Statsråden fekk sjå klimaeksperiment med hoppekreps då det nye is- og klimalaboratoriumet opna denne veka. – Hoppekreps er livsviktig føde for fleire marine artar i Arktis, fortalde forskarane i labben.   

Det nye laboratoriet har fått namnet Torgny Vinjes is- og klimalaboratorium etter den avdøde polarforskaren Torgny Emil Vinje.  

I laboratoriet blir det opparbeidd og analysert is og snøprøvar frå både Arktis og Antarktis, og det held i snitt cirka 15-20 kuldegrader. Laboratoriet er delt inn i tre rom.

– Eit rom for iskjernar og snø frå isbrear og innlandsis og eit rom for iskjernar og snø frå havis, i tillegg finst eit større fryselager for is- og snøprøvar, forklarer havisforskar Mats Granskog frå Norsk Polarinstitutt.

DØYPTE MED EIN ISKJERNE Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn fekk ein iskjerne av havisforskar Mats Granskog som han skulle knusa mot døra då han døypte laboratoriet for Torgny Vinjes is- og klimalaboratorium. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt 

Polar dåpstradisjon

Granskog overrekte Sveinung Rotevatn ein mini-iskjerne som statsråden skulle slå mot døra til laboratoriet då han erklærte det for opna, i tråd med ein polar tradisjon (sjå film frå åpninga).

Polfarer Roald Amundsen døypte forskingsfartøyet «Maud» med ein iskjerne for over hundre år sidan, og i 2018 døypte prinsesse Ingrid Alexandra forskingsskipet «Kronprins Haakon» med ein iskjerne frå Polhavet.

I LABBEN Forskar Allison Bailey fortel direktør Ole Arve Misund, statsråd Sveinung Rotevatn og polarrekruttane, her ved Øyvor Johanne Gjerde, om eksperiment som forskarane gjer med hoppekreps i laboratoriet. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Små, men livsviktige

I tilknyting til laboratoriet er det eit våtrom der forskarar kan arbeida med smelta prøvar frå is og snø, førebu eksperiment og dokumentera analysar knytt til ulike klima- og miljøstudiar. 

Hit fekk statsråden og hans følgja bli med inn for å sjå eit konkret eksperiment knytt til dei to hoppekreps-artane raudåte (Calanus finmarchicus) og ishavsåte (Calanus glacialis), som ein del av EvoCal-prosjektet.

– Vi skal undersøka korleis raudåta og ishavsåta toler auka temperatur, havforsuring og endring av mengd salt i havet, forklarer forskar Allison Bailey frå Polarinstituttet, og viste statsråden nokre eksemplar av dei millimeter småe hoppekrepsane, samla inn under forskingstokt i sommar i Kongsfjorden på Svalbard.

Men sjølv om hoppkrepsar er små, så er dei svært viktige.

– Hoppekreps er livsviktig føde for fleire marine artar som polartorsk, atlantisk torsk, kval og sjøfugl fordi dei er svært talrike og inneheld ei olje som er full av energi, opplyser PhD-student Kristin Heggland frå instituttet.

BYTTEDYR FOR TORSK  Forsker Allison Bailey studerer hoppekreps i laboratoriet. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Flyter med havstraumane 

Raudåta og ishavsåta kallast òg plankton, det betyr at dei flyt passivt med havstraumane og ikkje kan velja sjølv kor i verda dei er.

–  Dei flyt rett og slett berre med straumen, og det er fysiologien deira som avgjer om dei overlev og trivast i eit område eller døyr ut, seier Heggland. 

ENERGIRIK – Hoppekreps er livsviktig føde for fleire marine artar som polartorsk, atlantisk torsk, kval og sjøfugl fordi dei er svært talrike og inneheld ei olje som er full av energi, opplyser PhD-student Kristin Heggland frå instituttet. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Torkelarvenes matfat under lupen

Torskelarvar er til dømes heilt avhengige av Calanus-artane for å kunna overleva, og sidan torsken er ein art med stor kulturell og økonomisk tyding er det difor viktig å ha ei forståing for korleis klimaendringar verkar inn på det viktigaste byttedyret til torskelarvane. For å finna meir ut om korleis klimaendringane påverkar hoppekreps vert raudåte og ishavsåte samla inn frå ulike stader på Svalbard og langs Noregs kyst frå område som har ulikt miljø for å samanlikna fysiologiske grenseverdiar.

– Om grenseverdiane er ulike mellom lokalitetane tydar dette på at raudåta og ishavsåta, i fortida, har tilpassa seg det lokale miljøet noko som betyr at dei har eit potensiale til å gjere dette òg i framtida, opplyser Bailey.  

HOPPEKREPS I RØYR Forskar Allison Bailey viser fram gjestene eit akvaria som inneheld 48 røyr med ein hoppekreps i kvart røyr. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

 48 hoppekreps i røyr

Under statsrådsbesøket viste forskarane fram eit akvaria som inneheld 48 røyr med ein hoppekreps i kvart røyr. Desse røyra er kopla til eit automatisk system som styrer når vatnet blir skifta ut i kvart enkelt røyr, sånn at det er mogleg å gradvis endra miljøet i røyra (temperatur, pH eller saltholdighet).

– Medan miljøet endrar seg i vatnet, målar me oksygenforbruket til kvar av dei enkelte 48 hoppekrepsane  kontinuerleg. Oksygenforbruket kan reknast om til energiforbruk og dermed brukast som ein indikator for å sjå om hoppekrepsa vert stressa når miljø faktorane vert endra, fortel Bailey.

Sidan EvoCal prosjektet nett starta finnast det inga svar enno – så hald eit auga ope for oppdateringar på framgangen i prosjektet!

EvoCal prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd.

 

EIN HOPPEKREPS Røyra med hoppekreps er kopla til eit automatisk system som styrer når vatnet blir skifta ut i kvart enkelt røyr. Foto: Kristin Heggland / Norsk Polarinstitutt