Eg har vore på Grønland og opplevd store ting.

Faktisk meir enn eg var klar over.

Canadiske Kit Kovac framme i helikopteret med piloten. I baksetet sit sørlendingene Harald Dag Jølle (t.h.) og Christian Lydersen. Foto: Harald Dag Jølle

Me er på 79 grader nord, heilt inne i fjøresteinane på kysten av Aust- Grønland. Eg sit i ei open helikopterdør. Det einaste som skil meg frå det arktiske vatnet under oss, er Christian Lydersen – som heng ut av helikopteret med eit kjempestort lufttrykksvåpen og siktar på ein 100 tonn tung grønlandskval.

Eg har fått verdas beste sommarjobb, eg er klar over det. Eg er kvalforskarassistent for Christian Lydersen og Kit Kovacs frå Norsk Polarinstitutt, eit særeige forskarektepar som studerer alt som er stort og sym i kaldt vatn. No leitar dei etter grønlandskvalen, verdas nest største skapning, ei saktesymjande kjempe som kan bli over 200 år gamal.

  • Denne reportasjen blei fyrst publisert i Dag og Tid (artikkelen blir og lesen opp) 
  • Reportasjen finst og som podkast

 

Merking av narkval. Foto: Harald Dag Jølle / Norsk Polarinstitutt 

Nærast utrydda 

Det var denne kvalen som fylte fjordane på Spitsbergen, og som britiske og hollandske kvalfangarar nærast utrydda i jakta på rikdomar på 1600- og 1700-talet.

Lenge var folk overtydde om at spitsbergenstamma av denne kvalarten, som lever mellom Grønland og Frans Josefs land, vart utrydda. Frå siste verdskrigen til 1980 vart han berre observert tre gonger. Seinare har forskarane funne ut at han likevel hadde klart seg. Men ein må langt inn i isen for å finne han. Sannsynlegvis var det dei med størst dragning mot is som overlevde den brutale jakta på oljeressursar.

Eg kunne skrive mykje om dette fasinerande dyret. Til dømes kunne eg nytta Christian Lydersens bilete for å vise kor stor han faktisk er: Ein vaksen isbjørn er omtrent like stor som ein halv testikkel på grønlandskvalen. Men denne artikkelen handlar ikkje først om fremst om kvalen og lagnaden hans, men om kva som kan hende når ein historikar reiser ut i felt utan å ha gjort heimeleksa si.

Kit Kovacs har kontroll på det meste. Foto: Harald Dag Jølle / Norsk Polarinstitutt

Assistent og forfattar 

For å kome til nordaustkysten av Grønland, som er ein av dei mest avsidesliggjande kyststripene på den nordlege halvkula, er me om bord på forskingsskipet «Kronprins Haakon», på polarinstituttets årlege tokt til Framstretet.

Og eg er altså her som handlangar. Det inneber mellom anna å sitje i helikopteret og lade våpena til Christian, som skyt ein GPS-sendar inn i spekket på kvalen. Signala blir sende ut via verdsrommet og heim til Tromsø, slik at Kit og Christian kan lære meir om kor dette sjeldne dyret sym, og kor djupt og lenge det dykkar.

Samstundes får me ein biopsi frå kvalen, altså eit stykke skinn og spekk, som kan fortelje ein heil del om kvalens helsetilstand, kor mykje miljøgift han har i kroppen, genetikken hans og andre tilhøve som alt i alt aukar kunnskapen forskarane får om kvalen og framtidsutsiktene hans.

Men eg er her også fordi eg skriv ei bok der eg portretterer nokre av dagens forskarar, mellom andre Kit og Christian, og jamfører problemstillingane deira med spørsmåla som sende tidlegare polfararar inn i isen på jakt etter kunnskap.

Forskingsskipet «Kronprins Haakon». Foto: Harald Dag Jølle / Norsk Polarinstitutt

Ein sensasjon 

Frå lufta har me orkesterplass til å leite etter dei store kvalane i det klåre vatnet. Me finn, merkjer og tek biopsiar av ei rekkje narkvalar – den elegante symjaren, med det lange nasespydet, som sendar tankane attende mot førhistoriske vesen.

Men grønlandskvalen lèt vente på seg – til 10. august, nesten to veker etter at me forlét Longyearbyen på Svalbard. Då opplever me noko som knapt nokon forskar nokon gang har opplevd. Det kokar med grønlandskval i sjøen under oss, minst tjue stykk av denne sjeldne kjempa, og etter intense timar med aktiv flyging har Christian plassert ei høgteknologisk pil i ryggen på i alt ti av dei.

Alt går på skinner. Og det er ikkje sjølvsagt. Piloten skal flyge inn med rett fart, medan Kit har kontroll på høgde, retning og kvalens posisjon. Christian skal sikte – og ikkje minst trekkje av i rett augneblink, før kvalen forsvinn under vassflata.

– Grønlandskvalen lèt vente på seg, til 10. august, nesten to veker etter at me forlét Longyearbyen på Svalbard. Då opplever me noko som knapt nokon forskar nokon gang har opplevd. Det kokar med grønlandskval i sjøen under oss, minst tjue stykk av denne sjeldne kjempa, skriv Jølle. Foto: Harald Dag Jølle / Norsk Polarinstitutt 

Det einaste rusket i maskineriet denne dagen er at me øydelegg ein hov når me skal plukke opp ei utskytingshylse, altså den delen som følgjer GPS-sendaren ut av geværet. På desse hylsene sit det att ein biopsi frå kvalen. Det er derfor svært viktig å få tak i han igjen.

Etter å ha henta ein ny hov hjå «Kronprins Haakon» finn me hylsa skylt i land på ei einsam strand. Helikopteret tek ein rask stopp på bakken. Eg hoppar ut, set nokre spor i det skrinne jordsmonnet og kjem attende med både hylsa og den verdifulle spekkprøven frå kvalen.

– Du er sikkert den einaste som nokon gong har vore i land på den aude stranda, seier Christian med eit smil når me igjen er i lufta og flyg heim mot «Kronprins Haakon» og kveldsmaten.

Ekspedisjonsleiar Ludvig Mylius-Erichsen vart igjen i
isen på 79 grader nord. Foto: M/S Museet for Søfart

«Danmark-ekspedisjonen» 

På veg attende mot Svalbard, om bord på forskingsskipet, kjem tåka sigande. Ho gjer ofte det om somrane i polarisen. Helikopteret blir ståande fortøydd i hangaren. Og me får all verdas tid til å fordøye inntrykka frå nokre eventyrlege dagar i det storslegne landskapet.

Eg tek fram kartet og byrjar å sjå på stadnamna frå denne kyststripa. Her er ikkje, som elles på Grønland, inuittiske namn. Det nordaustlege Grønland hadde inga tradisjonell busetjing då området vart utforska i byrjinga av 1900-talet. Nokre stadnamn er prosaiske, som Nioghalvfjerdsfjorden, som ligg, ja, nettopp, på 79 grader nord.

Mange område er oppkalla etter kongelege og andre namngjetne personar, som til dømes Kap Nansen, lengst nord på Norske Øer. Andre er meir spenstige. Favoritten min blant polare stadnamn er tvillaust Jomfru Tidsfordriv Fjord. Denne vesle, smale fjorden på Lambert Land skal ha blitt kalla opp etter ei kvinne som var kjend i bybiletet i København i åra rundt 1900.

«Danmark»-ekspedisjonen frå 1906–08 var den første som sette sledespor nordover på denne kysten. Amerikanaren Robert Peary og nordmannen Eivind Astrup hadde i 1892 nådd inst i ein av dei store fjordane på nordsida av Grønland, men lenge var det nordaustlege hjørnet av denne enorme øya ein stor kvit flekk på kartet.

Våren 1907 drog ekspedisjonsleiar Ludvig Mylius-Erichsen, kartograf Niels Peter Høeg Hagen og grønlendaren Jørgen Brønlund nordover. Etter å ha utforska ein stor fjord på nordkysten som dei kalla Danmark Fjord, lét Mylius-Erichsen seg freiste til å dra inn i Independence Fjord for å leite etter den kanalen Peary hadde påstått skulle skilje Peary Land frå resten av Grønland. Det vart ei skjebnesvanger avgjerd. Dei fann ingen kanal – naturleg nok, sidan kanalen berre fanst i hovudet til Peary. Men omvegen tok så mykje tid at dei tre karane ikkje rakk sørover før sjøisen gjekk i oppløysing. Dei måtte kort og godt vere på nordspissen av Grønland sommaren over.

«Danmark»-ekspedisjonen i 1906–08 var den fyrste som utforska det nordaustlege hjørnet av Grønland. Dramaet som ekspedisjonen opplevde, har sett djupe spor i dansk polarhistorie.

Den desperate heimturen 

Kva som eigentleg skjedde på returen, veit me ikkje i detalj. Men me veit at dei tre karane sleit seg gjennom sommaren. Dei fann lite dei kunne skyte. Dei svalt. Dei sleit ut utstyret.

Og dei venta lengselsfullt på at hausten skulle kome og at isen på sjøen skulle fryse att, slik at dei kunne køyre hundesledane attende til ekspedisjonsbasen Danmarkshavn. Samstundes vart det mørkare og mørkare og vanskelegare og vanskelegare å jakte. Dei måtte slakte hundane for å få mat. Då mista dei samstundes trekkraft til sledeferda.

Jørgen Brønlund vart funnen neste vår av Johan Peter Koch, som hadde reist ut frå Danmarkshavn for å leite etter dei sakna kameratane sine. Den dyktige fangstmannen Brønlund hadde klart å kome attende til eit depot, men måtte gi tapt her. I dagboka fortalde han nøkternt og gripande kva som hadde skjedd: «Omkom 79 Fjorden efter Forsøg hjemrejse over Indlandsisen, i November Maaned jeg kommer hertil i aftagende Maaneskin og kunde ikke videre af Forfrosninger i Fødderne og af Mørket.» Deretter skriv han eit ord som han stryk over: «Aarsagen». Kanskje hadde han tenkt å kome med ei forklaring på kvifor alt gjekk gale. I staden heldt han fram, i same nøkterne stilen: «andres Lig findes midt i Fjorden foran Bræ (omtrent 2 ? Mil). Hagen døde 15. november og Mylius omtrent 10 dage efter.»

«Hvilken saga i de få linjer!», skreiv Fridtjof Nansen etter å ha sitert Brønlunds avskilsord i innleiinga til Nord i Tåkeheimen – «Kulturen sænker sine faner ved denne Eskimos grav». Nansen nytta historia om dei tre karane som hadde slite seg sørover etter den «lange håbløse sprængferd», som eit døme på alle dei som hadde mista livet i kampen om meir kunnskap om planeten vår.

Kjennskapen til kva som skjedde dei siste månadene av ferda, har me frå Brønlunds sporadiske dagbok. Men det er samstundes mykje me ikkje veit. Det kjem ikkje av manglande interesse. For lagnaden til Brønlund, Mylius-Erichsen og Hagen er det store dramaet i dansk polarhistorie. Ei rekkje ekspedisjonar har leita etter spor frå desse karane. Og framleis er folk overtydde om at Mylius-Erichsen og Hagens dagbøker og kart må finnast ein stad i dei enorme landområda nord på Grønland.

Det er samstundes mykje mystikk rundt funnet av Brønlund. Er det til dømes truverdig at Koch, som fann han, ikkje drog vidare og leita etter Mylius-Erichsen og Hagen, slik han hevda? Ifylgje Brønlunds dagbok låg dei to lika framom ein bre, på sjøisen, knappe 20 kilometer unna. Dei ville tvillaust forsvinne til havs når sumaren kom. Kvifor tok ikkje Koch den relativt korte turen? Eller gjorde han det? Kanskje hadde han vore der og sett ting han ikkje kunne fortelje om? Og kvifor skulle alle på «Danmark»-ekspedisjonen halde tyst om det dei visste, då dei kom heim att? Slike og mange andre spørsmål er stilte og diskuterte i tallause artiklar og bøker om denne myteomspunne ekspedisjonen.

Grønlendaren Jørgen Brønlund mista livet i eit desperat forsøk på å nå attende til ekspedisjonsleiren. Før han døydde, skreiv han ei kort melding om kva som hadde hendt. Teikning av Achton Friis

Brønlunds grav 

Grava til Brønlund vart gjenoppdaga av ein sledeekspedisjon i 1963. Dei reiste ein ny varde med ei minneplate og la Brønlunds lik i ei aluminiumskasse. Sommaren 1984 fekk han ei ny gravferd. Då vart dei jordiske restane hans lagde i ei steinkiste.

Attende i Tromsø les eg meg opp att på «Danmark»-ekspedisjonen. Eg kjenner hovudtrekka i historia godt, men i mi villfaring trudde eg at Brønlund vart funnen i Danmark Fjord. Plutseleg forstår eg at me har floge i området der dramaet utspelte seg for snart 125 år sidan. Det ergra meg grundig at eg ikkje var betre førebudd. Då kunne eg heilt sikkert overtydd piloten om å ha tatt ein runde over åstaden – og grava til Brønlund.

Det tek fleire veker før Christian og Kit kjem heim frå årets feltsesong på Svalbard. Dei har framleis mange store sjøpattedyr som skal undersøkjast og merkjast.

Men då dei endeleg er attende, stormar eg inn på kontoret til Christian. Eg vil vite kvar, heilt nøyaktig, eg var på land og plukka opp hylsa me mista.

Christian finn fram posisjonane på alle kvalane me har merkt. Så finn han fram eit digitalt kart på PC-en. Han zoomar inn.

Her, seier han, og følgjer kysten ytst på Lambert Land med musepeikaren.

– Akkurat her, rundt den odden.

Eg frys til. På det digitale kartet dukkar det opp ein prikk. Deretter eit stadnamn.

– Det er ikkje mogleg, seier eg til Christian.

Eg har vore der utan å ha vore klar over det!

Christian ser spørjande på meg. Så snur han seg mot kartet på skjermen – og les: – Brønlunds grav.