Den nye tida har for lengst inntatt det russiske gruvesamfunnet Barentsburg på Svalbard. No blir det også her satsa på forsking, i lys av klimaendringane som set spor i Høy-Arktis.   

 

GJESTET BARENTSBURG Anne Kibsgaard (t.v.), John Guldahl, Evy Jørgensen, Geir Andersen, Kim Holmén, Ole Arve Misund og Nalân Koç , alle frå polarinstituttet, fekk høyre om forskinga i Barentsburg under besøket i gruvesamfunnet. Janet Holmén (sort genser), til høgre på bildet. Foto: The Arctic and Antarctic Research Institute (AARI) 

–  Utviklinga i Barentsburg er at det blir satsa meir på forsking og mindre på gruvedrift, seier direktør Ole Arve Misund ved Norsk Polarinstitutt.

I helga drog Misund og kollegaer ved polarinstituttet på besøk til den russiske busetjinga i Grønfjorden, om lag 60 km vest for Longyearbyen. Her fekk dei orientering og omvisning på det russiske forskingssenteret.  

Satsar på forsking

I løpet av dei siste åra har forskinga fått ein stadig viktigare rolle i Barentsburg-samfunnet. Staden har framleis ei aktiv kullgruve, som mellom anna forsyner kraftstasjonen i byen, men med åra har gruvedrifta vorte mindre lønnsam, og til liks med i Longyearbyen blir det satsa på turisme, i tillegg til forsking.

OMVISNING  Gjestene frå polarinstituttet fekk guidet omvisning under sitt dagsbesøk i Barentsburg. Foto: The Arctic and Antarctic Research Institute (AARI)  

Nye forskingslaboratorium i Barentsburg vitne om at satsinga på forsking er godt i gang. Desse blir også stilt til disposisjon for forskarar frå mange land som kjem hit.

Forskarar frå fleire norske universitet og institusjonar utfører forsking herfrå, mellom anna Universitetssenteret i Longyearbyen og Norsk Polarinstitutt. Over ti russiske forskingsinstitusjonar har base for arktiske undersøkingar i Barentsburg. 

SAMARBEID Ein tidsriktig korona-helsing var på si plass då Russlands generalkonsul i Barentsburg, Sergei Sergeievitsj Gushchin (t.v.), og direktør Ole Arve Misund frå Norsk Polarinstitutt, møttest under besøket. Havisfysikk er eit viktig forskingsfelt der polarinstituttet og russiske forskarar samarbeider i Barentsburg. Foto: The Arctic and Antarctic Research Institute (AARI)  

 

Det er det russiske polarforskningsinstituttet AARI som organiserer forskingsaktiviteten i Barentsburg. AARI er òg medlem i Svalbard Science Forum.  

– Barentsburg har ei liknande utvikling som Svalbard forskingspark har fått for Longyearbyen og Ny-Ålesund forskingsstasjon, seier Misund.

OM FORSKINGSSENTERET Det blir forska på mellom anna hav og havis, mose, tungmetall, bunndyr, plankton, sjøpattedyr og sjøfugl frå Barentsburg. Foto: The Arctic and Antarctic Research Institute (AARI)  

Havis og dyreliv under lupen

Frå Barentsburg blir det forska på hav og havis, mose, tungmetall, bunndyr, plankton, sjøpattedyr og sjøfugl, for å nemna noko. På høgda over byen ruvar tre store antenner som lastar ned data frå satellittar og som inngår i klimaforskingsstudiar.

– Det er spesielt innanfor feltet havisfysikk at polarinstituttet har eit pågåande samarbeid med forskarar, opplyser Misund.

LABORATORIER  Dei siste åra har russarane investert i nye forskingslaboratorium i Barentsburg. Dette bildet er frå omvisninga i eit av laboratoria. Foto: The Arctic and Antarctic Research Institute (AARI)  

Kulturhistorisk vandring 

Det er det statseide russisk gruveselskapet Trust Arcticugol som driftar aktivitetar i Barentsburg.  I tillegg til forskingsaktivitet blir gjester tilboden turar i naturen rundt Barentsburg, som kan kombinerast med historie, russiske kultur, sovjet arkitektur, gruvebesøk, tradisjonsrik mat og underhaldning. Inntektene som kjem frå forskarar og turistar bidrar til å skape aktivitet i samfunnet.

Den sovjetiske betongarkitekturen frå 70- og 80-talet dominerer, og gjer Barentsburg svært ulikt nabosamfunnet i Longyearbyen. Det finst fleire overnattingsmoglegheiter i Barentsburg, hundegard med polarhunder, fargerike veggmåleri laga av skulebarna og ei ortodoks kyrkje.

RUSSISK ARKITEKTUR Den sovjetiske betongarkitekturen frå 1970- og 80-talet gjer Barentsburg svært ulikt nabosamfunnet i Longyearbyen. Her orienterer generalkonsul Sergei Sergeievitsj Gushchi gjestene frå polarinstituttet om historia til staden. Foto: The Arctic and Antarctic Research Institute (AARI)  

Gruvedrift i nedgang 

Til vanleg husar Barentsburg omlag 450 innbyggarar, no var det cirka 300 her som følgje av koronapandemien og vanskelegare å reise til og frå. Men rett før 1990, i den sovjetiske gullalderen for gruvedrift på Svalbard, låg innbyggartalet i Barentsburg og Pyramiden på omkring 2500 menn, kvinner og barn. I løpet av 1990-åra vart folketalet sterkt redusert, vesentleg som følgje av dårlegare økonomi i Russland.

GULLALDEREN Folketalet i Barentsburg er betydeleg redusert dei siste tiåra, dette bildet er frå 1930-talet då det var vanleg å treffa familiar i bybildet. Foto: Alewijnse A. 

Men også andre faktorar har påverka aktiviteten i dei russiske busetjingane på Svalbard. I 1996 skjedde den største flyulykka på norsk jord då eit russisk fly styrta i Operafjellet under innflyving til Svalbard lufthamn i Longyearbyen, og 141 russiske og ukrainske gruvearbeidarar og familiemedlemmer omkom. Dette bidrog òg i ein periode til ei viss nedbygging av familiesamfunnet i Barentsburg. Pyramiden vart nedlagt i 1998, og hausten 2019 budde det 537 menneske i Barentsburg og Pyramiden tilsaman, dei aller fleste i Barentsburg.

BARENTSBURG Til vanleg husar Barentsburg omlag 450 innbyggarar, men som følgje av koronapandemien og vanskelegare å reise til og frå er det no cirka 300 personar som bur på staden. Foto: Harald Faste Aas / Norsk Polarinstitutt