Skal Sysselmannen behalda namnet sitt eller bør det endrast til eit kjønnsnøytralt namn ?

NAMNEMAKAR Svalbardhistoriker og arkeolog Per Kyrre Reymert foreslår at sysselmannen blir bytt ut med sysselmeister og at kontoret Sysselmannen på Svalbard blir heitande Svalbard syssel. Forslaga har han sendt inn til regjeringa, som har etterlyst namn. Her er Per Kyrre fotografert med si eiga bok Fangsthytter på Svalbard som han gav ut i 2015 saman med Oddleif Moen. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Vel, om det er det fleire meiningar, og saka er hamna på regjeringas bord som den 1. januar 2021 skal legga fram forslaget til namn på den øvste representanten deira på Svalbard. 

I dag er det Kjerstin Askholt som er sysselmann på Svalbard, ein jobb ho har bekledd sidan 2015. Og med det er ho både politimeister, notarius publicus (offentleg protokollfører ) og hjelpedommar ved underretten, og har dessutan andre offentlege funksjonar.

Kjønnsnøytrale namn

Men tilbake til namnet Sysselmannen. Regjeringa har bestemt å endra dei kjønnsspesifikke stillingstitlane til å bli kjønnsnøytrale i alle verksemdene til staten, og i det høvet vil Justis- og beredskapsdepartementet gjera stillingstittelen Sysselmannen på Svalbard kjønnsnøytral.

Regjeringa har òg bedt om på forslag til kjønnsnøytrale titlar.

Ein som har meiningar om kva sysselmannen kan heita framover, er svalbardhistoriker og arkeolog Per Kyrre Reymert. Reymert vart pensjonist for nokre år sidan, men den aktive og vitebegjærlige svalbardkjenneren har stadig nye polare skriftlege og praktiske prosjekt på gang. Dei neste måndene skal han mellom anna bu i Longyearbyen og arbeida som konservator ved Svalbard Museum.

Namnsetting er døme på noko Reymert gjerne bruker tid på. 

– Eg foreslår at stillingstittelen sysselmannen blir erstatta med sysselmeister, og at kontoret blir endra frå Sysselmannen på Svalbard til Svalbard syssel, seier Reymert. 

Sysselmeister 

Reymert viser til Svalbardloven av 1925 som bruker nemninga syssel om sysselmannen, og slik sett har sysselmeister referanse til historiske nedtegnelser frå Svalbard.

– Ja, og så er sysselmeister kjønnsnøytralt, som er hensikta med heile namneendringa, seier Reymert som òg er medlem av namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt, som vedtek stadnamn i dei norske polarområdene.

Reymert har følgjeleg meldt inn namneforslaga sysselmeister og Svalbard syssel til styresmaktene ved Polaravdelingen ved Justis- og beredskapsdepartementet. No ventar han spent på kva namn regjeringa landar på.

Reymert er ein av fleire som er intervjua av NRK om namneendringa på Svalbard, du kan høyra intervjuet i programmet Språkteigen

gruppebilde

NAMNEKOMITEEN Namnekomiteen for polare stadnamn består av Ivar Stokkeland (f.v.), Anne Urset, Per Kyrre Reymert, Oddveig Ørvoll (leiar) og Winfried Dallmann. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Les om polare stadnamn

Alle norske stadnamn i Arktis og Antarktis er samla i ein open namnedatabase. Historia bak dei vedtekne namna i dei norske polområda strekk seg heilt tilbake til vikingtida, men dei fleste namna stammar frå nyare tid, prega av utforsking, kvalfangst og kartlegging. I namnedatabasen finn du mykje interessant historie, gjer eit søk!