I dag 8. mai 2020 er det nøyaktig 75 år sidan freden kom tilbake til Noreg – etter fem lange år med krig og okkupasjon.

Frigjøringsdagen blir markert  fleire stader i Noreg, også i polarområdene. På den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land i Antarktis heisar overvintrarane det norske flagget, til ære for frigjeringa.

Det norske flagget vart heisa på Troll i Antarktis i dag 8. mai i samband med frigjøringsdagen. Foto: Arthur Snekvik / Norsk Polarinstitutt

Sjå film frå Troll-stasjonen 8. mai 2020. Film av Karin Jansdotter, Norsk Polarinstitutt

Motstandsmannen Tore Gjelsvik 

Og medan vi er i Antarktis er det verd  nemna at fleire stader i Dronning Maud Land, der Troll-stasjonen ligg, har stadnamn med klare referansar til det norske motstandsarbeidet under krigen. 

Tore Gjelsvik, som var direktør for Norsk Polarinstitutt frå 1960, sørga for å gjere minnet om dei norske motstandheltane udødeleg i antarktiske fjell. Gjelsvik som sjølv hadde hatt ei sentral rolle i motstandskampen under andre verdskrigen, heidra innsatsen med å namngi fjellområda Heimefrontfjella og Lingetoppane, fortel polarhistorikar Harald Dag Jølle, frå Norsk Polarinstitutt. 

Motstandsmannen Tore Gjelsvik var direktør ved Norsk Polarinstitutt i åra 1960–1983. Foto: Norsk Polarinstitutt

Heimefrontfjella

Døme på namn i fjellkjeda Heimefrontfjella1 i dei vestlege delane av Dronning Maud Land  er Milorgfjella, XU-fjella, Lingetoppane, Sønstebynuten, Baalsrudfjellet, Sivorgfjella og Tottanfjella. Fjella vart observerte og flyfotografert under Maudheimekspedisjonen i 1949–52. 

Noreg deltok på den britisk-svensk-norske Maudheimekspedisjonen i 1947-49. Ekspedisjonen var den første verkelege internasjonalen vitskaplege ekspedisjon til Antarktis, planlagt under leiing av Harald U. Sverdrup og gjennomførd med John Giæver som ekspedisjonsleiar, begge frå Norsk Polarinstitutt. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Baalsrudfjellet er namngitt etter løyntanten og motstandsmannen Jan Baalsrud, som vart angripe av tyske styrkar under landingsoperasjonar i Troms. Jan Baalsrud klarte, med livet som innsats og med hjelp frå lokale innbyggarar, å berga seg ved å flykta frå Gestapo, og etter to månaders strabasiøs ferd nådde han svenskegrensa  og fridommen. 

Bygde radiosendarar

Lingetoppane  i Fimbulheimenheimen er oppkalla etter motstandsmannen, kapteinen og skodespelar Martin Linge, som mellom anna deltok i kampar i Lofoten  i 1941, og sjølv vart drepe av nazistane seinare same år.

– Johansenbotnen er òg verd å nemna, staden er ei oppkalling etter Einar Johansen frå Tromsø. Etter opplæring i Storbritannia returnerte han til Nord-Noreg i 1942 og bygde opp eit nett av radiosendarar som bidrog til at det tyske krigsskipet Tirpitz kunne senkast utanfor Tromsø i 1944, supplerer bibliotekar Ivar Stokkeland frå Norsk Polarinstitutt. 

Lær om polare stadnamn  

Alle norske stadnamn i Arktis og Antarktis er elles samla i ein open database. Historia bak dei vedtekne namna i dei norske polområda strekk seg heilt tilbake til vikingtida, men dei fleste namna stammar frå nyare tid, prega av utforsking, kvalfangst og kartlegging. Norsk Polarinstitutt er det offisielle organet for vedtak om stadnamn i norske polarområde. Nærmare bestemt Svalbard (inkludert Bjørnøya) og Jan Mayen med nære havområde, og likeins i sør: Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy med nære havområde. Vil du lese historia til eit særskild namn kan du søke i vår database.

Det er haust og mørketid på Troll. Dette kveldsbildet vart tatt i april av teamleiar og overvintrar Karin Jansdotter. 

Haust i Antarktis 

På Troll vaiar flagget i haustvinden på frigjøringsdagen. Dagane heilt sør på kloden blir gradvis mørkare og kaldare, gradestokken viser -14 kuldegrader.  Om få dagar, den 14. mai, forsvinn sola for denne gongen. 

Dei seks overvintrarane jobbar med dei vanlege driftsoppgåvene, i tillegg til at dei er godt i gang med planlegginga av 17. mai helsing frå Antarktis, og som vi deler med dykk neste søndag.

1Gjelsvik, T. Place-names of Heimefrontfjella and Lingetoppane, Dronning Maud Land, Antarctica. Norsk Polar institutt Rapportserie 54, 1989.