Gunnar Isachsen tok initiativet til den første norske kartleggingsekspedisjonen på Svalbard. Isachsen var militært utdanna, han hadde offisersgrad i kavaleriet med tittelen rittmeister. Tidleg på 1900-talet var oppmåling og topografisk kartlegging ein disiplin på Krigsskulen, og Isachsen hadde denne utdanninga.

Frå 1898 til 1902 var Isachsen med som topograf på Otto Sverdrup sin ekspedisjon med Fram til Grønland og Canada, han kartla fleire av dei nordlege øyane i Canada.

I 1905 tok Isachsen kontakt med fyrst Albert av Monaco, som var havforskar, og som planla ein tur til dei nordlege farvatna året etter. Isachsen fekk vere med fyrsten, og han fekk leie sin eigen topografiske og geologiske kartleggingsekspedisjon. Isachsen ville til den nordvestre delen av Spitsbergen, og han ville innover i landet.

Gruppebilde av mannskap på en båt

Deltakarane på fyrst Albert I av Monaco sin ekspedisjon til Svalbard, 1906. Fyrsten sjølv er nr. 3 frå høgre og Gunnar Isachsen nr. 4 frå høgre i fremste rekke. Alfred Koller til venstre for Isachsen og Arve Staxrud lengst til høgre i den bakre rekka. Foto: Norsk Polarinstitutt

Isachsen hadde med seg to andre topografar (Arve Staxrud og Alfred Koller), ein geolog (Hans. H. Horneman), ein lege (Ferd. Loüet) og tre norske assistentar (utan namn!). Arbeidet som skulle gjerast, var vardebygging på fjelltoppar, målebordsmålingar og fotografering av terrenget. Ekspedisjonsmedlemmane drog tunge sledar opp fjellsidene, måleutstyret var tungt, i tillegg måtte dei jo ha med seg både telt, proviant og kokeutstyr.

Mann står foran telt og slede, i bakgrunnen snedekket fjell

Feltleir og utstyr. Foto: Norsk Polarinstitutt

Målebordsmålingar

Metoden for topografisk kartlegging den gongen var altså såkalla målebordsmålingar, ein metode som hadde blitt utvikla gjennom fleire hundreår.

Ei kvadratisk treplate (ca. 60×60 cm) blei festa på eit trefota stativ med ei libelle som sytte for at treplata var i vater horisontalt. Oppå plata festa ein teiknefolie eller papir med stramme klemmer slik at det skulle ligge i ro. Midt under plata hang ei loddsnor som gjorde at punktet i terrenget kom i sentrum av teiknepapiret. Kompass sytte for rett retning på målingane. Med ein messinglinjal teikna ein strekar mot andre markante punkt som var målt frå tidlegare eller som skulle målast seinare. Slik kunne ein måle vinklar i eit trekantnett som blei satt saman til eit kart.

På linjalen var det fastmontert ein kikkert som kunne vippast opp og ned, denne vertikalvinkelen gjorde at ein kunne rekne ut høgdeforskjellen på det punktet ein målte frå og til det punktet ein målte mot.

to menn bygger varde på snedekket fjell

Vardebygging på fjelltopp, 1906. Foto: Norsk Polarinstitutt

mann med måleapparat på tripod på fjell

Gunnar Isachsen måler inn ein varde nordvest på Spitsbergen. Foto: Norsk Polarinstitutt


Det blei også tekne mange fotografi av fjella og utsikta frå toppane, slik at terrenget seinare kunne gjenskapast så godt som mogleg på kart.

Rapportane fortel at Isachsen og mannskapet hans fekk utført mange målingar feltsesongen 1906: 1930 km² blei til saman kartlagde i målestokk 1:100 000, i området nordaust for Krossfjorden og sør for Smeerenburgfjorden og Liefdefjorden. I tillegg blei frontane til Lilliehöökbreen og 14. Julibreen målt opp i respektive 1:25 000 og 1:10 000. I botn av Magdalenefjorden blei også målt inn eit kart i målestokk 1:10 000.

Mange nye stadnamn følgde også av denne kartleggingsekspedisjonen. Opphaveleg blei namna laga på fransk, sia det var Prinsen av Monaco som hadde finansiert turen. Etter at Svalbard blei norsk, vart namna fornorska. Eksempel på namn er desse, som til og med viser til målemetoden under karlegginga av dei:

Kaffitoppen

Mountain peak, 974 m, about 11 km southeast of Magdalenefjorden, Albert I Land. Ascended by A. Staxrud and others of the Isachsen expedition on August 25, 1906 for plane-table surveying. K. = the coffe peak. Staxrud made his coffee at the summit.

Karl Pettersenfjellet

Mountain peak, 958 m, 8 km southeast of the head of Magdalenefjorden, Albert I Land. After Karl Johan Pettersen, 1826-90, Norwegian geologist, customs treasurer in Tromsø, one of the founders of Tromsø Museum. He wrote several papers on Spitsbergen and the Arctic. See also Kapp Pettersen and Pettersenbreen. Ascended by A. Staxrud with assistants of the Isachsen expedition on Aug. 23, 1906 for plane table work.

mann skrivei en bok i et telt

Arve Staxrud fører feltdagbok. Foto: Norsk Polarinstitutt

Tre menn tar en kaffepause ved en varde på et fjell

Kaffipause og vardebygging. Foto: Norsk Polarinstitutt

fjell

Fotografering av landskapet var ein viktig del av kartleggingsarbeidet. Foto: Norsk Polarinstitutt

Kjelder:

Hoel, Adolf: The Norwegian Svalbard expeditions 1906-1926. Oslo: Dybwad, 1929. (Skrifter om Svalbard og Ishavet; 1)

Harsson, Bjørn Geirr og Aanrud, Roald: Med kart skal landet bygges: oppmåling og kartlegging av Norge 1773-2016. Hønefoss: Statens kartverk, 2016.