I dag, 6. desember, arrangerar Heimevernet «uniform på jobben»-dagen for andre året på rad.

Alle som er med i Heimevernet deltek årleg på kortare eller lengre øvingar, i tillegg til kurs, for å trene på nasjonal bereiskap. Arbeidsgivarar som har heimevernssoldatar som tilsette bidrar i det høve inn i forsvaret av Noreg.

Erlend Lorentzen ved Forskingsavdelinga ved Norsk Polarinstitutt har vore med i Heimevernet i 12 år. I dag kledde han på seg den grøne uniforma på jobben, for andre gong.

Vi kler oss i uniform i dag for å synleggjere for kollegaer og samfunnet at vi er med i Heimevernet. Dei fleste i Heimevernet er utelukkande «vanlege» folk med sivile jobbar. Denne dagen er og ein gest til arbeidsgivarane våre for at dei lèt oss vere borte frå jobben nokre dagar i året for å øve, seier Lorentzen. 

Overingeniør Erlend Lorentzen på kontoret i Framsenteret, i dag i Heimvernuniform i samband med «uniform på jobben»dagen. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt  

«Uniform på jobben»-dagen blir gjennomførd på årdagen for Heimevernet, og i år fyllar Heimevernet 75 år.

Det er frivillig å delta i «uniform på jobben»-dagen, men felles er at alle må ha fått løyve frå den sivile arbeidsplassen sin eller frå skulen, til å bere heimevernsuniforma si denne dagen.

Kvifor er du med i Heimevernet?

– Til liks med dei fleste andre som har tenestegjort i Forsvaret tidlegare vart eg overført til Heimevernet nokre år etter førstegongstenesta, så dette er ein del av plikta eg har til å forsvare landet. Heimevernsavdelingane blir trena i å operere i heimtraktene sine, som gir ein ekstra motivasjon. I tillegg trivst eg godt i heimevernsmiljøet – samhaldet er unikt, og nytteverdien potensielt ubetalelig. Kva gir vel meir meining enn å verne heimstaden sin og folk ein har rundt seg til dagleg?

Erlend Lorentzen tilhøyrer innsatsstyrken i HV-16, som er heimevernsdistriktet som dekkar heile tidlegare Troms fylke og dessutan nordre del av Nordland. Hovudkontoret ligg i Bjerkvik.

Heimevernet (HV) er ein nasjonal bereiskap- og innsatsstyrke. Hovudoppgåva er å forsvare Noreg og verne om menneske og viktige samfunnsfunksjonar. Heimevernet er Forsvarets største avdeling og består av 40 000 soldatar spreidd over heile landet, i alle samfunnslag og  yrkesgruppar. Felles for dei aller fleste er at dei har gjennomførd førstegongsteneste.

Les meir om «Uniform på jobben-dagen»