Kvar haust er det byte av overvintrarar på den norske Troll-stasjonen i Antarktis. Då skal dei seks som har drifta stasjonen i eitt år, bli byt ut med seks nye. Men før nykomlingane reiser sørover, må dei gjennom ulike kurs som skal rusta dei for året i sør.

SNART KLAR FOR ANTARKTIS Fem av dei seks nye overvintrarane deltok på kurs i flyplass og brannredning på Svalbard denne veka. På bilde er dei saman med tilsette ved Polarinstituttets operasjon- og logistikkteam og instruktørar, direktør Ole Arve Misund var òg innom kurset i dag. Frå venstre instruktør Pål Higraff, direktør Ole Arve Misund, forskingsteknikar Mads Risberg , røyrlegger Benjamin Larsen, kokk Anders Vangen , mekanikar Tomas Furulund, elektrikar Anders Skorve Skarpeid, instruktør Harvey Goodwin, seksjonsleiar Antarktis Jon Hugo Strømseng og instruktør Mads Haugsnes. Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt

Overvintringsteamet består av seks personar; mekanikar, kokk, elektrikar, lege, røyrleggar og forskingsteknikar.

Saman skal dei drifta den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land i eit heilt år, gjennom både sørsommeren og ein tidvis vêrhard antarktisk vinter.

Kommande sesong er det Anders Skorve Skarpeid (elektrikar), Anders Vangen (kokk), Brynjar Landmark (lege), Benjamin Stene Larsen (røyrleggar), Mads Risberg (forskingsteknikar) og Tomas Furulund (mekanikar) som skal utgjera overvintringsteamet.

Og sjølv om kvar enkel overvintrar har spesialfeltet sitt i botn må alle trå til på ei rekke fellesoppgåver. Vatn skal skaffast, diesel blir fylt, mat blir laga, og køyretøy, utstyr og bygg må sikrast mot vêr og vind, for vêret kan snu på få minutt. Overvintrarane gjer òg målingar og samlar inn prøvar for forskarar og samarbeidande institusjonar som held til på Troll og området rundt.

 

BRANNSLØKKING  Overvintrarar øver på brannsløkking. Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt

Drifter flyplassen på blåisen

Ei viktig oppgåve på vinteren er å sørga for å halda ved like og opna flyplassen, Troll Airfield, slik at den er klar når det første flyet i sommersesongen skal landa på den 3000 meter lange flystripa som liggjer på blåisen, eit par kilometer frå forskingsstasjonen.

Flystripa er berre i drift i den antarktiske sommarsesongen (oktober–februar), fyrst og fremst berekna for transport av folk og lettare cargo. Sikkerheit og drift av rullebanen ved Troll er del av Dronning Maud Land Air Network Project – eit samarbeidsprosjekt mellom elleve nasjonar med aktivitet i Antarktis.

 
snø og fjell

TROLL I ALL SIN PRAKT Dette bildet vart tatt i mars i år av noverande overvintrar, kokk Karin Jansdotter, når mørketida var i emninga og polarlyset skinna over fjella i området. Foto: Karin Jansdotter / Norsk Polarinstitutt 

Sikkerheit i høgsetet

Kurset vart halden ved flyplassen i Longyearbyen på Svalbard.

– Hensikta med kurset er å gjera personellet i stand til ta vare på sikkerheit på Troll-stasjonen og drift av flyplassane, forteljar instruktør og ingeniør Sven Lidström frå Norsk Polarinstitutt.

Flyplasskurset var i samarbeid med Avinor i Longyearbyen og tilpassa for flyoperasjonar til Antarktis og spesielt til Troll. Deltakarane fekk forelesninger frå mellom anna pilotar, lege og polarinstituttets eigna tilsette ved Operasjons- og logistikkavdelinga.

Instruktørar var dei erfarne Antarktis-farerne Sven Lidström og Harvey Goodwin frå instituttet. Pål Higraff frå Avinor, med tre sesongar på Troll, var òg instruktør.  Seinare i haust skal overvintrarane på kurs i mellom anna breredning i Tromsø-området.

SKAL DRIFTA FLYPLASS  Hensikta med kurset er å gjera personellet i stand til ta vare på sikkerheit på Troll-stasjonen og drift av flyplassane, forteljar instruktør og ingeniør Sven Lidström frå Norsk Polarinstitutt. Foto: Sven Lidström / Norsk Polarinstitutt

Troll Airfield er berre tilgjengeleg for fly på oppdrag frå operatørar som opererer i samsvar med Miljøprotokollen til Antarktistraktaten, og fly som ikkje oppfyllar sikkerheits- og miljøkrava som blir stilte vil bli nekta tilgang til flystripa.

Utsendinga av last som skal gå med båt frå Europa startar rundt medio november frå Tromsø, med ankomst losseplass medio januar. All cargo blir lossa på iskanten og deretter frakta med beltevogn til Troll, som er lokalisert om lag 235 km frå kysten. 

For å rusta overvintrarane for året i Antarktis må dei gjennom ulike kurs. Kursa blir haldne på Svalbard og i Tromsø. Denne veka har det vore arrangert kurs i flyplassdrift og brannsikkerheit på Svalbard og i regi av Polarinstituttets Antarktis-team på logistikksida.

 

FLYOPERASJONER ANTARKTIS Flyplasskurset var i samarbeid med Avinor i Longyearbyen og tilpassa for flyoperasjonar til Antarktis og spesielt til Troll. Foto: Ole Arve Misund / Norsk Polarinstitutt

Isolert frå omverden 

Når dei nye overvintrarane kjem til Troll blir den første tida prega av overlapping og informasjonsutveksling mellom dei og dei gamle overvintrarane, før dei seks drivne overvintrarane takkar for seg og set kursen nordover. Tilbake på stasjonen skal dei nye overvintrarane og sommarpersonellet saman drifta forskingsstasjonen fram til februar/mars, når den antarktiske vinteren er i anmarsj og sommarpersonellet òg forlèt Troll. Det er då overvintringen startar for alvor.

Overvintrarane er no åleine på stasjonen og heilt isolert frå omverden til i november, når ny sommarsesong står for tur og det første flyet landar på flystripa ved Troll, med personell og forsyningar om bord.

Om vinteren har overvintrarane ingen andre enn kvarandre å omgåast, men dei kan likevel halda kontakt med omverden via eit godt utbygd nett. Les om kva overvintrarar som no er på Troll bruker tida til i vintersesongen.

 
fly og beltevogn

TROLL AIRFIELD Troll Airfield er berre tilgjengeleg for fly på oppdrag frå operatørar som opererer i samsvar med Miljøprotokollen til Antarktistraktaten. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt