn las boka «Til Sydpolen» av Roald Amundsen. Det vart starten på mange skiturar i fjell og over kvite vidder, og etter kvart eigne turar til både Arktis og Antarktis, og andre stader på kloden.

Etter soloekspedisjonen sin til Sørpolen i 1994, skreiv Arnesen boka «Snille jenter går ikke til Sydpolen» som handlar om ekspedisjonen hennar i 1994. I 2003 gav ho ut boka «No Horizon is So Far», saman med Ann Bancroft og Cheryl Dahle, som handla om Arnesens og Ann Bancrofts kryssing av Antarktiskontinentet. I 2006 skreiv ho «Sydpolen», ein faktabok for barn.

Du kan lesa meir om Arnesen på nettsidene til polarhistorie.no

Kilder: polarhistorie.no og Wikipedia