– Då Norsk Polarinstitutt etablerte tidsskriftet for 40 år sidan, kunne vi ikkje føresjå at polarforsking ville bli så globalt relevant til nokon av dei største utfordringane menneskja står ovanfor, seier redaktør for Polar Research, Helle Goldman.

I FELT Redaktør Helle Goldman på Svalbard sommaren 2021. Foto: Norsk Polarinstitutt

Polar Research er Norsk Polarinstitutt sitt internasjonale fagfellevurderte tidsskrift, og blei den fyrste publikasjonen retta mot Arktis og Antarktis som gav lesarane open tilgang. Tidsskriftet gjekk for nokre år sidan over til å bli heildigitalt.

Talrøyr frå polarområda 

I 2021 var nesten 100 000 lesarar innom nettsida. Aldri tidlegare har Polar Research vore ein viktigare kanal ut til samfunnet enn det er no, seier redaktør Helle Goldman ved polarinstituttet.

Klimaendringane slår hardt ned både i Arktis og i Antarktis, og forskarar frå heile verda er opptatt av å studera kva konsekvensar dette får for naturmiljøet. Polar Research er vorte eit viktig talerøyr for forskarane for å fortelja om den alvorlege trusselen som klimaendringar utgjer. 

FYRSTE OMSLAG Omslaget til fyrste nummer av Polar Research, i 1982, framhevar Noregs interesser på Svalbard og Jan Mayen i Arktis og i sør; Dronning Maud Land og øyane Bouvetøya og Peter I Øy. 

Fyrst ut om rekord-reven   

Ho understrekar at i tillegg til at klimaendringar og dei effektane dei påfører polar økologi er eit gjentakande tema som går igjen i artiklane i tidsskriftet, er òg andre fagfelt viktig. Ho trekkar spesielt fram miljøgifter og polarhistorie.

I den ferskaste utgåva av Polar Research skriv Goldman om utviklinga til tidsskriftet frå den første utgivinga i 1982, og fram til no. Artikkelen er på engelsk, og du kan lesa den her.

Goldman fortel om nokon av artiklane som har vekt spesielt stor merksemd. Artikkelen frå 2019 om fjellreven som på rekordtid kryssa Arktis vart ein favoritt hos lesarane. Den fortalde historia om ein satellittmerka fjellrev som med havis og isbrear som bru, vandra frå Svalbard til Canada, i eit tempo og over avstandar ingen forskarar tidlegare hadde sett.

MEST LEST Lite ante forskarane at då denne fjellrevtispa fekk på seg sporingshalsbåndet i Krossfjorden på Svalbard i 2012, nokre år seinare skulle vandra heilt frå Spitsbergen til Canada, i eit tempo og over avstandar ingen forskarar tidlegare hadde sett. Den spesielle vandringa vart fyrste gong fortalt om i Polar Research, der blei artikkelen lasta ned over 7000 gangar dei seks fyrste månadene etter publiseringa. Foto: Elise Strømseng

Artikkelen var skrive av forskarane Eva Fuglei frå polarinstituttet og Arnaud Tarroux frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), og vart lasta ned over 7000 gangar dei seks fyrste månadene etter publiseringa. Historia blei plukka opp av ei rekke norske og internasjonale medium i eit omfang som polarinstituttet aldri tidlegare hadde opplevd.

Rundt 250 artiklar og andre medieinnslag vart publiserte i 25 land – inkludert i kanalar som CNN, The Guardian, BBC og Al Jazeera, tillegg til ei rekke norske medium. I etterkant vart det òg skrive ei barnebok basert på denne reven.

FYRSTE REDAKSJON Medlemma av den fyrste redaksjonen til Polar Research (bilde tatt i forskjellige år). Frå øvst til venstre: Fridtjof Mehlum, Olav Orheim, Ørnulf Lauritzen, Yngve Kristoffersen, Vidar Hisdal og Annemor Brekke. 

Frå Afrika til polarområda 

Helle Goldman, som er sosialantropolog og skreiv doktorgrad om samfunn og kultur i Tanzania, skifta verdsdel og karriere då ho starta som redaktør for Polar Research for 24 år sidan. Ho trivst godt med å formidla frå og om kalde strøk, medan ho driv med afrikansk forsking på fritida.

– Då Norsk Polarinstitutt etablerte tidsskriftet for 40 år sidan kunne vi ikkje føresjå at polarforsking ville bli så globalt relevant til nokon av dei største utfordringane menneskja står ovanfor i dag. Med tanke på dette alvoret, kan til og med ein redaktør som meg ønska at artiklane til tidsskriftet er mindre aktuelle, og at forskingsspørsmåla dei tar opp er mindre presserande, seier Goldman.