Regjeringa vil styrka drifta av den norske forskingsstasjonen Troll med 15 millionar. 

TROLL FLYSTRIPE Flystripa ved Troll er open gjennom sommarsesongen frå november til februar. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt 

I statsbudsjettet forslår regjeringa å auke Norsk Polarinstitutt sitt budsjettet frå 328 til 342 millionar kroner. 15 millionar av desse er sette av til styrking av den vidare drifta til den heilårige forskingsstasjonen Troll i Antarktis. Løyvinga frå regjeringa er vel trengde pengar.

– Med denne auken i løyvinga  kan vi driva Troll vidare som ein heilårstasjon  på ein trygg og sikker måte òg i meir utfordrande tider, som vi har i år med koronapandemien. Løyvinga frå regjeringa vil bidra til å ta vare på Noregs interesser i Antarktis, seier direktør Ole Arve Misund frå Norsk Polarinstitutt.

NATURMILJØ I ENDRING – Naturmiljøet i Antarktis er svært viktig å følgja med på, noko vi òg har kommunisert til eigarane våre i Klima- og miljødepartementet. At det no kjem ei større satsing til drift av Troll understrekar at den politiske leiinga i landet tar arbeidet som skjer på  Troll med alvor, noko vi er fornøgd med, seier direktør Ole Arve Misund. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Kornapandemien vart kostbar 

På grunn av koronaviruset må Polarinstituttet i år leige privatfly for å hindre smitte når det skal fraktast personell til og frå Troll kommande sommarsesong som opnar seinare i haust. Vanlegvis har vi kunna fly vanleg rutefly til Cape Town, og deretter med charterfly til Troll, men det er ikkje mogleg no i korona-tida.

Det betyr òg at prislappen på transporten er betrakteleg dyrare, og meir omfattande, enn tidlegare år.

– Norsk Polarinstitutt skal sørge for at dei som drar på vegne av Noreg er trygge, noko vi meiner at den operasjonen vi no har igangsett skal sikra, seier Misund.

Når det i haust blir floge inn mannskap, derav dei seks nye overvintrarane, er det første gong eit fly landar ved Troll-stasjonen sidan februar i år. Viss ein får smitte på Troll må heile stasjonen troleg evakuerast, noko som vil gjera det vanskeleg å utføra samfunnsoppdraget om å ha helårsdrift på stasjonen.

Sentrum for klima- og miljøstudiar 

Troll er viktig sentrum for den norske forskings- og miljøovervakinga i Antarktis, i tillegg til at også andre land drar nytte av ressursane ved stasjonen, sett i lys av at det antarktiske kontinentet blir kopla til issmelting og havnivåstigning. 

I og rundt Troll føregår det biologisk, glasiologisk og geologisk feltarbeid i sommarsesongen, og stasjonen er  heilårsbase for kontinuerlege, langtidsovervakingsserier innanfor meteorologi, stråling, atmosfære, øvre atmosfære, miljøgiftar og seismologi.

Naturmiljøet i Antarktis er svært viktig å følgja med på, noko vi òg har kommunisert til eigarane våre i Klima- og miljødepartementet. At det no kjem ei større satsing til drift av Troll understrekar at den politiske leiinga i landet tar arbeidet som skjer på  Troll med alvor, noko vi er fornøgd med, understrekar Misund.

Les meir om statsbudsjettet her