No kjem den lyse travle tida.

TROLL Troll er Noregs forskingsstasjon i Antarktis. Stasjonen er i drift heile året, og i vintersesongen er det eit lag på seks personar som betener stasjonen åleine. Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt

Sola er tilbake på Troll. Og tradisjonen tru feirast det med solskinsbollar.

Dei seks overvintrarane kunne endeleg rigga seg til ute for å nyta nysteikt bakst medan sola sende strålar over den norske forskingsstasjonen Troll i Antarktis.

VÅR I SIKTE Når sommaren er på hell i nord, er han i sin spede start sør på kloden. Nyleg kunne dei seks overvintrarane på Troll ønske sola velkommen tllbake etter fleire månaders fråvær. Foto: Caroline Haseid Halvorsen / Norsk Polarinstitutt

Vêrhardt

Men sol på himmelen innbyr likevel ikkje til å pakka bort varme klede i Antarktis. 

I dag viser målestokken minus 32 grader på Troll. Heilt normalt på denne tida av året, overvintrarane er trass alt på verdas kaldaste og forblåste kontinent.

Akkurat no er vêret fint. Vi har litt trekk ned frå platået så det er godt og kaldt, seier stasjonskokk og overvintrar Caroline Haseid Halvorsen.

Sjølv om det er vår og sommar i Antarktis, er det framleis kaldt og vindfullt, dog nokre varmare temperaturar. Det aller meste av Antarktis er dekt av tjukk is, både sommar og vinter. Ved Sørpolen er det til dømes alltid minusgrader, og midt på sommaren er det gjerne rundt 26 minus der. 

TRADISJON Det er vorte ein tradisjon at overvintrarane lagar solbollar når sola dukkar opp igjen på Troll. Foto: Caroline Haseid Halvorsen / Norsk Polarinstitutt

Ny sommarsesongen for tur

Men vêret skiftar fort. Sist helg herja ein sterk storm på Troll. Då var det lite som minte om at det går mot varmare og lysare dagar sør på kloden.

I helga er det venta snø. Då blir det ein del innetid, og gjengen kan mellom anna nyta sjefmekanikar Jørund Govasli sin heimelaga kjøttkaker og creme brulé, fortel Halvorsen.

Kokkelering i helgane rullerer her nede, den som har vaktveke planlegg mat og får vist fram kunstnarene sine, seier kokken, som har helgefri. Og kan ladde batteria.

For med sola si attkomst kjem òg travlare dagar. Overvintrarane skal i gang med å førebu ein ny sommarsesong.

STORM PÅ TROLL Antarktis er verdas kaldaste og forblåste kontinent, noko denne polfareren erfarte då ho rørde seg mellom bygningane i samband med ein forskingsekspedisjon i 2007. Foto: Lou Albershardt

Bebuartalet blir mangedobla

Sommaren, frå november til februar, er høgsesong for forsking og logistikkaktivitet på Troll. På Troll blir bebuartalet dobla mange gangar i denne perioden, ofte er det 30-40 personar på stasjonen.

Det blir litt av ein overgang for overvintrarane.

I fleire månader, gjennom den mørke og verharde antarktiske vinteren, har dei drifta stasjonen heilt åleine. Dei har meldt vêret til meteorologisk institutt, hatt brannøvingar, rydda snø, reparert utstyr og materiell etter vinterstormane, for å nemna noko.

Og snart skal dei i gang med å klargjera flyplassen for ein ny sesong med flygingar.

Når det første flyet landar på blåisen i november, er den fylt opp med sommarpersonell og forskara. Ombord er òg dei seks nye overvintrarane som skal overta jobbane til dagens overvintrarar, som då kan reisa heim etter eit år i isødet.

Men før den tida er det mykje som skal på plass. Då er det godt å få kvilt seg med varme solstrålar i stasjonsveggen.

SOLVEGGEN To av overvintrarane i teamet for 2019-20 nyt sola på Troll. Foto: Alexander Sola / Norsk Polarinstitutt  

Relevante lenker:

Ventar på lyden av fuglane