…og bilde av vêrballong på veg opp til himmels. Bilda stammar frå Jan Mayen – og Polarinstituttets bildearkiv.

Beerenberg. Foto: Audun Hjelle / Norsk Polarinstitutt 

Beerenberg, Noregs einaste og den nordlegaste aktive vulkanen i verda, blir vist i fullt utbrot på eitt av to frimerke Posten nyleg gav ut med motiv frå Jan Mayen.

Det andre frimerket viser oppsending av ein vêrballong, og markerer den meteorologiske verksemda Noreg har hatt på Jan Mayen heilt sidan 1921.

Utgivinga er ein del av serien Polare frimerke frå Posten. Tidlegare er frimerke frå Bouvetøya (2018) og Antarktis (2019) utgitt i denne serien. Serien er meint å visa Noregs nærvær og aktivitet i polare strauk både nord og sør på kloden, skriv Posten i ei pressemelding.

Motiv frå Beerenberg er tatt i 1970 av no avdøde Audun Hjelle, som var mangeårige geolog ved Norsk Polarinstitutt.

Bilde av oppsending av vêrballong tok Odd Kindberg i 1974 då han overvintra på Jan Mayen. Kindberg har sidan gitt dette og ein mengde andre bilde i gåve til Polarinstituttet som tar vare på bilda i bildearkivet. Det er òg frå dette bildearkivet Posten har henta motiva til dei nye frimerka frå Jan Mayen.

– Det er alltid hyggeleg å sjå at bilde frå arkivet pryda frimerke, seier bildearkivar Ann Kristin Balto.

Bildearkivet består av cirka 87 000 digiotaliserte fotografi, mange gitt i gåver frå tilsette og andre som gjennom historia har opphald seg i polare strøk. 

Les meir om Jan Mayen

 

Oppsending av vêrballong. Foto: Odd Kindberg / Norsk Polarinstitutt