Polarinstituttet har mange forpliktingar å ta omsyn til når det gjeld drifta av Troll-stasjonen. Under ein pågåande – og akselererande – global pandemi er det spesielt to av dei som skil seg ut: Det eine er at Antarktis i dag er verdas einaste koronafrie kontinent, og alle nasjonar med sammenfallande interesser må samarbeida for at det blir verande slikt. Det andre er at vi har som oppgåve å kontinuerleg sikra, drifta og oppgradera stasjonen, ikkje berre på vegne av Polarinstituttet og norske interesser,men òg av omsyn til samarbeidspartnarar som KSAT, NILU, Universitetet i Oslo og Meteorologisk institutt.

Direktør Ole Arve Misund på Troll i 2018 . Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Vi vurderte lenge å nytta «Kronprins Haakon» til å gjennomføra mannskapsbytet på Troll. Skipet hadde løyst oppgåva heilt utmerka, men omsyn til andre eigarar og samarbeidspartnarar – og dessutan lenge planlagde tokt på meir nordlege breiddegradar – fører til at vi vel å sjå på andre løysingar.

I slutten av november skal containerskipet «Malik Arctica» frakta containerar, drivstoff og anna utstyr inn til shelfen i Dronning Maud Land, der det blir møtt av mannskap frå stasjonen. Med om bord følgjer eit vitskapleg team på fire frå Polarinstituttet som skal utføra forsking under ferda. Skipet returnerer med andre gods frå Troll-stasjonen i slutten av februar. Reisa blir på til saman 85 dagar.

Sjølve mannskapsbytet føregår med fly. Det blir tre turar med fly for å frakta overvintringsteam og sommarpersonell frå midten til slutten av november – og tre turar heim igjen frå slutten av februar. Seks flyturar til saman. Flyet reiser mest mogleg direkte, med mellomlandingar i Cape Town og karantene før avgang. Cape Town har i det siste hatt ei meir positiv utvikling med omsyn til pandemien. Mellomlandingar på Falklandsøyene og Punta Arenas vart vurdert, men oppfatta som meir usikre.

Reisa med både fly og båt føregår etter smittevernfaglig tilråding frå smittevernoverlege, Trond Bratland, i Tromsø kommune og smittevernsenteret på UNN. Karantene blir gjennomført i tråd med råd frå den smittevernfaglige ekspertisen, og det vil bli tatt spesielle smittevernhensyn heile vegen.

Vi gjer alt vi kan for å sikra at vi er i stand til å ta vare på forpliktingane våre og samtidig skjerma overvintringsteam og sommarpersonell frå potensiell smitte.

Du kan lesa meir om transporten til Troll i denne nyheitssaka frå NRK. 

Søndagsmorgon var Troll tema i «Helgemorgen» på NRK. Du kan sjå og høyra opptaket via følgjande lenke

Vennleg helsing Ole Arve Misund, direktør Norsk Polarinstitutt