Internasjonal fjellrevkonferanse skal drøfta framtida til fjellreven i eit varmare klima.

 
 

KVIL I BAKKEN Ein fjellrev tar seg ein rast i bakken på Blomstrandhalvøya på Svalbard. Foto: Christelle Guesnon / Norsk Polarinstitutt 

Hugsar du historia om fjellreven som kryssa Arktis på rekordtid ?

Den vesle reven hadde vandra, med havisen og isbrear som bru, frå Svalbard til Canada, i eit tempo og over avstandar ingen forskarar tidlegare hadde sett.

Den unge revetispa, med satellitt-halsbånd, tilbakela 3 506 kilometer på 76 dagar frå ho forlét Svalbard i mars 2018 og til ho nådde Ellesmere Island i Canada, med god hjelp av havis og isbrear.  

No skal fjellrevforskarar frå mange land drøfta framtida til fjellreven under Arctic Fox Conference 2022, i eit klima i hurtig endring, og der is ikkje lenger er ein sjølvsagt transportåre.

FJELLREVFORSKAR Forskar Eva Fuglei på feltarbeid i Adventdalen på Svalbard for å sjå til revehi som blir overvakt med automatisk kamera. I slutten av august ønskjer ho velkommen til fjellrevkonferansen Arctic Fox Conference, som samlar fjellrevforskarar frå fleire land. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt 

Spurtløp over isen – og i pressa 

Fjellreven og spurtferda over isen overraska ikkje berre forskingsverda, men også media i inn- og utland.

Etter at artikkelen om reven vart publisert i Norsk Polarinstitutt sitt tidsskrift Polar Research i juli 2019 (og lasta ned over 7000 gangar) vart historien attgitt i norske og internasjonale medium i eit omfang som polarinstituttet aldri tidlegare hadde opplevd.

Rundt 250 artiklar vart publiserte i 25 land – inkludert i kanalar som CNN, The Guardian, BBC og Al Jazeera, tillegg til ein rekke norske medium.

Fjellrevforskar Eva Fuglei måtte i desse intense sommardagane svara journalistar frå nær og fjern, midt i ein hektisk feltperiode på Svalbard.

VINTERPELS Over heile Arktis finst det nokon heilt isolerte fjellrevbestandar. Tidlegare var dissa øyane omkransa av havis, men varmare klima har smelta havisen. Foto: Christelle Guesnon / Norsk Polarinstitutt 

Blir isolert 

Fjellreven som gjorde denne eksepsjonelle vandringen var ein del av ein større studie i regi av mellom anna Klimaøkologisk observasjonssystem for arktisk tundra (COAT), der forskarane undersøka korleis fjellrev på Svalbard bruker leveområda gjennom året.

Men lite ante forskarane då dei sette i gang med satellittmerkinga i 2012 at ein av dei i alt 54 revane nokre år seinare skulle legga ut på ei historisk spurtferd over Arktis.

Så korleis kunne ein fjellrev setja internasjonal dagsorden?

Reven imponerte mange med spurten sin i strabasiøs polar natur, men historia hadde òg eit alvorleg bakteppe.

Over heile Arktis finst det nokon heilt isolerte fjellrevbestandar, dei mest isolerte lever på små øyar i Beringsundet og på Island. Tidlegare var desse øyane omkransa av havis, men varmare klima har smelta havisen, og ført til at revane som lever der har mista kontakten med andre fjellrevbestandar. Det kan bety at desse revane kan døy ut.

ET KADAVER Ein fjellrev har funne seg eit reinkadaver på Alkhornet på Svalbard. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt 

Transportårane smeltar vekk 

Det same scenariet kan skje i andre delar av Arktis, om klimaendringane fortset i same styrke som har vore tilfelle dei siste åra. Havisen har krympa i eit urovekkande høgt tempo, noko som kan få alvorlege følgjar for dyrelivet.

Viss havisen forsvinn, vil fjellreven på Svalbard bli isolert, fortalde Eva Fuglei, den gongen artikkelen om ferda til fjellreven vart publisert.

Isen, både på land og til havs, er avgjerande for at fjellreven kan ferdast mellom område, møta andre bestandar (og blanda seg genetisk med dei) og finna mat.

Bilde av en fjellrev som løper mot en kortnebbgås for å jakte på den. Snø på bakken. Gåsa flyr av sted,

MATJAKT Fjellrev på Svalbard på gåsejakt. Foto: Bjørn Frantzen

Tette bånd 

Havis har tradisjonelt vore ei viktig plattform for fleire polare artar på jakt etter mat. Fjellrev på Svalbard følgjer etter isbjørn og et restane av sel som bjørnen fangar på isen, den et og andre døde dyr, fugl og egg. Det er tette band mellom artane i isødet.

Fjellreven og utfordringar arten vil møta i eit endå varmare klima, er tema som skal drøftast under Arctic Fox Conference 2022.

Då møtest fjellrevekspertar frå mange land, for å drøfta status og framtid for fjellreven i eit klima i endring. Det blir mellom anna lagt fram forskingsresultat, ulike tema blir drøfta, det blir paneldebatt og workshop. Fjellrevforskar Eva Fuglei og rådgivar Anne Kibsgaard, begge frå polarinstituttet, samt forskar Chloé Nater frå NINA, leiar og koordinerer konferansen.

Delar av konferansen vil strøymast. Du kan lesa programmet her.

PS: Korleis det går vidare med vår historiske revtispes vidare liv får vi ikkje vita, sidan satellittsendaren slutta å virke 6. februar 2019. Men ho var som kjent sist registrert i Canada.