Kva skjular seg i Polhavet ? Er det nokre miljøgiftar vi må passa oss ekstra for?

Dette og meir til får du svar på om du kjem innom polarbiblioteket på laurdag.

Laurdag 1. oktober opnar vi biblioteksdørane i Framsenteret, under Forskingsdaganes Fritt Fram!

I Framsenteret arbeidar forskarar og andre som driv med klima- og miljøforsking. Laurdag får besøkande sjå inn i deira kvardag når fleire av institusjonane på senteret held ope hus.

VELKOMMEN  Havforskar Morven Muilwijk og miljøgiftforskar Geir Wing Gabrielsen møte du i polarbiblioteket på laurdag. Førstnemnde skal fortelja nytt frå sommarens tokt til Nordpolen og sistnemnde tar med seg sin nylanserte faktabok om miljøgiftar. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

I polarbiblioteket riggar forskarare frå Norsk Polarinstitutt seg til med forskingsutstyr som dei brukar i felt og på laboratorium. Dei skal fortelje kva utstyret blir brukt til, korleis og kvifor – til alle som vil høyra på.

Du får òg vita kva dei fann i det nordlege Polhavet då dei granska djupet i sommar, og du får høyra korleis du kan bidra til at færre miljøgiftar hamnar i havet.

Vi byr på polarquiz – med premiar – velkommen inn!

Tid og stad: Laurdag 1. oktober kl. 1100 – 1500, i biblioteket, Framsenteret. 

Gratis inngang inklusiv på Polaria (rett ved).

Les meir om Fritt Fram! og kva anna du kan oppleva denne dagen. 

Mersmak held open kafé frå 11.00 til 15.00 i 2. etasje på Framsenteret.

OPE BIBLIOTEK Fullt bibliotek under eit tidlegare Fritt Fram! Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt