Dei siste tretti åra har det stadig vorte færre antarktispetrellar i Dronning Maud Land. Forskarane arbeider no på spreng for å finna årsaka til den drastiske reduksjonen.

BLIR FÆRRE Bestanden av antarktispetrell i Dronning Maud Land har gått kraftig ned dei siste tretti åra. Foto: Sebastien Descamps / Norsk Polarinstitutt 

Etter ein lang og vêrhard vinter er det endeleg vår på den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land i Antarktis. Sola er tilbake og dagane er lysare og litt varmare. Og ikkje minst; det lydar igjen fuglesong frå fjella som stikk opp i det kvite landskapet.

Teikn til liv

I år var dei første fuglane observert den femte oktober. To antarktispetrell myste mot overvintrarane frå steinrøysa bak stasjonen. Kanskje ikkje like fornøgd med gjensynet som det menneska var.

– Dette var første gong vi fekk sjå levande liv sidan februar i år, utanom kvarandre, seier elektrikar Alexander Sola, som fekk knipsa bilde av hendinga.

Sidan den dagen har stadig fleire antarktispetrell funne vegen tilbake til nunatakane (fjell som stikk opp frå isen) rundt stasjonen. Etter kvart vil antarktispetrellane få følgja av sørjo og snøpetrell, som også trekkar til Troll på sommaren.

I KJEND STIL Antarktispetrell pleiar å sirkla rundt i store flokkar på denne måten når dei gjer klar for avgang ut mot havet, for å beita etter kril og fisk. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt  

Det er antarktispetrell som er den mest talrike fuglen i Dronning Maud Land. Antarktispetrellane ved Troll hekkar på fjellet Jutulsessen i nærleiken, med den største kolonien finst ved fjellet Svarthamaren lengre aust i innlandet av Dronning Maud Land.

Felles for alle fuglane som hekkar i området er at dei må fly fleire hundre kilometer frå reiret og til kysten av Sørishavet for å finna mat. Men sidan antarktispetrell er ein likestilt art så deler foreldra på å ruga, noko som gjer det mogleg å fly lange avstandar i jakten etter fisk, kril og blekksprutar, som er hovudføda.

BEGGE FORELDRA PASSAR PÅ Antarktispetrell-foreldra delar på å ruga, noko som gjer det mogleg å fly langt for å finna mat.  Foto: Sebastien Descamps / Norsk Polarinstitutt 

Kraftig nedgang 

Tor feltstasjon ligg ved Svarthamaren, cirka tre timars reisetid med snøscooter eller seks timar med beltevogn frå Troll, og er base for overvakingsarbeidet av sjøfuglbestandane i området. På Svarthamaren finst ein av dei største kjente kolonien av antarktispetrell i verda.

I fleire år har forskarar frå Norsk Polarinstitutt studert antarktispetrell. Hensikta er å skaffa informasjon om bestandsstorleikar, næringstilgang og få innsyn i korleis økosystema i Sørishavet endrar seg.

Sålangt finn dei at bestanden av antarktispetrell har gått ned dei siste tretti åra. I 1984 var det registrert om lag 200.000 par av antarktispetrell ved Svarthamaren. I 2020 var bestanden krympa til under 50.000 par.

FORSKAR PÅ ANTARKTISPETRELLER  Fugleforskar Sebastien Descamps. Foto: Jan Roald / Norsk Polarinstitutt 

 

Lite føde?  

Forskarane arbeider no på spreng for å finna årsaka til den drastiske reduksjonen.

– Vi har lite konkret informasjon om årsaka, men vi tror det har å gjera med reduksjonen av tilgang til mat, som antarktisk kril, seier fuglforskar Sebastien Descamps ved Norsk Polarinstitutt, og viser til tidlegare undersøkingar som antydar at krilbestanden i delar av Sørishavet søkk.

– Men nedgangen i krilpopulasjonen er noko kontroversiell, og ikkje alle forskarar er samde. Årsaka kjem av at vi veit for lite om bestandane i Kong Haakons VII Hav i Sørishavet, der antarktispetrell i Dronning Maud Land hentar maten sin.

SVARTHAMAREN På Svarthamaren finst ein av dei største kjente kolonien av antarktispetrell i verda. Herfrå kan forskarane studera fuglanes tilpasing til det barske miljøet, og korleis endringar i miljøet påverkar dei. Dette bildet er tatt under feltarbeid sørsommaren 2018-19. Foto: Sebastien Descamps / Norsk Polarinstitutt 

Kommande antarktissommar skal ikkje Descamps reisa til Antarktis, i staden skal han halda fram med å forska på antarktispetrell frå kontoret i Tromsø.

– Eg jobbar for tida med GPS-sporingsdata kombinert med diettdata for å forstå betre kor antarktispetrell fangar kril og fisk i Sørishavet og korleis desse fôringsområdene varierer frå år til år. Då vil vi òg få betre grunnlag for å fastslå årsaker knytt til bestandsendringar.

VERHARDT Sjølv om det er sommar i Antarktis under hekkingen kan vêret variera mykje, og eit uvêr kan i verste fall ta knekken på ein heil generasjon med ungar. Foto: Sebastien Descamps / Norsk Polarinstitutt 

Sommarsesongen startar

Tilbake på Troll er åleine-tida for overvintrarane på hell, i november landar flyet med dei seks nye overvintrarane som skal ta over etter dagens overvintrarar. Om bord er òg sommarpersonell og forskarar som skal arbeida på stasjonen dei neste sommarmånadene.

På grunn av koronaviruset må polarinstituttet i år leiga privatfly for å hindra smitte når det skal fraktast personell til og frå Troll kommande sommarsesong. Vanlegvis  kan personell fly rutefly til Cape Town i Sør-Afrika, og deretter med charterfly direkte til Troll, men det er ikkje mogleg no i korona-tida. Viss ein får smitta på Troll må heile stasjonen troleg evakuerast, noko som vil gjera det vanskeleg å utføra samfunnsoppdraget om å ha heilårsdrift på stasjonen.

Når flyet landar på flystripa ved Troll-stasjonen er det første gong sidan februar i år. Overvintrarane ser fram til å få meir selskap. 

– Vi er alle veldig spente. Og plutseleg er eit år over, om ikkje lenge reiser vi heim til Noreg igjen, seier Alexander Sola.

Bygninger ved foten av et fjell

TOR Tor feltstasjon ved fjellet Svarthamaren er base for overvakingsarbeidet av sjøfuglbestandane i Dronning Maud Land. Foto: Sebastien Descamps / Norsk Polarinstitutt 

 

TROLL Rundt Troll-stasjonen stikk det opp fjell frå isen, dette kallast for nunatakar. I den antarktiske sommaren lever antarktispetrell, snøpetrell og sørjo i og rundt fjella. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt