Feire stader i Dronning Maud Land, der Troll-stasjonen ligg, har stadnamn med klare referansar til det norske motstandsarbeidet under krigen. 

Mann lener seg på verandagelender

Motstandsmannen Tore Gjelsvik var direktør ved Norsk Polarinstitutt i åra 1960–1983. Foto: Norsk Polarinstitutt

Tore Gjelsvik, som var direktør for Norsk Polarinstitutt frå 1960, sørga for å gjere minnet om dei norske motstandheltane udødeleg i antarktiske fjell. Gjelsvik som sjølv hadde hatt ei sentral rolle i motstandskampen under andre verdskrigen, heidra innsatsen med å namngi fjellområda Heimefrontfjella og Lingetoppane.

Heimefrontfjella

Døme på namn i fjellkjeda Heimefrontfjella1 i dei vestlege delane av Dronning Maud Land  er Milorgfjella, XU-fjella, Lingetoppane, Sønstebynuten, Baalsrudfjellet, Sivorgfjella og Tottanfjella. Fjella vart observerte og flyfotografert under Maudheimekspedisjonen i 1949–52. 

Teltleir med ski utfor i snøen, to personer og flrere hunder står utfor

Noreg deltok på den britisk-svensk-norske Maudheimekspedisjonen i 1947-49. Ekspedisjonen var den første verkelege internasjonalen vitskaplege ekspedisjon til Antarktis, planlagt under leiing av Harald U. Sverdrup og gjennomførd med John Giæver som ekspedisjonsleiar, begge frå Norsk Polarinstitutt. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Baalsrudfjellet

Namngitt etter løyntanten og motstandsmannen Jan Baalsrud, som vart angripe av tyske styrkar under landingsoperasjonar i Troms. Jan Baalsrud klarte, med livet som innsats og med hjelp frå lokale innbyggarar, å berga seg ved å flykta frå Gestapo, og etter to månaders strabasiøs ferd nådde han svenskegrensa  og fridommen. 

Johansenbotnen

Namngitt etter Einar Johansen frå Tromsø. Etter opplæring i Storbritannia returnerte han til Nord-Noreg i 1942 og bygde opp eit nett av radiosendarar som bidrog til at det tyske krigsskipet Tirpitz kunne senkast utanfor Tromsø i 1944.