..og endar nok dagane sine der, trur forskar.

Feltarbeidet til sjøfuglforskarane på Bjørnøya handlar i stor grad om fuglar, men fyrst og fremst om å studera dei artane som har halde til her i årevis, som polarlomvi, alkekonge, krykkje, havhest og polarmåke.

Forskarane vier òg stadig meir tid til å studera dei meir sørlege fuglane, som havsule og lomvi, som med åra har auka i tal i fugleldoradoet i Barentshavet, som husar ein av dei største fuglkoloniane i verda.

EKSOTISK GJEST Rosenstær er kledt  i rosa og sort fjørdrakt. I sommar blei fuglen for fyrste gong observert på Svalbard. Foto: Hallvard Strøm / Norsk Polarinstitutt 

Kjærkomen stoppestad 

No og då dukkar det opp meir uvanlege fuglar på Bjørnøya, gjerne under vår- og hausttrekket. Kanskje ikkje så rart, ei lita øy midt i eit stort hav kan vere ein kjærkomen stoppestad for fuglar på trekk. 

På Svalbard finst det mykje areal som sjeldan blir besøkte av forskarar, fuglekikare eller andre, og difor veit vi lite om kva for «raritetar» som finst rundt om på øygruppa.

Men når sjeldanheitane blir oppdaga, så vekkjar dei oppsikt, som i sommar då forskarane fekk ta ein rosenstær (Pastor roseus) i nærare augesyn i Revdalen på Bjørnøya. 

– Under store delar av feltarbeidet heldt rosenstæren seg i nærleiken av oss, fortel sjøfuglforskar Hallvard Strøm frå Norsk Polarinstitutt.

Dette er fyrste dokumenterte funn av rosenstær på Svalbard. Arten er òg eit sjeldan syn på fastlands-Noreg.

Rosenstær er ein søraustleg art med hovudutbreiing nord og aust for Svartehavet og Kaspihavet.

Den er ein fugleart i familien stær, og liknar i storleiken på ein stær, men skil seg ut med ein ekstravagant framtoning; den er kledt i rosa «drakt» og har ein nakketopp. Hovud, hals, vingar og hale er sort. 

BJØRNØYA – Under store delar av feltarbeidet heldt rosenstæren seg i nærleiken av oss, fortel sjøfuglforskar Hallvard Strøm.  Foto: Vidar Teigen 

Kryssar landegrensar  

Det er ikkje mange somrar sidan forskarane på Bjørnøya gjorde store auge då dei for fyrste gong observerte ein topplunde, som er ein annan sørleg art. Topplunden heldt seg da i lag med dei «lokale» lundefuglane på øya.

Til vanleg held topplunden til i Stillehavet, og det er ikkje kjend at fuglen har vore observert i Noreg tidlegare. 

Topplunden treng ikkje å indikera noko spesielt, sjølv om varmare klima har gjort at nokre sørlege artar har trekt nordover.

– Men det er interessant at nokon fuglar opptrer langt utanfor det naturlege utbreiingsområdet sitt, det visar at store hav- og landområdar ikkje utgjer nokon barrierar for mange artar, seier Hallvard Strøm. 

TOPPLUNDE  Topplunden hekkar frå vestkysten av Nord-Amerika til østkysten av Nord-Asia, og held seg nord i Stillehavet om vinteren. Topplunden på Bjørnøya må difor ha tilbakelagt ein lang reise før han ankom Svalbard. Foto: Guus Wellesen/Norsk Polarinstitut

Ute av kurs 

Rosenstæren, som var ein hann, heldt seg i vekesvis i nærleiken av forskarane. 

Der åt han planteføde og insekt, i houvedsak fluger. 

Kvifor trur du fuglen kom til Bjørnøya ?

– Han har nok komme med sterke vindar sørfrå, komme ut av kurs og redda seg ned på Bjørnøya, seier Strøm.

Jaga av reven 

Då forskarane forlét Revdalen i slutten av august, heldt fuglen framleis stand ved feltleiren. Og han er nok der framleis.

– Han har nok små sjansar for å overleve eit trekk sørover frå øya. Dessutan vart òg fjellreven oppmerksam på rosenstæren, og vart stadig sett jagande rundt etter han, så det spørs om han ikkje endar dagane sine på Bjørnøya, seier Strøm.

FUGLE-ELDORADO Bjørnøya er det einaste landfaste punktet mellom fastland-Noreg og Spitsbergen. Øya har ein bratt, nesten utilgjengeleg kyst som er ein populær hekkeplass for fleire sjøfuglarter som lomvi, polarlomvi, alkekonge, krykkje, polarmåke (bilete) og havhest. Foto: Odd Harald Selboskar / Norsk Polarinstitutt