Formalisert samarbeid mellom Kartverket og Norsk Polarinstitutt skal framme meirverdi av kunnskaps- og kartproduksjonen til etatane.

 Direktør Ole Arve Misund frå Norsk Polarinstitutt og kartverkssjef Johnny Welle signerar samarbeidsavtalen. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt  

Kartverket og Norsk Polarinstitutt er begge statlege forvaltingsorgan som er underlagt høvesvis Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Institusjonane har samarbeidd i ei årrekkje, men først no formaliserar dei dette. Målet er at ein samarbeidsavtale skal bidra til at oppgåver blir løyste på ein mest mogleg effektiv måte.

I avtalen blir det lagd til rette for utveksling av metodar, instrument og data. Heilt sentralt står fagleg prosjektsamarbeid med rådgiving, dataforvaltning, forsking, logistikk og formidling innanfor kompetanse- og ansvarsområda til etatane.

Partnarane skal òg danna eit samarbeidsutval. Som ei forlenging av samarbeidet skal det lagast underavtalar om utvalde delar av etatsverksemda, f. eks.:

  • Samarbeid i tilknyting til forskings- og kartleggingsprosjekt i dei norske polarområda
  • Samarbeid med omsyn til logistikk og bruk av instrument og utstyr
  • Samarbeid og arbeidsdeling vedrørande rådgivingsfunksjonen

Direktør for Kartvekets geodesidivisjon, Per Erik Opseth (t.v.), forskingsdirektør Nalân Koç (Norsk Polarinstitutt), Misund, Welle, fylkeskartsjef Steinar Vaadal (Kartverket) og seksjonsleiar for kart, Yngve Melvær (Norsk Polarinstitutt), deltok på markeringa då samarbeidsavtalen blei underteikna. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt