I 1946 drog setesdølen Knut Bjåen saman med Bjørvik Jacobsen og Odd Lønø til Halvmåneøya på Svalbard for overvintringsfangst.

Fire menn har spent sele på en isbjørn som trekker dem

Fangstmenn med glimt i auga. Bjåen-karane bak ein stivfrosen isbjørn som har falle for sjølvskot i 1948. Foto: Bjørn Bjåen / Svalbard Museum

Bjåen, som hadde vakse opp i ein søskenflokk på fjorten på ein gard 900 meter over havet, vart ikkje spesielt skremd etter eit år i isaudet. Han skriv i dagboka, då han er på fastlandet sumaren 1947 for å hente to brør og ein fetter til ei ny overvintring: «Det var ikkje 10de parten so hardt og farefullt som eg hadde venta, her i Sud Noreg høyrer vi so mange røvarhistoriar om livet der uppe at det er ei gru, men du verden for mykje overdrivelse. Det blir liksom reikna for ein modig og fandenivoldsk kar som tor reisa dit opp. Sludder og tøv, har ein ikkje noko anna å setja brystkassa fram og bryska seg for, er det best å la ho turka inn.»

Høyr intervjuet med Bjåen-brørne då dei kjem attende til Tromsø med 9(!) levande isbjørn i 1948 frå NRK  22.9.48, og det starter med live-opptak av gretten isbjørn i bur i Tromsø: 

Til info så vart isbjørnjakt ulovleg på Svalbard i 1973.