Spektakulære historiar frå isøydet er berre nokon tastetrykk unna.

 

VELKOMMEN Håper folk som vil utforske Antarktis-tema vil taste seg inn i databasen. Den er gratis og open for alle, seier prosjektleiar og bibliotekar Petr Masat. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Visste du at Noreg snappa Dronning Maud Land framfor nasen på Adolf Hitler, at Antarktis er det tørraste kontinentet på kloden eller at luftboblar i innlandsisen inneheld kunnskap som går 900 000 år tilbake i tid?

I ein ny bibliografisk offentleg database frå Norsk Polarinstitutt, Antarktis-bibliografi, finst informasjon om desse sakane, og mykje meir. 

Frå 1884 til i dag

Totalt er over 3000 verk om Antarktis, frå 1800-talet og fram til i dag, samla i nyvinninga. Det har bibliotekarane Petr Masat og Ivar Stokkeland vore med å sørgja for.

– I databasen finst det tekstar frå naturvitskapane, politikk, historie og andre felt, frå den eldste kvalfangstlitteraturen frå 1894 til dagens polarforsking, fortel prosjektleiar Petr Masat.

I databasen blir alt sør for 60 grader definert som Antarktis, i tillegg inngår litteratur frå det norske bilandet Bouvetøya i Sør-Atlanteren.

Forskingsartiklar, ekspedisjonsdagbøker, heftar, faktabøker og skjønnlitteratur utgjer hovudinnhaldet. Dei eldste publikasjonane handlar mest om kvalfangst og ekspedisjonar. I nyare tid er det den internasjonale polarforskinga som dominerar.

NY TID Dei eldste publikasjonane i databasen handlar om kvalfangst og ekspedisjonar. I nyare tid er det den internasjonale polarforskinga som dominerar. På bilete arbeidar eit forskarlag på havisen i Sørishavet under ein ekspedisjon i 2022. Foto: Samuel M. Llobet / Norsk Polarinstitutt 

Gravearbeid

Kriteriet for at noko skal inngå i databasen er at litteraturen må ha minst éin norsk forfattar, publikasjonsstad må vera Noreg eller det må ha utspring eller tilknytning til eit norsk forskingsprosjekt

Kanskje ein smule «navleskodande», men å samla all verdas Antarktis-litteratur ville vera eit svært ambisiøst prosjekt? 

– Ja, det har vore mykje jobb bare med å lande den norskrelaterte Antarktis-litteraturen. Vi blir vel heller aldri ferdig med å mate databasen, sidan han skal oppdaterast etter kvart som nytt innhald blir publisert, seier Masat.

KRONAR I SIKTE Kvalfangsten i Antarktis var ein kjærkomen inntektskjelde for Noreg. På bilete er ein av kvalskutane i aksjon sør på kloden. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Vestfold – sentral i norsk kvalfangsthistorie  

Masat har brukt mange timar på å grave etter bøker og anna skriven informasjon om Antarktis i hyllane på polarinstituttet sitt bibliotek og i alskens databasar.

Undervegs har han vorte nærare kjent med fleire av faga. Nokre funn overraska han meir enn andre.

– Eg oppdaga at Vestfold var sentral i kvalfangstlitteraturen om Antarktis. Eg blei litt overraska over at ein del av vesle Noreg var ein så stor aktør på andre sida av kloden. Etter kvart som eg undersøkte meir ser eg at det ikkje er tilfeldig, seier Masat, som sjølv er frå Tsjekkia.

NORVEGIA-EKSPEDISJONEN  Sandefjord-reiaren Lars Christensen utrusta mellom anna ni vitskaplege ekspedisjonar til Antarktis. Kona Ingrid Christensen (t.v.)  var med på fire av dei, ho blei og den første kvinna som sette sin fot på fastlands-Antarktis. Foto: Norsk Polarinstitutt  

Polarutforsking på kvalfangstprofitt  

I første halvdel av 1900-talet var kvalfangsten i Antarktis og Sub-Antarktis ei svært kjærkomen inntektskjelde for ein ung nasjon og la mykje av grunnlaget for at Noreg blei ein polar stormakt.

Mykje av denne aktiviteten var finansiert av vestfoldingane Lars Christensen og Carl Anton Larsen, som i stor grad hyra inn kvalfangstarbeidarar frå dei heimlege traktane. Opptil 70 prosent av fangstfolka kom frå Vestfold.

Hvalfangstpionéren Lars Christensen utrusta ni vitskaplege ekspedisjonar til Antarktis og deltok sjølv på fire av dei, saman med kona Ingrid Christensen, som var den første kvinna som sette sin fot på fastlands-Antarktis.

Lars Christensen finansierte mellom anna dei fire Norvegia-ekspedisjonane, den første ekspedisjonen annekterte Bouvetøya for Noreg 1. desember 1927.

Kvalfangstmuseet som var bygd i 1917 blei  overlevert til Sandefjord kommune som gåve frå Lars Christensen

FORSKINGSVERKTØY Seniorrådgivar Christina Alsvik Pedersen ser fram til å utforske innhaldet i Antarktis-databasen. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

– Nyttig 

Ei viktig målgruppe for databasen er spesielt forskarar og andre som arbeidar med antarktistemaer. Seniorrådgivar Christina Alsvik Pedersen frå polarinstituttet jobbar til vanleg mykje med Antarktis-sakar, og ho har følgt utviklinga av databasen sidan ideen om den blei lansert for over tre år sidan. Ho gler seg til å utforske innhaldet.

– Det er veldig bra at den norske Antarktis-litteraturen no er blitt samla. Databasen blir eit viktig verktøy for å finne fram både historiske og nyare publikasjonar om ulike tema eller geografiske område. Mange av referansane har også lenkjer til fulltekstversjonane, som vil tilgjengeleggjera litteraturen for endå fleire, seier Alsvik Pedersen.

BOUVETØYA Det norske bilandet Bouvetøya er ei av fem geografiske søkeområdar i Antarktis-databasen. På bilete slår ein sørkjempepetrell ut vingane medan ein elefantsel beskuar det heile frå ei steinstrand på Bouvetøya. Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Fem geografiske områdar

I databasen kan ein søke på tittel og forfattar, og filtrera på nøkkelord. Mange av referansane har direktelink til publikasjonar. Det er også mogleg å søke i fem geografiske områdar; Sørishavet, Antarktis, Dronning Maud Land, Peter I. Øy og Bouvetøya.

Petr Masat understrekar at fleire kollegar har vore med å utvikla bibliografiarkivet, frå teknisk personell som webutvikler Massimo di Loreto til forskarar frå ulike fag.

– No kan vi hausta fruktene av innsatsen til mange. Håpar folk som vil utforska Antarktis-tema vil taste seg inn i databasen, som er gratis og open for alle, velkommen, avrundar Masat.